Valnemnda i Norges Fjordhestlag har avslutta sitt arbeid, og legg fram innstilling til årsmøtet på at Hege Sæther Moen tek over leiarvervet i Norges Fjordhestlag.

Noverande leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen, har styrt skuta sidan 2012, men har i år vald å ikkje ta attval. Valnemnda har arbeidd lenge med å finne den beste kandidaten til å ta over leiarvervet, og valet fall på Hege Sæther Moen.

Hege Sæther Moen er 50 år og kjem opphavleg frå Kirkenes. No er ho busett i Surnadal i Møre og Romsdal med familien sin. Ho har utdanning frå landbrukshøgskule, og lang erfaring med fjordhest.

«Vi er glade for at Hege Sæther Moen har vald å takke ja til å bli innstilt som ny leiar i Norges Fjordhestlag, og vi syns vi har funne ein veldig god kandidat til vervet» seier leiar i valnemnda, Nils Magne Gjengedal.

Det er ei einstemmig valnemnd som står bak denne innstillinga. «Vi i valnemnda er sikre på at ho vil gjere ein veldig god jobb for fjordhesten og Norges Fjordhestlag dersom ho vert vald til leiar under årsmøtet i mai» seier Gjengedal.

Valnemnda si fulle innstilling kan du lese i årsmeldinga, som du finn i «Fjordhesten» nummer 01-19.

Hege Sæther Moen deltok i opne klasser under NM i køyring med hoppa Solli Rhea.