Den årvisse hingsteutstillinga for fjordhest er i gong på Nordfjordeid. Under utstillinga vert 70-årsjubileet til Norges Fjordhestlag markert.

av Ingvild Rydjord Hansen

Årets hingsteutstilling er den største på mange år, med heile 43 melde hingstar. Første post på programmet, utvida bruksprøver for hingstane som vart kåra i fjor, er allereie i gong.

Stor deltaking

Det er fleire år sidan det sist var så mange hingstar meld til hingsteutstillinga. Av dei 43 påmelde hingstane er det to som er meldt til avkomsbedømming, to møter til den nye, obligatoriske visninga for åtteårshingstar og åtte møter til utvida bruksprøver. I tillegg møter tre ukåra fireåringar og tjue treårshingstar.

Showklasser

Norges Fjordhestlag har i år også invitert eldre, premierte hingstar til showklasse. Dette er for å sjå att hingstar som vi har vorte godt kjent med gjennom både avkom og på konkurransebana. I denne klassa får vi eit gjensyn med Lunner Gråen, Brage, Skraaruds Gråtass, Fjelltor, Veslefrikk Roman, Kornvin Freidig, Myras Viking og Søljo.

Fredag vert det arrangert showklasse for toårshingstar. Dette er for å vise fram dei flotte unghestane vi har, og i tillegg er det eit supert høve for både eigar og hest til å prøve seg i ringen på Nordfjordeid som ei «generalprøve» før dei kan møte til kåring neste år.

Jubileum

Det er i år 70 år sidan Norges Fjordhestlag vart skipa, og dette feirar vi gjennom heile veka. Onsdag inviterer utstillingsnemnda til jubileumskveld på Nordfjord Hotell, med konsert og framvisning av ein film med klipp av fjordhesten frå gamle dager. Det vert vist fram fleire bilete og filmklipp som ikkje tidlegare er vist. Sjå meir informasjon her.

Fredag kveld er det tid for festmiddag på Nordfjord Hotell, og i år vert det enno meir stas over middagen. Det vert servert treretters middag, og undervegs vil det bli program og utdeling av prisar frå Norges Fjordhestlag.

Årets utstilling blir ein stor fjordhestfest, og alle fjordhestfolk er hjarteleg velkomne til å delta. Fullstendig program for utstillinga finn du HER.