Fjordhestfolk frå heile verda var førre veke samla på Nordfjordeid for å feire Norges Fjordhestlag sitt 70-årsjubileum, og for å sjå på det flottaste fjordhesten har å by på – staselege, våryre hingstar.

Tekst og foto: Ingvild Rydjord Hansen

Årets hingsteutstilling var den største vi har hatt på fleire år, og totalt var 43 hingstar melde. Vêrgudane var tydeleg ikkje på fjordhestfolket si side, men verken snø eller regn såg ut til å affisere publikum i stor grad. Når det er hingsteutstilling er engasjementet så stort at ein har viktigare ting å bry seg om enn vêret.

Jubileumsår

Det er i år 70 år sidan Norges Fjordhestlag vart skipa, og i tillegg er arrangørlaget, Nordfjord Fjordhestlag, 100 år. Dette vart markert under heile utstillinga. Nordfjord Fjordhestlag inviterte til jubileumskveld med visning av ein film sett saman av gamle klipp av fjordhesten på utstilling og i bruk. Denne vart veldig godt motteken av publikum, som syns det var interessant med eit innblikk i fjordhesten si historie.

Laurdagens opptog gjennom Eid sentrum var også litt utanom det vanlege, både i storleik og i innhald. Fremst i toget køyrde eit tospann med fjordhestar etterfølgt av ryttarar med norske flagg, og heilt sist i toget køyrde eit firspann med fjordhestar – eit flott syn!

Showklasser

I høve jubilea vart eldre, premierte hingstar inviterte til å delta i ei showklasse under hingsteutstillinga. I denne klassa møtte Myras Viking, Søljo, Lunner Gråen, Veslefrikk Roman og Kornvin Freidig. Publikum sette stor pris på å få eit gjensyn med dei eldre hingstane, som viste seg frå si beste side. Fleire av dei deltok også i opptoget gjennom sentrum.

Førstepremierte Kornvin Freidig deltok i showklasse og opptog på hingsteutstillinga.

Alle fargane var representert

Så vidt underteikna er kjend med, er dette første gongen ein har alle fem fjordhestfargane representert på ei hingsteutstilling. Den gulblakke fargen er det langt mellom kvar gong vi får sjå, men det er heller ikkje kvart år dei andre fargane er med. I år møtte ein gulblakk, ein raudblakk, fire grå og tre ulsblakke hingstar.

Det er lenge mellom kvar gong ein ser ein gulblakk hingst på hingsteutstillinga.

Gode utvida bruksprøver

Alle hingstane som vart kåra i fjor måtte i år møte til utvida bruksprøver for å kunne oppnå premiegrad og vidare avlsgodkjenning. Av dei ti kåra hingstane i fjor møtte åtte til utvida bruksprøver. Ein hingst har fått eitt års utsetjing, og kan møte neste år.

Dei åtte hingstane som gjennomførte utvida bruksprøver var Toregardens Caiser, Helgprins, Nansen, Caron vom Eekbarg, Høgset Supermann, Fjelltuvas Søljar, Røeds Nupar og Bjørkely Prinsen. Under dei utvida bruksprøvene vert hingstane vist i dressurriding, riding i terreng, dressurkøyring, arbeidskøyring og laushopping.

Alle hingstane oppnådde gode karakterar på utvida bruksprøver. Den lågaste samla karakteren var 7,5, som slettes ikkje er eit dårleg resultat. Det var tydeleg at her har alle eigarane lagt ned eit godt arbeid i å førebu hingstane sine.

Resultat frå utvida bruksprøver:
1: Toregardens Caiser – 8,3
2: Helgprins – 8,0
3: Røeds Nupar – 7,9
4: Høgset Supermann – 7,9
5: Caron vom Eekbarg – 7,7
6: Nansen – 7,6
7: Fjelltuvas Søljar – 7,5
8: Bjørkely Prinsen – 7,5

Høgset Supermann i bakkeprøve med firhjulsvogn.
Dommarane fyl nøye med under Nansen si rideprøve.

Avkomsbedømming

To hingstar var i år innmeldt til avkomsbedømming. Tidlegare måtte hingstane møte på utstilling med avkomsgruppe før dei kunne få avkomspremie, men no vert denne bedømminga gjort ut i frå dei avkom og resultat som er meldt inn til Norsk Hestesenter. Sjølv om han ikkje trengte å møte opp, hadde Fjelltor e. Torsetblakken likevel tatt heile den lange vegen frå Danmark for å stille på hingsteutstillinga.

Fjelltor har totalt 51 norskfødde avkom med 42 ulike mødre. Tjue av desse er premiert. Han har tolv hopper med 1. eller 2. premie, ein 1. premiert son og tre soner med kåringsgrad. Han har også to avlsgodkjente soner i Sverige. Dette var nok til å kunne gi Fjelltor avkomspremie A. Fjelltor vart også kåra til dagens hingst.

Fjelltor vart kåra til dagens hest.

Den andre hingsten som var innmeldt til avkomsbedømming var no avdøde Fløgstad Odin e. Fattnes Jonas. Fløgstad Odin har hatt ein avlssesong i Noreg, som resulterte i ti avkom. Han har også avkom i Danmark. Han har to søner og tre døtre med 1. premie, ei dotter med 2. premie og ein son som oppnådde kåringsgrad. Han har også ein son med kåringsgrad og ei medaljehoppe etter seg i Danmark. Dette kvalifiserte også til avkomspremie A.

Ei kvit og to raude sløyfer

I klasse 1 møtte i år tre hingstar; Lille Ulrik, Lauvprinsen og Alme Baronen. Dei to førstnemnde er åtte år i år, og er dei første hingstane som må møte til obligatorisk vurdering i samsvar med den nye avlsplanen.

Lille Ulrik er ein gulblakk hingst e. Elvar som frå før hadde 3. premie. Dommarane syns han viste seg frå si beste side under årets utstilling, og valde å gi han 2. premie. Han vart også stilt som nummer tre i kvalitet. Lauvprinsen e. Perakrossen behaldt 2. premien han hadde frå før, og vart stilt som nummer to i kvalitet.

Alme Baronen er berre sju år, men møtte likevel til individdøming i år. Frå før av hadde Alme Baronen, som er etter Fjelltor, 2. premie, men dommarane likte han enno betre i år enn sist dei dømde han. Dei valde å gi Alme Baronen den høgthengande kvite sløyfa og 1. premie. Han vart også stilt som nummer ein i kvalitet.

Alme Baronen fekk 1. premie.

Sløyfer i raudt, kvitt og blått

I tillegg til hingstane som har vore på utvida bruksprøver, møtte tre ukåra hingstar i klasse 2. Dommarane fann ingen av desse gode nok til å sleppe igjennom nålauget. Blant dei åtte hingstane som hadde kåringsgrad frå før, måtte tre av dei reise heim utan premiegrad. Både Fjelltuvas Søljar e. Kamillas Tord og Caron vom Eekbarg e. Carlsson vom Eekbarg fekk kommentarar frå bruksprøvedommarane på knepping i bakknea. Nansen e. Kneist hadde fleire bemerkningar på beinkvalitet og beinstilling.

Tre hingstar i klasse 2 fekk blå sløyfe og 3. premie. Røeds Nupar e. Severin, Høgset Supermann e. Sofin og Bjørkely Prinsen e. Lauvprinsen gjennomførte alle gode utvida bruksprøver, og fekk i tillegg gode nok karakterar og kommentarar frå eksteriørdommarane til å kunne reise heim med avlsgodkjenning.

Røeds Nupar fekk 3. premie. Her mønstra av Ida-Elin Sunde.

Det sto att to hingstar i midten av ringen etter at dei blå sløyfene var delte ut. Helgprins e. Kamillas Tord vart stilt som nummer to i kvalitet, og dommarane ga han raud sløyfe og 2. premie. Spissen i klassa vart den typesterke hingsten Toregardens Caiser e. Severin, som også hadde beste utvida bruksprøve. Om han hadde dommarane berre fine ting å seie, og dei valde å hente fram den gjeve, kvite sløyfa.

Toregardens Caiser fekk 1. premie. Her saman med eigar Nina Bekkevold.

Ni nykåra hingstar

Det var i år meldt 20 treårshingstar, og 18 av desse møtte. Fjell Finn var den hingsten som hadde flest avkom i denne klassa, med fire stk.  Ein av dei meldte var oppdretta i Sverige og ein var oppdretta i Belgia, medan resten var norskfødde.

Fjordhesten fekk denne laurdagen ni nye kåra hingstar. Det vil sei at halvparten av dei møtte hingstane i treårsklassa oppnådde kåringsgrad, noko som vitnar om høg kvalitet både på dei frammøtte hingstane og på årgangen generelt.

Tre hingstar vart kåra utan å stå i kvalitet – Fleslands Fønix e. Alme Baronen, Soltuns Trym e. Brijol og Vamp e. Major. I midten av ringen sto det att seks hingstar, og jo fleire som vart ropt opp, jo høgare vart spenninga rundt kven som vart årets treårsspiss.

Fleslands Fønix e. Alme Baronen vart kåra.

Nummer seks i kvalitet vart Årheims Birk e. Fjell Finn, nummer fem vart Feedts Lindemann e. Alme Baronen, som også hadde beste køyreprøve med 44 poeng, nummer fire vart Lyheims Leik e. Kneist, nummer tre vart svenskfødde Härlii e. Kim Hero og nummer to vart Hallingen e. Lauvprinsen. Fremst i kvalitetsrekka og spissen i treårsklassa vart vakre Silverjo e. Søljo. Dommarane likte spesielt godt typen og preget på denne hingsten.

Silverjo sto spiss i klasse 3.
Silverjo med oppdrettar Jan Even Myklebust (t.v.) og eigar Svein Erik Hafstad.

Spesiell stemning

Hingsteutstillinga samlar kvart år fjordhestentusiastar frå heile verda. Stemninga på utstillinga er heilt spesiell, og det er ingen tvil om at dei som er til stade både som publikum og utstillarar har fjordhesten i sitt hjarte. Årets utstilling vart kanskje ekstra spesiell i og med at ein gjennom jubilea vart minna om at dette er ein tradisjon med lange røter, og at det gjennom åra er mange som har lagt ned ein enorm innsats for fjordhesten. Utan dei som har lagt ned innsatsen før oss, hadde ikkje vi stått der i år. Og på grunn av dei som legg ned ein innsats no, kjem vi til å stå der i mange år framover.