Norsk Fjordhestsenter tilbyr i 2019 semin frå hingstane Hallingen og Silverjo.

Silverjo       

Silverjo vart spissen i 3 års klass og er ein vakker,  langlagd hingst av meget god type. Han er etter 1. premie hingsten Søljo og under Mykle Nina etter Svoras Isak. Han har eit pent hovud, velansatt velforma hals med god nakke. Meget gode overlinje og bakpart. Velstilte bein og ledigt, godt skritt og trav. Stamma til Silverjo er svært god med høgt premierte dyr på begge sider. Hingsten blir på seminstasjonen i sommar,  og vi tilbyr stasjonsinseminering og sending til hopper i heile landet. Det same gjeld for den andre hingsten vår. 

Her finn du stamtavle og dommarkort.

Hallingen

Hallingen er ein treåring som var nr. 2 av dei nykåra hingstane på utstillinga på Nordfjordeid, og han blir i vårstasjon på seminstasjonen til over jonsok. Deretter skal han gå i slepp i Hallingdal.

Det er ein oppsynt, maskulin, muskelsterk hingst med godt fjordhestpreg. Han viser flotte rørsle med eit vegvinnande, svært ledig skritt og trav. Han har  gode  brukseigenskapar med ein brukseigenskapkarakter på 8,5. Faren Lauvprinsen vart og vist på Nordfjordeid og blei nr. 2 i klasse 1a. Sterkbygd hingst med svært gode gangartar. Morfar er den grå hingsten Leirdals Odin, og difor er gentest (raud/grå) på Hallingen sendt USA til undersøking.

Her finn du stamtavle og dommarkort.

Fast pris per hoppe (3 brunstar) for avlssesongen 2019:

Sædavgift, tapping, fortynning, forpakning kr 2950,- + mva.
Sending etter faktisk kostnad.
Prisen inkluderer ei sending pr. brunst, ev. fleire sendingar på same brunst, men totalt 3 sendingar inngår i prisen.

Hopper som inseminerast på stasjonen med sæd frå stasjonshingstane skal oppstallast ved NFHS i insemineringsperioden.

Generell gynekologisk undersøking med påfølgjande inseminering kr 3650,- + mva. 
Prisen inkluderer forbruksmateriell til ordinær gynekologisk undersøking.
Prisen inkluderer bruk av ultralydapparat.
Prisen inkluderer undersøkingar for 3 brunstar.
Ev.spesielle undersøkingar, behandlingar, operasjonar og medisinar kjem i tillegg  og desse fakturerast av veterinær.

Hingstane vert tappa tre dagar i veka; måndag, onsdag og fredag. For bestilling av sæd må vi ha beskjed seinast kl. 09.00 same dagen som hingstane skal tappast.

Oppstalling kr. 135/dag + mva.

Stasjonsavgift andre raser: Kr 1.100,- + mva.

For nærare informasjon ta kontakt med AS Norsk Fjordhestsenter, tlf. 57 86 48 00 eller Asle Espe, tel. 480 38 338.