Heile 26 ekvipasjar stilte til start i greinmeisterskapen i dressur under årets Fjordhest-NM i Lier.

av Ingvild Rydjord Hansen

Dei ekvipasjane som er spesielt gode i ei grein, kan under NM starte greinmeisterskap. Desse vert arrangert i dressur, sprang og køyring. Greinmeisterskapen i dressur har over tid vore den mest populære, og i år stilte heile 26 ekvipasjar til start.

Greinmeisterskapen i dressur føregår i tre delar. Første avdeling er LA:2, og inntil 12 ekvipasjar går vidare herfrå til finalen, som går i MC:2. Dei resterande ekvipasjane startar B-finalen i LA:5.

Første avdeling vart vunne av Mona Hatteland Varhaug og den førstepremierte vallaken Florian e. Frederik Skovå. Like bak på resultatlista låg Espen Mørch Andersen og Nybråtens Skumring, og Stine Anette Heier og Fønix Lasse.

Andre avdeling, MC:2, vart vunne av Kristin Vinsrygg på Solsidens Alar. Mona og Florian, som leia etter første avdeling, vart dessverre eliminert i andre avdeling på grunn av å ha ridd med for lange sporar, og det vart difor ei omrokkering i resultatlista.

Endeleg resultat i greinmeisterskapen i dressur:
1. Stine Anette Heier og Fønix Lasse – 130,012%
2. Espen Mørch Andersen og Nybråtens Skumring – 129,978%
3. Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar – 129,319%

Øvrige plasserte:
4: Nina Cathrine Molvig Paulsen og Fredrik Hedevang
5: Annike Josefine Mikkelsen og Lindegaards Domino
6: Elin Fosmo Scheie og Sylvert
7: Aina Glimsdal Bakke og Herman

Vinnar av greinmeisterskapen i dressur 2019: Stine Anette Heier og Fønix Lasse

Espen Mørch Andersen og Nybråtens Skumring

Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar

Nina Cathrine Molvig Paulsen og Fredrik Hedevang

Mona Hatteland Varhaug og Florian