Då kortfilmen ”Vannskrekk” skulle spelast inn i Ulvik i Hardanger var det fjordhoppa Vilde som bidrog med hestekrefter.

av Jenny Johnsen 

Vigdis Nilsen frå Ulvik i Hardanger har laga mange filmar med breitt tematisk spekter. Ho gjorde seg sist bemerka med filmen ”Kampen om fjordane” (2015), om den lokale motstanden mot bygginga av mastene frå Simadal til Samnanger.

Hennar nyaste prosjekt er eit drama; ein kortfilm om ein jentegjeng og mobbing.

Hovudpersonen Vilja har eit nært forhold til bestefaren. Han driv garden på gamlemåten, med hest. Handlinga er delvis lagt til høyonna og arbeidet bestefaren og Vilja gjer i lag.

Heile innspelinga gjekk over fire dagar. To av dagane var hesten med. På ei film-innspeling er det mange involverte, det er mykje som skal klaffa og det blir mykje venting. Nokre scener må takast mange gonger før fotografen og regissøren er nøgde. Difor tok eg med meg den beste eg har – Vilde Vevle (e. Hildmann u. Daysy) – på jobben.

Handlinga var lagt til garden Solheim i Ulvik. Der går slåttemarka i ei steil renne rett ned i fjorden. Det var smalt, bratt og kronglete å koma seg rundt med ei høyvogn, men Vilde tok steg for steg med stor ro. Scenene med høyonna er teke på nokre av dei få flate stadane på teigen. Bestefaren (Amund Undeland) køyrde hesten, som måtte stå heilt i ro medan han hadde høy i vogna, drakk saft og tok seg ein kvil. «Kan hesten ta fem steg fram? Vent. Rygg 10 meter. To steg opp i bakken. Hest hit. Stå i ro. Vent. Jenter, følg med no. Fokus! Konsentrasjon. Kan me ta alt ein gong til? Og igjen! Stille før opptak. Lyd ruller.  Kamera går. Set. Versågod!» Etter 8 timar med dette, ispedd berre korte pausar, var arbeidsdagen over. Film-folka var nøgde og me sette mulen heimover.

Filmen er truleg klyppa og klar til jol. Der blir spennande å sjå resultatet til slutt. Det var kjekt å vera med, for på ein slik dag er det ekstra fint å vera fjordhest-eigar. Det er ikkje alle forunt å ha ein hest som like godt galopperer gjennom ei presisjonsbane som den takler alt ståk og styr med folk og utstyr, samt køyring i krevjande terreng. Og, all ventinga. Av og på-knapp, det er kjekt å ha. Det veit fjordhest-folket. Lukka er ein god fjordhest!