Årets tredje utgåve av medlemsbladet «Fjordhesten» kom denne veka til medlemmane våre.

I dette nummeret av Fjordhesten kan du lese alt om sommarens store konkurransar – Fjordhest-NM, Brukshest-NM og Nordisk meisterskap for fjordhest. Du finn også tredje del i serien om Norges Fjordhestlag si historie, som er skrive av Tor Nestaas i høve 70-årsjubileet til organisasjonen.

I tillegg er faste spalter som «Styret informerer» og «BFL-nytt» med, og du kan lese ein artikkel frå vår sponsor St. Hippolyt om korleis du bør fôre ein sjuk eller skada hest.

Vi håper du kosar deg med bladet! Dersom du ynskjer å bidra til neste nummer, er innsendingsfrist 13. november.