Fjordhesten

- vår nasjonalrase og nasjonalskatt

Avlsplan

Avlsplanen for Fjordhest legg grunnlaget for alt avlsarbeid. Fjordhesten fekk sin første avlsplan i 1995, og den gjeldande avlsplanen vart vedteken i 2012. På grunn av at kåringsforskrifta forsvann i 2015 vart det gjort ei tilpassing av avlsplanen slik at den skulle vere oppdatert i forhold til gjeldande regelverk. Det vil bli gjort ei ny fullstendig revidering av avlsplanen i 2016.

Den overordna avlsmålsetjinga for fjordhesten er følgjande: «Gjennom reinrasa avl har Norges Fjordhestlag som formål å ta vare på særpreget og mangfaldet til fjordhesten og vidare avle fram ein sunn og funksjonsdyktig hest. For fjordhesten vil dette seie å sikre ein langsiktig avlsframgang for eigenskapane i avlsmålet. Avlsplanen skal medverke til eit tenleg og planfast arbeid for rasen og brukarane, noko som vil sikre ei langsiktig forvaltning av populsjonen.»

Share This