Gjennom tidene har bruksområda til fjordhesten endra seg. Opphavleg var han ein lett skysshest, men på grunn av behov for ein sterkare hest i gardsarbeidet vart avlen styrt i den retninga. Etter kvart vart hesten overflødig i jordbruket, og sidan har me gjennom systematisk avl forma ein fjordhest til moderne bruk.

Fjordhesten er i dag ein hest med eit eksteriør som gjer den brukande til mange ulike aktivitetar. Han har eit godt lynne, mykje arbeidsvilje, og han er sterk, lærevillig og smart. Dette gjer fjordhesten til ein særs allsidig hest, som du kan bruke til omtrent kva som helst. Har du fjordhest, kan du starte konkurransar i dressur, sprang, køyring, feltritt, distanse – og kva anna du måtte ynskje, du har ein super turkamerat som kjem seg fram i all slags terreng, du har ein stødig hest som både born og nybyrjarar kan stole på, og du har ein hest som kan nyttast til skogsarbeid og andre tunge tak.

 

295381_10150925497762680_887856399_n

226520_10150171843667680_8357460_n               10392180_146170032679_7786819_n  10463720_10152137717307680_4530644223636200980_o

10392180_146169357679_2905272_n 10392180_146169547679_6445549_n