Fjordhesten

Fjordhesten er ein av Noregs tre nasjonale hesterasar. Den har sitt opphav på vestlandet, og det er framleis her han er mest utbreidd. Med ståman og den karakteristiske, blakke fargen, er fjordhesten lett å kjenne att.

Fjordhesten er ein allsidig brukshest, som egnar seg godt som sportshest, arbeidshest, familiehest og i rideskule og terapiriding. Kvart år arrangerast det Fjordhest-NM, som samlar over hundre ekvipasjar til konkurransar i sprang, dressur og køyring.

Den årvisse hingsteutstillinga på Nordfjordeid i mai samlar fjordhestfolk frå heile verda, og er det viktigaste avlstiltaket for fjordhesten. Her vert dei beste hingstane plukka ut for avl. Det arrangerast også utstillingar for hopper, vallakar og unghestar over heile landet.

I dag finns det om lag 5000 fjordhestar i Noreg, og rundt 80 000 på verdsbasis. Fjordhesten er ein populær hest i Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland og Belgia, samt i USA og Canada.

«Fjordhesten har alltid betydd noko for nokon. I eldre tid var han ein trufast 
arbeidskamerat og
ein viktig del av gardsarbeidet. Han var med på å legge
livsgrunnlaget for folk rundt om i Noreg, både som arbeidshest, skysshest og kløvhest.

Mykje har endra seg sidan den tid. Hesten har ein heilt annan plass i samfunnet
no enn han hadde før, og me er ikkje lengre avhengige av hesten til praktiske oppgåver.
Men kjærleiken til fjordhesten har ikkje endra seg. Fjordhesten betyr framleis mykje for mange.»