Fjordhestgenseren
Bestillingsskjema finn du nedst på sida.

Fjordhestgenseren er eit samarbeid mellom Norges Fjordhestlag og Dale of Norway. Genseren har dei tradisjonelle, norske flaggfargane raudt, kvitt og blått, og Norges Fjordhestlag sin logo brodert på brystet. Genseren er laga i 100% merinoull, og kan vaskast på ullprogram i maskin. Det kvite garnet er smussavstøtande. Genseren er produsert i Noreg, på Dale sin fabrikk i Vaksdal. Kvaliteten er svært god, så dette er ein genser du kan bruke i mange år.

Genseren kjem i to utgåver; ein herremodell og ein damemodell. Herremodellen har blå krage med kvite og raude striper, blå rygg og ermer. Damemodellen har raud krage med kvite og blå striper, blå rygg og kvite ermer. Damer kan sjølvsagt bruke herregenseren og omvendt, men ver merksam på at storleikane er ulike på dei to modellane. Du finn måletabell for storleikane på Dale of Norway sine heimesider.

Norges Fjordhestlag har ein avtale med butikken Vestitur på Nordfjordeid, som tek seg av bestilling og utsending av genserar. Bur du i nærleiken kan du hente genseren din på butikken i Eidsgata 25. Du kan også få den tilsendt i posten, mot eit porto- og ekspedisjonsgebyr på kroner 99,-.

Pris for genseren er 1668,- for medlemmer i Norges Fjordhestlag, og 1998,- for andre.

Du bestiller genseren ved å fylle ut skjemaet under. Genserane skal betalast på førehand, til kontonummer 3628.58.84351 eller Vipps til 48204285. Hugs å merke innbetalingane med namnet på bestillingsskjemaet.

We do ship abroad. Please contact Vestitur on e-mail vestitureid@gmail.com to order and estimate price for shipping to your adress.

Herremodellen:

Damemodellen:

Share This