Kva er Skeid?

Skeid er signaturaktiviteten til dei tre nasjonale hesterasane fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest. Ein har tatt utgangspunkt i dei gode eigenskapane me ser i desse rasene, og på den måten skreddarsydd ein aktivitet tilpassa brukseigenskapane deira.

Namnet Skeid har lange røter i Noreg. Det vart tidlegare nytta om bygdestemner med hestekampar og kappritt, og skikken vart også ofte omtala i islandske sagaer. I Noreg var dette tradisjon fram til 1800-talet, særleg i områda Telemark og Setesdal. På norrønt tyder skeid ei slette eller mo der ein hadde ferdigheitsprøver til hest. Ein har vald å nytte dette namnet på signaturaktiviteten til dei nasjonale hesterasane for å spele på den lange tradisjonen me har for å bruke desse hestane i Noreg.

Ei Skeidbane består av ulike moment som hestane må igjennom. Det finns fleire vanskelegheitsgradar på ei Skeid-bane, og dette gjer det mogleg for alle å delta, uansett alder og utdanningsnivå. For å gjere det godt i ei Skeidkonkurranse treng hesten mot, arbeidsvilje, stødigheit, hurtigheit og handterbarheit – nettopp dei eigenskapane vi set så stor pris på at dei nasjonale hesterasane har.

Skeid er ein aktivitet der hest og eigar opplever meistring saman. Gjennom å delta på Skeid vil du få større innsyn i kor mange gode eigenskapar hesten din har, og du vil oppdage nye måtar å nytte desse på.

Kva kan vi nytte Skeid til i avlsarbeidet?

Skeid er ein glimrande måte å hente inn fleire opplysningar om brukseigenskapane til dei nasjonale hesterasane. Ved å nytte eit konkurransesystem som Skeid vil ein få verdifull informasjon om enkeltdyr sine bruksprestasjonar. Skeid vil kunne supplere bruksprøvene på utstillinga.

Sidan Skeid kan tilretteleggast for alle aldrar og nivå, kan ein også nytte det for å samle inn informasjon om brukseigenskapane til unghestar. Når ein samlar inn bruksprestasjonar allereie frå ung alder, vil ein få mindre miljøpåverknad og såleis kunne seie meir om den ibuande kapasiteten hestane har.

Ynskjer ditt lokallag å arrangere Skeid? Sjå infosidene våre for arrangørar.

Video frå Skeid under NM for fjordhest på Voss i 2012:

Foto: S. Ulvund

Foto: Unni Saus

Foto: Unni Saus

Foto: Unni Saus

Foto: S. Ulvund

 

Meir informasjon om Skeid:

Nettsidene for Skeid
(Her finn du reglement og dømmeskjema)

Infoside for arrangørar

Skeid – ein sport skreddarsydd for dei nasjonale hesterasane
Artikkel på Fjordhestportalen

Vellukka «Skeid på Eid»
Artikkel på Fjordhestportalen