bfl-logo
Barnas Fjordhestlag er eit samarbeid mellom Norges Fjordhestlag, Langedrag Naturpark og Norsk Fjordhestsenter, og er eit tilbod til fjordhestinteresserte under 15 år. Formålet med Barnas Fjordhestlag er å la barn og unge møte fjordhesten i trygge omgjevnader. Vi ønskjer å bygge gode relasjonar og la barn og unge få gode minne å ta med seg vidare i livet.

foll-og-barnGjennom Barnas Fjordhestlag vil det bli arrangert aktivitetar på Langedrag, ved Norsk Fjordhestsenter og etter kvart gjennom lokallag over heile landet. Dette er eit lågterskeltilbod der alle barn og unge som er interesserte i fjordhesten og har teikna medlemsskap i Barnas Fjordhestlag kan delta.

Det er gjennom fleire studiar vist at å drive med hest har positiv effekt for barn og unge. Aktivitetar med hest fører til betre fysisk og psykisk helse, og å lære å ha ansvar for dyr gjer at ein vert flinkare til å ta ansvar på andre område. Å lære seg å samarbeide med hesten gir barna meistringskjensle og sjølvtillit. Gjennom Barnas Fjordhestlag ønskjer vi å legge til rette for at barn og unge kan få ta opplevingar med fjordhesten med seg som byggesteinar for resten av livet.

Alle barn som melder seg inn i Barnas Fjordhestlag får tilsendt button med logo. Ein gong i året vil det bli sendt ut eit aktivitetshefte med idear til aktivitetar ein kan gjere med fjordhest. Som medlem får ein også høve til å delta på kjekke aktivitetar med og rundt fjordhesten. Det kostar 150 kroner i året å vere med i Barnas Fjordhestlag.

For å melde deg inn, gå til innmeldingsskjemaet vårt.

 

Voltige på Langedrag

Voltige på Langedrag