”Fjordhesten” er medlemsbladet til Norges Fjordhestlag, og vert trykt i eit opplag på omlag 1200 eksemplar. Medlemsbladet har eksistert sidan 1976, og vert sendt ut til alle som har betalt medlemskontingent i Norges Fjordhestlag. Bladet kjem ut fire gongar i året.

«Fjordhesten» skal vere ein informasjonskanal og eit kommunikasjonsmiddel for medlemmane våre. I bladet finn du dei siste oppdateringane frå styret, aktivitets- og avlsutvalet. Vi trykkjer årvisse reportasjar frå tradisjonsrike arrangement som hingsteutstillinga på Nordfjordeid, Noregsmeisterskapen for fjordhest og merrautstillingar og unghestsjå frå heile landet. Bladet inneheld også reportasjer frå andre fjordhestarrangement verda over, i tillegg til fagleg stoff om hest generelt og fjordhest spesielt. Vi har også ei debattside i bladet, der du som medlem har høve til å skrive innlegg om saker du brenn for

Som fjordhestentusiast vil du garantert finne interessant stoff i medlemsbladet «Fjordhesten», og dersom du ynskjer å bidra til bladet med anten bilete, debattinnlegg eller andre tekstar kan du ta kontakt med redaktøren.

Redaktør:  Ingvild Rydjord Hansen
E-post:  ingvildrh@hotmail.com
Telefon: 95 92 51 28
2014:
2013:
2012:
2011:
2010:
2009:
2008:
2007:
2006:
2005:
2004:
2003:
2002:
2001: