SØKNADSFRIST 1. OKTOBER

Nytt for 2016 er at det er høve til å søkje Norges Fjordhestlag om stønad til dekking av utgifter ved sending av sæd frå Norsk Fjordhestsenter til hopper i Nordland , Troms og Finnmark. Det er og høve å søkje for hopper med lang avstand frå hingst og over 600 km frå seminstasjonen til Norsk Fjordhestsenter. Det er sett av totalt kr. 20 000,- til denne ordninga. Søknad sendast innan 1.10.2016 og beløp vert fastsett etter innkomne søknadar og tilgjengelege midlar.

Her er dei andre tilskottsordningane det er høve å søkje på :

Avlsfremjande midlar til leige eller kjøp av 3- og 4-års hingst

Norges Fjordhestlag ynskjer å styrke bruken av 3- og 4-års hingstar, for ved det å auke variasjonen av genar og korte ned generasjonsintervallet. Det vil vere gunstig for avlsframgangen og redusere innavlsfaren. Norges Fjordhestlag søkjer Norsk Hestesenter om avlsfremjande midlar til dette. Med atterhald om tildeling, vert lag tilslutta Norges Fjordhestlag og semin ved Norsk Fjordhestsenter oppmoda om å søkje støtte til leige av 3- og 4-års hingst. Søknad vert vurdert ut frå ei geografisk plassering for desentralisert fjordhestavl, breidde avlsmessig og bruk. Grunngjeven søknad sendast Norges Fjordhestlag innan 1.10. kvart år.

Ved manglande innmelding til Norges Fjordhestlag og Norsk Hestesenter med frist 1.10. kvart år vedkomande bedekning, sal, o.l., kan avlsfremjande midlar reduserast eller haldast attende.

Avlsfremjande midlar til 3-, 4- og 5-års hopper

Følgjande retningsliner er vedtekne for tilskot til 3-, 4- og 5-års hopper:

Etter søknad vert det gjeve tilskot til bedekning av 3-, 4- og 5-års, premierte hopper der eigar er medlem av Norges Fjordhestlag. Beløp blir fastsett ut frå tilgjengelege midlar det aktuelle året. Søknad sendast Norges Fjordhestlag innan 1.10. kvart år.