Hoppeeigarar og hingstehaldarar kan søke om avlsstimulerande tilskot frå Norges Fjordhestlag.

Avl og aktivitet i lokallag og distriktslag
Kriteriet for å oppnå tilskotet på kr. 10 000,- er at laget har kjøpt lagshingst (3 eller 4 år) og arrangerer to Fokus Unghest-kurs gjeldande år.

Midlar til leige av 3-, 4- og 5-årshingst
Norges Fjordhestlag ynskjer å auke bruken av 3-, 4- og 5-årshingstar for å auke variasjonen av genar og korte ned generasjonsintervallet. Lag tilslutta Norges Fjordhestlag og semin ved Norsk Fjordhestsenter vert oppmoda om å søkje støtte til leige av 3-, 4- og 5-årshingst. Søknad vert vurdert ut frå ei geografisk plassering for desentralisert fjordhestavl, avlsmessig breidde og bruk. Søknaden må vere grunngjeven.

Midlar til 3-, 4- og 5-årshopper
Etter søknad vert det gjeve tilskot til bedekning av 3, 4 og 5 år gamle premierte hopper. Hoppa må vere premiert når søknadsfristen går ut, men treng ikkje vere premiert då bedekninga fann stad.

Midlar til hopper med lang avstand til hingst
Det er høve til å søke om stønad til dekking av utgifter ved sending av sæd frå Norsk Fjordhestsenter til hopper i Nordland, Troms og Finnmark. Det er og høve å søkje for hopper med lang avstand til hingst og med over 600 km frå seminstasjonen til Norsk Fjordhestsenter.

Der ikkje anna er nemnd, vert beløp fastsett ut i frå tilgjengelege midlar det aktuelle året. For å kunne søke om midlar til bedekning av hopper må  eigar vere medlem av Norges Fjordhestlag.

Ved manglande innmelding til Norges Fjordhestlag og Norsk Hestesenter med frist 1. oktober vedkomande bedekning, sal o.l., kan avslfremjande midlar reduserast eller haldast attende.

Alle midlane har søknadsfrist 1. oktober kvart år. Søknaden skal sendast til Norges Fjordhestlag på epost: post@fjordhest.no eller til Norges Fjordhestlag, Myroldhaug, 6770 Nordfjordeid.