På grunn av den pågåande koronapandemien har det lenge vore klart at det ikkje vil vere mogleg å gjennomføre den tradisjonelle hingsteutstillinga som vanleg. Styret og avlsutvalet i Norges Fjordhestlag har difor gjort eit vedtak på korleis ein likevel skal få unge hingstar inn i avlen, og legge til rette for ein så normal bedekningssesong som mogleg.

I slutten av mars vart det bestemt at hingstar i klasse 1A og 2A får automatisk utsetjing til å møte i 2021. Dei beheld også avlsgodkjenninga si fram til då. Hingstar i klasse 1B vert ikkje vurdert i år, men må gjerne kome neste år.

På grunn av viktigheita av å få nye, unge hingstar inn i avlen, har ein prøvd å få til ei løysing der hingstar i klasse 2B (ukåra hingstar 4-5 år) og klasse 3 (3-årshingstar) skulle få ei dommar- og veterinærvurdering. Både regionale samlingar av hingstar, samt heimekåring har vore aktuelle måtar å gjennomføre dette på. Norges Fjordhestlag har vore i tett dialog med både Norsk Hestesenter og fylkesmannen angåande å få til ei slik vurdering av hingstane, men på grunn av den usikre situasjonen rundt koronaviruset let dette seg ikkje gjere.

Styret og avlsutvalet i Norges Fjordhestlag har difor vald å gi avlsgodkjenning for eitt år til alle innmeldte hingstar i klasse 2B og 3, unnateke dei som tidlegare har vore vist på Eid og fått 0. pr. Hingstane som i år får avlsgodkjenning skal møte til utvida bruksprøver neste år.

Datamaterialet vi har på hingstane er svært ulikt, og det vil difor vere urettferdig å sjå på tidlegare resultat hingstane har fått på unghestskue. Styret i Norges Fjordhestlag har difor vald å heller gje avlsgodkjenning til alle, då vi ser på dette som det mest rettferdige i denne situasjonen.

Før hingstane får avlsgodkjenning, må det sendast inn ein del informasjon til Norges Fjordhestlag. Alle hingstane må gjennomgå ein veterinærsjekk av lokal veterinær der dei vert målte, sjekka for kvite avteikn samt at det vert utelukka at dei har lidingar som ikkje er godkjent for fjordhest ihht avlsplana. Leiar i kåringsnemnda Nils Ivar Dolvik og utstillingsveterinær Torbjørn Nes Hjelle vil ha dialog med veterinærane som skal gjennomføre undersøkinga av hingstane, samt at dei vil gå over veterinærattestane som er sendt inn og vurdere om hingstane fyl alle helsekrava i avlsplanen.

I tillegg til å gjennomføre veterinærsjekk, må alle hingsteeigarar sende inn film som viser hingsten i køyring med vogn, og ein video av mønstring der hingsten vert vist oppstilt og i skritt og trav. Kvar video må vere minst 30 sekund. I tillegg skal det sendast inn oppstilte bilete frå sida samt av frambeinsstillinga til hingsten. Dette skal brukast i hingstekatalogen, for å gje hoppeeigarane moglegheit til å sjå kvar enkelt hingst.

Hingstane som etter godkjent veterinærattest får avlsgodkjenning, får tildelt hoppekvoter. Denne er på 5 hopper per hingst, og hingstar som vert leigd eller kjøpt som lagshingstar får ei kvote på 20 hopper. Vi har vald å tildele ulike kvoter for å ikkje la denne ekstraordinære situasjonen gå ut over økonomien og aktiviteten i lokallaga, der mange av dei har lagshingst som ein stor og viktig del av arbeidet sitt.

Norges Fjordhestlag er stolte av kunnskap og fagleg dyktigheit hjå oppdrettarar, utstillarar og lokallag rundt om i landet. I eit slikt unntaksår vi er i no, utan høve til eksteriørbedømming av dei nye hingstane, set vi vår lit til kunnskapen ute i fjordhestmiljøa og håper laga vil plukke ut dei beste unge hingstane til avl, og at oppdrettarane finn gode avlskombinasjonar mellom hoppe og hingst.

Vi vil oppmode fjordhestmiljøet til å bruke 2020 til å bedekke hoppene sine. Når så mykje anna i samfunnet stoppar opp, kan vi likevel finne fellesskap og glede med fjordhesten gjennom avl, bruk og lokallagsarbeid.

Styret i Norges Fjordhestlag