Hoppeeigarar og hingstehaldarar kan søke om avlsstimulerande tilskot frå Norges Fjordhestlag.

Midlar til leige av 3-, 4- og 5-årshingst
Norges Fjordhestlag ynskjer å auke bruken av 3-, 4- og 5-årshingstar for å auke variasjonen av genar og korte ned generasjonsintervallet. Lag tilslutta Norges Fjordhestlag og semin ved Norsk Fjordhestsenter vert oppmoda om å søkje støtte til leige eller kjøp av 3-, 4- og 5-årshingst. Søknad vert vurdert ut frå ei geografisk plassering for desentralisert fjordhestavl, avlsmessig breidde og bruk. Søknaden må vere grunngjeven.

Midlar til 3-, 4- og 5-årshopper
Etter søknad vert det gjeve tilskot til bedekning av 3, 4 og 5 år gamle hopper. I 2020 kan også ikkje-premierte hopper få tilskot, på grunn av mangel på moglegheiter til å stille hest i år. Vi vil likevel sterkt oppmode dei som har høve til å stille hoppene sine til å gjere dette.

Midlar til hopper i Nord-Noreg med lang avstand til hingst
Det er høve til å søke om stønad til dekking av deler av utgifter ved sending av sæd frå Norsk Fjordhestsenter eller transport til hingst for hopper i Nordland og Troms og Finnmark.

Eigen seminhingst ved NFHS 2020
Norges Fjordhestlag har i 2020 vedteke å nytte avlsmidlar til å leige inn Myras Monrad, ein hingst som kan bidra med ein spesiell stamme og farge til populasjonen. Dette har vi gjort i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter og seminstasjonen, slik at vi kan tilby hingsten til hoppeeigarar over heile landet.

Myras Monrad blir på seminstasjonen til 01.07 og vil deretter gå i slepp i Romsdalen i regi av Søre Romsdal Fjordhestlag. Hopper som kjem til seminstasjonen eller blir med i sleppet vert subsidierte av avlsmidlane med ein prisreduksjon på kr. 1000 i bedekningsavgift.

Der ikkje anna er nemnd, vert beløp fastsett ut i frå tilgjengelege midlar det aktuelle året. For å kunne søke om midlar til bedekning av hopper må  eigar vere medlem av Norges Fjordhestlag.

Ved manglande innmelding til Norges Fjordhestlag og Norsk Hestesenter med frist 1. oktober vedkomande bedekning, sal o.l., kan avslfremjande midlar reduserast eller haldast attende.

Alle midlane har søknadsfrist 1. oktober. Søknaden skal sendast til Norges Fjordhestlag på epost: post@fjordhest.no eller til Norges Fjordhestlag, Myroldhaug, 6770 Nordfjordeid.