Styret og avlsutvalet i Norges Fjordhestlag har etter ein lang evalueringsprosess kome fram til ein ny modell for utvida bruksprøver. Både lokallag og medlemmar i organisasjonen har fått høve til å kome med innspel gjennom ei høyringsrunde og fjorårets Haustmøte.

Evaluering av utvida bruksprøve starta i 2019 med ein høyringsprosess i lokallaga, der laga skulle kome med sine innspel på ulike punkt. Etter dette vart temaet tatt opp på Haustmøtet, der alle oppmøtte fekk dele sine meiningar. I tillegg hadde ein utvida bruksprøve som tema på dommarsamling med gjennomgong av prøva og tilbakemelding frå dommarkollegiet. Styret i Norges Fjordhestlag er imponert over engasjementet frå medlemmar og laga i organisasjonen i denne evalueringsprosessen.

Formålet med utvida bruksprøve for fjordhest er å vurdere hingstane sine brukseigenskaper under relativt like forhold. Øvingane i bruksprøva er vald ut for å reflektere fjordhesten si allsidigheit og bruksområde.

Helse, lynne og oppførsel på stall vil også bli vurdert. Den utvida bruksprøva går over tre dagar i forkant av hingsteutstillinga. Hingstane vil gjennomgå ein veterinærsjekk på dag ein, og rideprøve og køyreprøve vert utført på dag to og tre. Dei praktiske prøvene vil bedømmast med talkarakterar (1-10), og ein skriftleg kommentar. Rideprøva og køyreprøva vil kvar vektleggast med 50 % i det samla resultatet. Det vert gitt ein talkarakter av veterinær for helse som vil inngå i eksteriørvurderinga på den påfølgjande utstillinga.

Dei største endringane i utvida bruksprøve er:

  • Laushopping er tatt vekk frå utvida bruksprøve. Dette er på grunn av at det tek for mykje energi frå hingstane. Ulik tilgong på treningsmoglegheiter påverkar hingsten sitt resultat på øvinga, der vi ser at hingstar som har hoppa lite rasar for mykje gjennom hindera.
  • Lausmønstring, som dei siste åra har vore ein del av laushoppinga, vert flytta til torsdag kveld saman med dei øvrige hingstane på utstillinga. Lausmønstringa inngår som ein del av eksteriørbedømminga og ikkje som ein del av den utvida bruksprøva.
  • Køyredelen, som tidlegare har vore delt i to, vert no gjennomført i ein del. Det er valfritt om ein vil bruke maraton- eller arbeidssele, og ein kan køyre med tohjuls- eller firhjulsvogn.

Generelt om dei praktiske prøvene:

Både rideprøva og køyreprøva skal utførast med både eigenryttar/-kusk og framandryttar/-kusk, der eigenrytter/-kusk viser hingsten først.  Eigenryttar/-kusk kan vere eigar sjølv, eller ein annan person som eigar ønskjer skal utføre prøva. Eigenryttar og eigenkusk treng ikkje å være same person. Framandryttar og framandkusk oppnemnast av Norsk hestesenter i samråd med Norges Fjordhestlag.

Dersom eigar av hingst ikkje er fornøgd med rideprøva eller køyreprøva kan hingsten få eit nytt forsøk på ettermiddagen den dagen prøva er avlagt. Då vil det ikkje nyttast framandryttar/-kusk, kun eigenryttar/-kusk. Det er frivillig om ein vil gjere et nytt forsøk, og det er den beste ride-/køyreprøve med eigenryttar/-kusk som vil bli teljande. Ny, frivillig køyreprøve forutset at dommarane finn dette forsvarleg av sikkerheitsmessige årsaker. Dersom dommarane må avvise ein hingst på andre forsøk på kjøreprøva, er den utvida bruksprøva som heilheit ikkje bestått.

Stallvanar:

Oppførsel på stall vert registrert to gongar for dag onsdag-fredag med tanke på stereotypisk åtferd (jmf. avlsplanen). Dette vil skje i samband med pausar og fôring. Då skal alle hingstar opphalde seg i boksane sine.

Dag 1: Oppmøte og veterinærkontroll

Oppmøtedag og veterinrkontroll. På ettermiddagen til det vere informasjonsmøte for hingsteeigarane.

Dag 2: Rideprøve

Hingstane vil visast ein og ein i katalogorden. Prøva vert avlagt inne i ridehuset, og oppvarming foregår på uteområdet. Det vert sett av 20 minutt til visning per hingst. Hingstane skal visast i utstyr som er definert for rideprøva for fjordhest i det generelle bruksprøvereglementet.

Hingstane skal visast i rett form med tanke på alder og utdanning. Dommarane ser etter god bydning, framdrift og samarbeidsvilje, ledigheit, rørsler og balanse. Hingstane skal visast i skritt, trav og galopp. Alle gongartar skal visast på begge hender. Hingstane skal ikkje følgje eit bestemt ridemønster, men i løpet av visningstida sakl dei vise volter på ca. 20 meter i trav, samt holdt i minst 5 sekund.

Etter at testryttar har ridd, vert prøva avslutta med at eigenryttar skrittar ei løype utandørs i terrenget. Her vil dommarane dømme hingsten sine rørsler og balanse i terreng.

Dag 3: Køyreprøve

Hngstane skal visast ein og ein i katalogorden. Prøva vert avlagt inne i ridehuset, oppvarming foregår på uteområdet. Det vert sett av 25-30 minutt visningstid totalt per hingst.

Køyreprøva kan utførast med arbeidssele eller maratonsele og to- eller firhjulsvogm som passar til den valde selen. Arrangør stiller med vogner. Hingstane kjem til køyreprøva ferdig forspent.

Hingstane skal visast i skritt og trav på begge hender, samt vise holdt i minst 10 sekund. Hingstane skal ikkje følgje eit bestemt køyremønster, men dei skal i løpet av visningstida vise volter på ca. 20 meter i trav.

Dommarane vurderer hingstens gongartar, samarbeidsvilje, framdrift og at hingsten er avspent og trygg i vogna.