{"id":10234,"date":"2023-01-20T18:02:18","date_gmt":"2023-01-20T17:02:18","guid":{"rendered":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=10234"},"modified":"2023-01-20T18:02:52","modified_gmt":"2023-01-20T17:02:52","slug":"gjer-gamle-fjordhestfilmar-tilgjengelege-for-alle","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2023\/01\/20\/gjer-gamle-fjordhestfilmar-tilgjengelege-for-alle\/","title":{"rendered":"Gjer gamle fjordhestfilmar tilgjengelege for alle"},"content":{"rendered":"<p><strong>Gjennom arbeid med digitalisering av gamle filmar, kom Steinar Hilde fr\u00e5 Innvik over filmar som viser fjordhest i bruk og p\u00e5 utstilling. Desse har vorte sett saman til ein dokumentarisk film om fjordhesten, som vart synt fram for f\u00f8rste gong p\u00e5 hingsteutstillinga i 2019. <\/strong><\/p>\n<p><em>av Ingvild Rydjord Hansen<br \/>\n<\/em><em>Denne saka vart f\u00f8rste gong publisert i Fjordhesten 03-2020.\u00a0<\/em><\/p>\n<p>Dei siste 20 \u00e5ra har Steinar Hilde fr\u00e5 Innvik i Nordfjord arbeidd med digitalisering av gamle filmar. Han tek p\u00e5 seg oppdrag for privatpersonar, og er i tillegg veldig interessert i lokalhistorie og har sett saman fleire filmar med lokalhistorisk innhald fr\u00e5 Nordfjord.<\/p>\n<p>Steinar hadde f\u00e5tt vite at det eksisterte gamle filmopptak fr\u00e5 tidlegare Langvin jordbruksskule i Innvik, der han sj\u00f8lv hadde vore elev. Desse fekk han tak i p\u00e5 fylkesarkivet.<\/p>\n<p><strong>Olav Karstad sitt arkiv<\/strong><\/p>\n<p>I arbeidet med \u00e5 reinse og digitalisere filmane dukka det opp filmar fr\u00e5 fleire hesteutstillingar samt andre filmar der fjordhesten var sentral. Rektor ved Mindresunde og Langvin jordbruksskular fr\u00e5 1920-1950, Olav Karstad, var ein engasjert fjordhestmann og ivrig fotograf som filma p\u00e5 hesteutstillingar og andre husdyrarrangement, og det var hans filmar dette arkivet besto av.<\/p>\n<p>Etter at filmane fr\u00e5 Langvin var digitalisert, la Steinar dei p\u00e5 vent. Tilfeldigvis fortalde han om materialet han sat p\u00e5 til den pensjonerte journalisten (og tidlegare redakt\u00f8r i Fjordhesten) Inge F\u00e6nn. Han fekk d\u00e5 ei klar oppmoding om \u00e5 arbeide vidare med desse filmsnuttane, og setje dei saman slik at dei kunne synast fram for fleire.<\/p>\n<p>I h\u00f8ve Nordfjord Fjordhestlag sitt 100-\u00e5rsjubileum og Norges Fjordhestlag sitt 70-\u00e5rsjubileum i fjor, vart Steinar f\u00f8respurt om han kunne tenkje seg \u00e5 setje saman ein film som kunne visast under markering av jubilea.<\/p>\n<p><strong>Jubileumsfilm<\/strong><\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright wp-image-10236\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2023\/01\/vlcsnap-2020-08-05-12h11m44s312.png\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"439\" \/>I arbeidet med filmen fekk Steinar tak i fleire filmsnuttar fr\u00e5 andre arkiv, og sat\u00a0etterkvart p\u00e5 eit stort materiale som danna grunnlaget for jubileumsfilmen. Sidan han sj\u00f8lv kan lite om fjordhest fekk han hjelp av erfarne fjordhestfolk til \u00e5 sj\u00e5 over materiale og \u00e5 kjenne att hestar og folk. Tidlegare nemnde Inge F\u00e6nn hjelpte til med \u00e5 kommentere filmen.<\/p>\n<p>Det f\u00f8rste utkastet til filmen vart presentert under hingsteutstillinga i 2019, og vart sv\u00e6rt godt motteke av publikum. \u00abSalen var heilt full, og eg var s\u00e5 nerv\u00f8s f\u00f8r eg trykte p\u00e5 play\u00bb seier Steinar. \u00abHer hadde eg laga ein dokumentar om noko eg slettes ikkje hadde peiling p\u00e5, og i tillegg skulle eg syne den fram p\u00e5 det viktigaste fjordhestarrangementet i verda!\u00bb<\/p>\n<p>Filmen startar med ein del stillbilete fr\u00e5 rundt \u00e5rhundreskiftet, og d\u00e5 levandefilmen byrja \u00e5 rulle p\u00e5 skjermen, kunne Steinar h\u00f8yre eit gisp g\u00e5 igjennom salen. D\u00e5 kunne han senke skuldrane \u2013 dette syns folk det var kjekt \u00e5 sj\u00e5.<\/p>\n<p>Etter at filmen var over fekk han gode tilbakemeldingar, og mange kom fram og ville prate med han og fortelje om hestar eller personar dei hadde kjend att i filmen. Publikum var begeistra, og glade for at Steinar hadde tatt p\u00e5 seg arbeidet med \u00e5 setje saman filmen. Fimlen vart ogs\u00e5 synt fram under jubileumsutstillinga i Stryn i fjor haust.<\/p>\n<p><strong>Inga erfaring med fjordhest<\/strong><\/p>\n<p>Som Nordfjording kjenner Steinar sj\u00f8lvsagt til fjordhesten, men er klar p\u00e5 at kunnskapsniv\u00e5et hans om hesten var sv\u00e6rt l\u00e5gt f\u00f8r han byrja p\u00e5 filmen. Igjennom arbeidet har han kome tettare p\u00e5 b\u00e5de rasen, samt l\u00e6rt litt meir lokalhistorie. \u00abDet som gjorde st\u00f8rst inntrykk p\u00e5 meg var nok \u00e5 l\u00e6re om Rimfaksestrida\u00bb fortel Steinar. \u00abEkstra kjekt var det \u00e5 vite at det kanskje viktigaste m\u00f8tet som har handla om fjordhest fann stad i Innvik, mi heimbygd\u00bb legg han til, og siktar til m\u00f8tet p\u00e5 Innvik Ullvarefabrikk i 1907, det det vart bestemt at fjordhestfolket ynskja \u00e5 g\u00e5 vekk fr\u00e5 blandingsalet staten hadde lagt opp til igjennom fleire \u00e5r.<\/p>\n<p>Steinar fortel at han tykkjer det er veldig interessant \u00e5 sj\u00e5 korleis fjordhesten har utvikla seg gjennom tida. \u00abDet er stor kontrast fr\u00e5 dei eldste filmane eg har og til den fjordhesten vi ser i dag\u00bb seier han. \u00abDen gongen trengde ein fjordhesten som ein arbeidsreiskap, i dag har ein heilt anna rolle som hobbyhest.\u00bb<\/p>\n<p><strong>Arbeidet med filmen vidare<\/strong><\/p>\n<p>Fjordhestfilmen er stadig under utvikling, og Steinar har f\u00e5tt tak i meir materiale han kan bake inn i det han har fr\u00e5 f\u00f8r. Han h\u00e5par at etterkvart som filmen f\u00e5r meir merksemd, kan det kome inn enno meir materiale slik at filmen viser ei s\u00e5 komplett historie om fjordhesten som mogleg.<\/p>\n<p>Steinar ynskjer \u00e5 reise rundt og syne fram filmen til flest mogleg. Jo fleire som ser filmen, jo meir info vil kome inn om stadar, personar og hestar. \u00abEg hadde planar om \u00e5 syne fram filmen i Sverige i v\u00e5r, men det vart naturlegvis avlyst. Det har ogs\u00e5 kome interesse fr\u00e5 Tyskland\u00bb fortel han. Han har f\u00e5tt ein avtale med nokon som skal hjelpe han med \u00e5 tekste filmen p\u00e5 engelsk, for \u00e5 kunne n\u00e5 ut til eit s\u00e5 breitt publikum som mogleg.<\/p>\n<p>Med ein komplett kinorigg har Steinar h\u00f8ve til \u00e5 reise rundt og syne fram filmen kvar som helst \u2013 for eksempel kan han kome dersom lokallag ynskjer \u00e5 arrangere ei framsyning. \u00abEg har f\u00e5tt alle rettigheiter til filmen, og det kan hende det vert mogleg \u00e5 kj\u00f8pe den i framtida n\u00e5r den er fullf\u00f8rt\u00bb seier Steinar, men understrekar at han trur dette er ein film folk har mest glede av \u00e5 sj\u00e5 i fellesskap, for \u00e5 f\u00e5 ei st\u00f8rre oppleving og kunne dele inntrykka ein sit att med.<\/p>\n<p><strong>Stor verdi<img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright wp-image-10237\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2023\/01\/vlcsnap-2020-08-05-12h13m46s704.png\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"439\" \/><\/strong><\/p>\n<p>Filmane Steinar har samla inn er av stor historisk verdi, ikkje berre for fjordhestfolk men for heile Noreg. Dei viser ein del av historia til landet v\u00e5rt, der hesten har vore viktig som arbeidsreiskap, samt at han har samla folk til utstillingar og andre arrangement.<\/p>\n<p>P\u00e5 grunn av verdien til filmane, har Steinar allereie planlagt kva som skal skje med dei etter hans tid. \u00abDette er historiske filmar som skal sikrast for framtida, anten gjennom \u00e5 ivaretakast av familie, eller sendast vidare til eit arkiv. Ingenting av dette skal forsvinne\u00bb seier han.<\/p>\n<p><strong>\u00d8nskjer meir film<\/strong><\/p>\n<p>Det er naturleg nok ikkje alt Steinar har samla inn som har kome med i filmen han syner fram, til det er r\u00e5materialet alt for stort og omfattande. Likevel h\u00e5per han p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 inn enno meir film, og oppmodar alle som sit p\u00e5 noko dei trur kan vere interessant om \u00e5 ta kontakt med han.<\/p>\n<p>Han er spesielt interessert i filmar som viser fjordhesten i landbruk og skogbruk, d\u00e5 dette er noko av det han har minst av. \u00abEg h\u00e5per at ingen gamle fjordhestfilmar vert liggande i skuffer heime hos folk, for dette er noko vi alle kan ha glede av \u00e5 sj\u00e5 \u2013 b\u00e5de dei som har ein kj\u00e6rleik til fjordhesten, og dei som er interessert i historie og hesten si rolle i Noreg\u00bb avslutter Steinar.<\/p>\n<p><em><strong>Sidan denne saka var skriven er filmen utvida med meir fargefilm fr\u00e5 50-talet. Den er teksta p\u00e5 engelsk, slik at den kan visast til eit internasjonalt publikum. Vi h\u00e5par fleire vil sj\u00e5 denne filmen, som vi reiser rundt og viser etter avtale. Filmen kan og visast til mindre gruppe p\u00e5 maks 10 personar i v\u00e5r mini-kino i Innvik. <\/strong><\/em><\/p>\n<p><em><strong>Ta kontakt med: <\/strong><\/em><em><strong>Filmdigitalisering AS v\/Steinar Hilde<\/strong><\/em><br \/>\n<em><strong>Tlf.: 900 51\u00a0260<\/strong><\/em><br \/>\n<em><strong>E-post: <a href=\"mailto:steinar@filmdigitalisering.no\">steinar@filmdigitalisering.no<\/a><\/strong><\/em><br \/>\n<em><strong>www.filmdigitalisering.no<\/strong><\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Gjennom arbeid med digitalisering av gamle filmar, kom Steinar Hilde fr\u00e5 Innvik over filmar som viser fjordhest i bruk og p\u00e5 utstilling. Desse har vorte sett saman til ein dokumentarisk film om fjordhesten, som vart synt fram for f\u00f8rste gong p\u00e5 hingsteutstillinga i 2019. av Ingvild Rydjord Hansen Denne saka vart f\u00f8rste gong publisert i [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":10236,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"class_list":["post-10234","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10234","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10234"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10234\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":10240,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10234\/revisions\/10240"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/10236"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10234"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10234"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10234"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}