{"id":11573,"date":"2025-05-01T13:19:12","date_gmt":"2025-05-01T11:19:12","guid":{"rendered":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=11573"},"modified":"2025-05-01T13:19:12","modified_gmt":"2025-05-01T11:19:12","slug":"jens-nordangs-minnefond","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2025\/05\/01\/jens-nordangs-minnefond\/","title":{"rendered":"Jens Nordangs Minnefond"},"content":{"rendered":"<p><strong>I 1949 vart det oppretta eit minnefond i namnet til statskonsulent og fjordhestmann Jens Nordang. Pengane i fondet skulle g\u00e5 til fremjing av fjordhestalet og no, over 70 \u00e5r seinare, deler fondet framleis ut pokal p\u00e5 kvar hingsteutstilling.<\/strong><\/p>\n<p><em>Denne saka vart opphavleg publisert i medlemsbladet &laquo;Fjordhesten&raquo; nr 02-2018.<\/em><\/p>\n<p>Jens Nordang vart f\u00f8dd i Nordangsdalen p\u00e5 Sunnm\u00f8re i 1879. Han tok veterin\u00e6reksamen i K\u00f8benhavn i 1907, og arbeidde deretter som veterin\u00e6r i Trondheim og distriktsveterin\u00e6r i Strinda. I 1922 vart han tilsett som statskonsulent for vestlandet, og fr\u00e5 1927 vart han fjordhesten sin eigen statskonsulent med ansvar for fjordhestavlen i heile landet s\u00f8r for Nordland.<\/p>\n<div id=\"attachment_11574\" style=\"width: 360px\" class=\"wp-caption alignleft\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-11574\" class=\"wp-image-11574\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/jensnordang.jpg\" alt=\"\" width=\"350\" height=\"263\" \/><p id=\"caption-attachment-11574\" class=\"wp-caption-text\">Jens Nordang, avbilda p\u00e5 statsutstilling i Stryn i 1943. Foto fr\u00e5 \u201dFjordhesten\u201d av Olav Karstad.<\/p><\/div>\n<p>D\u00e5 Jens Nordang tok til som statskonsulent var det vanskeleg \u00e5 selje hest og prisane var sv\u00e6rt l\u00e5ge. Mange av hingstane p\u00e5 vestlandet tilfredsstilte ikkje Nordang sine krav, og han la stor vekt p\u00e5 \u00e5 forbetre fjordhesten. Han ville f\u00e5 vekk feil ein ofte s\u00e5g p\u00e5 beina, som for eksempel sm\u00e5 ledd, kuhasa bakf\u00f8ter og franskstilte framf\u00f8ter. I tillegg ynskte han at fjordhesten skulle ha eit godt midtstykke, kort rygg, godt muskelsett lend og jamn, fin overgang til krysset.<\/p>\n<p>I 1925 kom Nordang med eit framlegg om at ordninga med stats- og fylkeshingstar skulle avviklast til fordel for tilskot til hestealslaga til innkj\u00f8p og f\u00f4ring av hingstar. Dette fekk han st\u00f8tte for i Stortinget og i fleire fylkesting. Denne omlegginga av hingstehaldet f\u00f8rte til ei auka interesse for skiping av nye hestealslag. Ein anna ting Nordang hadde fokus p\u00e5, var \u00e5 arrangere unghest- og k\u00e5ringssj\u00e5. Som styrar p\u00e5 sj\u00e5a fekk han sj\u00e5 hestane som fantes rundt om p\u00e5 vestlandet, og han fekk gjort seg opp eit inntrykk av korleis situasjonen var i fjordhestavlen. I tillegg til \u00e5 sj\u00e5 hesten fekk han ogs\u00e5 treffe fjordhestfolket, og gje dei r\u00e5d om avlsarbeid, stell og f\u00f4ring.<\/p>\n<p>Jens Nordang fekk etter kvart ein uvanleg sterk autoritet, og folk sette stor pris p\u00e5 det arbeidet han gjorde for fjordhesten. Han fekk Hans Majestet Kongens fortenestemedalje i gull, samt landbruksselskapa si gullmedalje for sitt viktige arbeid for fjordhesten.<\/p>\n<p>Nordang var ein godt likt statskonsulent, og d\u00e5 han gjekk av i 1944 vart det\u00a0 oppretta eit minnefond i hans namn, som ei heidersg\u00e5ve i takksemd for det viktige arbeidet han la ned for fjordhesten. Fondet vart skipa med eit eige styre i 1949.<\/p>\n<p>Styret i Nordangs minnefond vert vald av \u00e5rsm\u00f8tet i Norges Fjordhestlag. Avkastninga fr\u00e5 fondet skal, i f\u00f8lgje vedtektene, \u00abnyttast til fremjing av fjordhestalet p\u00e5 den m\u00e5ten som styret for fondet finn mest tenleg\u00bb. Gjennom dei snart 70 \u00e5ra som fondet har eksistert har dei gitt pengar til mange gode tiltak for fjordhesten. Det har vorte gitt midlar til konkrete prosjekt som b\u00f8ker og reklameskrift om fjordhesten og tilskot til fraktutlegg ved hesteeksport, samt midlar til Norges Fjordhestlag. Det vart i mange \u00e5r gitt pengar \u00f8yremerka medlemsbladet \u00abFjordhesten\u00bb. Fondet har ogs\u00e5 gitt pokalar og ekstrapremiar til mange utstillingar.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-11576 alignright\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/IMG_4062-scaled.jpg\" alt=\"\" width=\"350\" height=\"300\" \/>I 1977 vedtok styret i minnefondet \u00e5 dele ut ein \u00e5rleg pokal til den tre\u00e5rshingsten som syner dei beste brukseigenskapane p\u00e5 hingsteutstillinga p\u00e5 Nordfjordeid. Denne pokalen har vorte delte ut kvart \u00e5r sidan, og fekk etter kvart tittelen \u00abBest i laget, best i draget\u00bb.<\/p>\n<p>P\u00e5 grunn av l\u00e5g rente har ikkje fondet dei siste \u00e5ra hatt avkastning av betydning. Sist gong det vart gitt midlar til anna enn den faste pokalen var i 2004. Dei frie midlane vart d\u00e5 overf\u00f8rt til Norges Fjordhestlag, til utgjeving av eit p\u00e5begynt bokverk om historia til fjordhesten.<\/p>\n<p>Per Aksel Birkeland har vore leiar i Nordangs Minnefond sidan 2012. Han meiner det er viktig at fondet vert oppretthaldt, og at kunnskapen om Jens Nordang sitt arbeid for fjordhesten g\u00e5r vidare til den nye generasjonen fjordhestfolk. \u00c5rsm\u00f8tet til fondet er idag berre ein formalitet, d\u00e5 fondet har s\u00e5 lite avkastning at det ikkje ein gong dekker utgiftene til den faste pokalen. Likevel vert m\u00f8tet gjennomf\u00f8rt, og referat vert f\u00f8rt i den same m\u00f8teboka som Nordang sj\u00f8lv signerte i d\u00e5 han var leiar av fondet.<\/p>\n<p>Jens Nordang gjorde ein stor innsats for fjordhesten i sine \u00e5r som statskonsulent. Dei som avla fjordhest hadde tillit til han, og h\u00f8yrde p\u00e5 dei r\u00e5da han kom med. Han hadde nok tida med seg i sin innsats for fjordhesten, men det er ingen tvil om at det arbeidet han la ned var viktig og f\u00f8rte til positiv utvikling for fjordhesten.<\/p>\n<p>Jens Nordang d\u00f8ydde 5. november 1954, og vart gravlagd p\u00e5 S\u00e6b\u00f8 kyrkjegard. Gjennom minnefondet lev namnet og arbeidet hans vidare.<\/p>\n<div id=\"attachment_11575\" style=\"width: 1282px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-11575\" class=\"wp-image-11575 size-full\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/jensnordang2.jpg\" alt=\"\" width=\"1272\" height=\"847\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/jensnordang2.jpg 1272w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/jensnordang2-980x653.jpg 980w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/jensnordang2-480x320.jpg 480w\" sizes=\"auto, (min-width: 0px) and (max-width: 480px) 480px, (min-width: 481px) and (max-width: 980px) 980px, (min-width: 981px) 1272px, 100vw\" \/><p id=\"caption-attachment-11575\" class=\"wp-caption-text\">Fr\u00e5 utstilling p\u00e5 Sandane i 1941. Fr\u00e5 venstre: A. P. Myklebust, distriktsveterin\u00e6r M\u00e5lnes, statskonsulent Nordang og husdyragronom Faleide. Foto fr\u00e5 \u201dFjordhesten\u201d av Olav Karstad<\/p><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I 1949 vart det oppretta eit minnefond i namnet til statskonsulent og fjordhestmann Jens Nordang. Pengane i fondet skulle g\u00e5 til fremjing av fjordhestalet og no, over 70 \u00e5r seinare, deler fondet framleis ut pokal p\u00e5 kvar hingsteutstilling. Denne saka vart opphavleg publisert i medlemsbladet &laquo;Fjordhesten&raquo; nr 02-2018. Jens Nordang vart f\u00f8dd i Nordangsdalen p\u00e5 [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":11574,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[40],"tags":[],"class_list":["post-11573","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-hingsteutstillinga"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11573","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11573"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11573\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":11582,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11573\/revisions\/11582"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/11574"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11573"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11573"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11573"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}