{"id":11605,"date":"2025-05-04T11:02:16","date_gmt":"2025-05-04T09:02:16","guid":{"rendered":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=11605"},"modified":"2025-05-04T11:18:34","modified_gmt":"2025-05-04T09:18:34","slug":"utarbeiding-av-karingsinstruks-for-karing-med-vekt-pa-stamme-og-farge","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2025\/05\/04\/utarbeiding-av-karingsinstruks-for-karing-med-vekt-pa-stamme-og-farge\/","title":{"rendered":"Utarbeiding av k\u00e5ringsinstruks for k\u00e5ring med vekt p\u00e5 stamme og farge"},"content":{"rendered":"<p>I samsvar med avlsplanen pkt. 3 og pkt. 7.1.6 kan stammen og fargen til ein hingst tilleggast vekt ved k\u00e5ring og premiering. Ein viktig del av oppg\u00e5va til Norges Fjordhestlag er difor \u00e5 setje seg inn i og halde oppsyn med kva slekter som b\u00f8r vernast om for \u00e5 sikre ei st\u00f8rst mogleg breidde i populasjonen.<\/p>\n<p>Avlsplanen skal reviderast f\u00f8r avlssesongen 2026, og har allereie vore ute p\u00e5 f\u00f8rstegongs h\u00f8yring til lokallaga. Ein av tinga det vert arbeidd med i samband med revideringa, er \u00e5 utarbeide ein k\u00e5ringsinstruks for k\u00e5ring med vekt p\u00e5 stamme og farge, slik at det er grundigare skildra i avlsplanen kva for kriterium ein skal vurdere hingstane p\u00e5.<\/p>\n<p>I 2025 fekk Norges Fjordhestlag innvilga midlar fr\u00e5 Landbruks- og matdepartementet fr\u00e5 overskot til pengespel p\u00e5 hest til prosjektet \u00abGenetisk variasjon hos fjordhest\u00bb. I ein av arbeidspakkane i dette prosjektet inng\u00e5r det \u00e5 vurdere objektive m\u00e5l som eit verkt\u00f8y ved k\u00e5ring p\u00e5 bakgrunn av stamme. Dette skal eventuelt innlemmast i k\u00e5ringsinstruksen i avlsplanen.<\/p>\n<p>For \u00e5 arbeide med dette, har Norges Fjordhestlag sett ned ei arbeidsgruppe som best\u00e5r av Marie Thorson Natten, Ingvild Rydjord Hansen, Stine Samsonstuen og Steinar Furnes.<\/p>\n<p>Arbeidsgruppa starta med \u00e5 diskutere kva for m\u00e5l ein kan bruke som bakgrunn for vurdering av stammen og fargen til innmeldte hingstar, og kom fram til f\u00f8lgjande kriterium:<\/p>\n<ul>\n<li>Hingstar som h\u00f8yrer til ei hingstelinje som er lite representert<\/li>\n<li>Hingstar som kjem fr\u00e5 ein hoppefamilie med f\u00e5 dyr, eller der det har kome f\u00e5\/ingen avlshingstar i nyare tid<\/li>\n<li>Hingstar som har ein &laquo;gammal stamme&raquo;, dvs med lange generasjonsintervall<\/li>\n<li>Hingstar som har mindre slektskap til hopper i populasjonen enn snittet<\/li>\n<li>Hingstar som har l\u00e5gt slektskap til andre avlshingstar<\/li>\n<li>Hingstar som er raudblakke, gulblakke, ulsblakke eller gr\u00e5, eller som er berar av gener for \u00e5 kunne gi desse fargane<\/li>\n<\/ul>\n<p>Dei innmeldte hingstane i 2025 vart vurdert etter desse kriteria, og ein kom fram til ei liste med hingstar som kunne k\u00e5rast med vekt p\u00e5 stamme og\/eller farge.\u00a0For hingstar som var inne til f\u00f8rstegangsk\u00e5ring sette ein som kriterium at dei m\u00e5tte ha minst 7 p\u00e5 rasetype og -preg, minst 7 i heilheit eksteri\u00f8r og ingen delkarakterar under 6 for \u00e5 kunne k\u00e5rast med vekt p\u00e5 stamme. \u00a0For tidlegare viste hingstar sette ein som kriterium at dei m\u00e5tte ha minst 7 p\u00e5 rasetype og -preg, minst 7,3 i heilheit eksteri\u00f8r og ingen delkarakterar under 6,5 for \u00e5 f\u00e5 3. premie med vekt p\u00e5 stamme. Desse grensene vart sett ut i fr\u00e5 tilr\u00e5dingar i avlsplan, samt kva karakterar hingstar med k\u00e5ring og premiering med vekt p\u00e5 stamme har f\u00e5tt tidlegare.<\/p>\n<p>Hingstane m\u00e5tte sj\u00f8lvsagt ogs\u00e5 ha godkjent brukspr\u00f8ve, lynnekarakter og helsekarakter fr\u00e5 veterin\u00e6r for \u00e5 kunne bli k\u00e5ra med vekt p\u00e5 stamme. Nokre av hingstane med likskapar i stammen vart ogs\u00e5 vurdert opp i mot kvarandre, der ein i ein situasjon der ingen av hingstane vart k\u00e5ra ordin\u00e6rt ville prioritere \u00e5 k\u00e5re ein av dei med bakgrunn i stammen.<\/p>\n<p>Etter at hingstane hadde vore inne til einskildm\u00f8nstring, hadde representantar fr\u00e5 arbeidsgruppa eit m\u00f8te med k\u00e5ringsnemnda der ein gjekk igjennom kva for hingstar som ville bli k\u00e5ra og premiert, samt kva karakterar hingstane som dommarane ikkje ville k\u00e5re ordin\u00e6rt hadde. Deretter vart det gjort ei heilskapsvurdering, og vald ut kva for hingstar Norges Fjordhestlag ville k\u00e5re med vekt p\u00e5 stamme.<\/p>\n<p>Tre hingstar vart k\u00e5ra med vekt p\u00e5 stamme, katalognr. 13, Jakobgardens Luring, katalognr. 28, Skeidsvolls Torvald og katalognr. 37, Solli Rheo. Tre hingstar p\u00e5 lista vart premiert ordin\u00e6rt; katalognr. 2. Torstuens Eld, katalognr. 5, Sjangsis Elvin og katalognr. 9, \u00c5r\u00f8y Elmer. Dei andre hingstane p\u00e5 lista var ikkje over minimumsgrensene ein hadde sett for k\u00e5ring med vekt p\u00e5 stamme, eller hadde ikkje godkjente brukspr\u00f8ver.<\/p>\n<p>Norges Fjordhestlag meiner at dei k\u00e5ra og premierte hingstane i 2025 representerer ein variasjon i slekter, b\u00e5de p\u00e5 hoppe- og hingstesida. Det er ogs\u00e5 k\u00e5ra og premiert hingstar med fire ulike fargar; brunblakk, ulsblakk, gulblakk og gr\u00e5.<\/p>\n<div id=\"attachment_11606\" style=\"width: 910px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-11606\" class=\"wp-image-11606\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/IMG_0408-scaled.jpg\" alt=\"\" width=\"900\" height=\"713\" \/><p id=\"caption-attachment-11606\" class=\"wp-caption-text\">Skeidsvolls Torvald var ein av tre hingstar som vart k\u00e5ra med vekt p\u00e5 stamme.<\/p><\/div>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I samsvar med avlsplanen pkt. 3 og pkt. 7.1.6 kan stammen og fargen til ein hingst tilleggast vekt ved k\u00e5ring og premiering. Ein viktig del av oppg\u00e5va til Norges Fjordhestlag er difor \u00e5 setje seg inn i og halde oppsyn med kva slekter som b\u00f8r vernast om for \u00e5 sikre ei st\u00f8rst mogleg breidde i [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":11606,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[40],"tags":[],"class_list":["post-11605","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-hingsteutstillinga"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11605","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11605"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11605\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":11609,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11605\/revisions\/11609"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/11606"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11605"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11605"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11605"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}