{"id":12273,"date":"2026-05-03T19:06:53","date_gmt":"2026-05-03T17:06:53","guid":{"rendered":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=12273"},"modified":"2026-05-03T21:34:06","modified_gmt":"2026-05-03T19:34:06","slug":"vurdering-av-stamme-pa-hingstar-vist-i-2026","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2026\/05\/03\/vurdering-av-stamme-pa-hingstar-vist-i-2026\/","title":{"rendered":"Vurdering av stamme p\u00e5 hingstar vist i 2026"},"content":{"rendered":"<p><strong>Hingstar med sjeldan stamme eller med l\u00e5gt slektskap til populasjonen kan bli k\u00e5ra eller premiert med l\u00e5gare poengsum enn ordin\u00e6re krav til k\u00e5ring og premiering. Norges Fjordhestlag har i samsvar med avlsplanen vurdert stammen p\u00e5 dei innmeldte hingstane og sett p\u00e5 kven av hingstane dette kan vere aktuelt for.<\/strong><\/p>\n<p>I forkant av hingsteutstillinga i fjor, jobba ei arbeidsgruppe i Norges Fjordhestlag med retningslinjer for k\u00e5ring med vekt p\u00e5 farge og stamme. Desse retningslinjene er no inkludert i avlsplanen for fjordhest, og slik avlsplanen tilseier vart stammene til dei innmeldte hingstane vurdert etter fastsette kriterium f\u00f8r utstillinga i 2026.<\/p>\n<p>Det er innhenta objektive m\u00e5l p\u00e5 hingstane sin slektskap til resten av populasjonen, og det er ogs\u00e5 gjort vurderingar av om hingstane h\u00f8yrer til sjeldne hingstelinjer eller kjem fr\u00e5 sm\u00e5 hoppefamiliar.<\/p>\n<p>Den reviderte avlsplanen som er gjeldande fr\u00e5 2026 inneheld fastsette grenser for n\u00e5r det kan tildelast k\u00e5rings- og premiegrad. Dette gjeld ogs\u00e5 hingstar k\u00e5ra eller premiert med vekt p\u00e5 stamme eller farge. Bakgrunnen for dei fastsette grensene kan du lese meir om <strong><a href=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2026\/05\/01\/faste-grenser-for-karing-og-premiering-basert-pa-tidligere-resultater-fra-hingsteutstilling\/\">her<\/a><\/strong>.<\/p>\n<p>Fleire av hingstane Norges Fjordhestlag hadde spelt inn p\u00e5 stamme og\/eller farge i \u00e5r, vart k\u00e5ra og premiert ordin\u00e6rt. Dei andre oppfylte ikkje krava for k\u00e5ring med vekt p\u00e5 stamme eller farge som er sett i avlsplanen.<\/p>\n<p>Hingstane som vart k\u00e5ra og premiert, og som Norges Fjordhestlag meiner har ein stamme utanom det vanlege, eller som i f\u00f8lgje objektive m\u00e5l har l\u00e5gare slektskap til populasjonen enn snittet er desse:<\/p>\n<p><strong>Nes Tord<\/strong> fekk 2. premie og sto som nummer 1 i kvalitet i klasse 1UB. Han er etter Roslands Dalar, og h\u00f8yrer til hingstelinja etter Torbj\u00f8rn gjennom Tunfeld og Dalar. Denne hingstelinja er lite representert i dag. Nes Tord kjem fr\u00e5 ein sv\u00e6rt liten hoppefamilie, der det i dag er 10 aktive hopper.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-12311\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/IMG_3567-scaled.jpg\" alt=\"\" width=\"800\" height=\"579\" \/><\/p>\n<p><strong>Valegr\u00e5<\/strong> vart k\u00e5ra i klasse 3. Han er etter Myklemann og h\u00f8yrer til hingstelinja etter Torbj\u00f8rn gjennom Haugeblakken. Han blir den fjerde hingsten p\u00e5 denne linja i Noreg i dag. Mor hans er svensk. Hingsten er mindre i slekt med populasjonen, b\u00e5de hopper og aktive avlshingstar, enn snittet. Ved testparing i EvA med denne hingsten vil forventa innavlsgrad reelt kunne vere h\u00f8gare enn det programmet reknar ut, p\u00e5 grunn av at ein ikkje har fullstendig informasjon om dei utanlandske individa i stammen.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-12312\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/IMG_3806-scaled.jpg\" alt=\"\" width=\"800\" height=\"627\" \/><\/p>\n<p><strong>Lettys Leo<\/strong> vart k\u00e5ra i klasse 3. Han er etter Turbo Romeo og h\u00f8yrer til hingstelinja etter Hosar gjennom Sylvstein. P\u00e5 denne linja har vi i dag tre hingstar, i tillegg til dei nyk\u00e5ra.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-12310\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/IMG_3910-scaled.jpg\" alt=\"\" width=\"800\" height=\"645\" \/><\/p>\n<p><strong>R\u00f8dlands Tyr<\/strong> vart k\u00e5ra i klasse 3. Han er etter Turbo Romeo, sj\u00e5 meir om han i avsnittet over. R\u00f8dlands Tyr kjem fr\u00e5 ei sv\u00e6rt lita hoppefamilie, og er den f\u00f8rste k\u00e5ra hingsten etter ei hoppe fr\u00e5 denne familien.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-12307\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/34_IMG_2174-scaled.jpg\" alt=\"\" width=\"800\" height=\"584\" \/><\/p>\n<p><strong>Svingelens Gr\u00e5ne<\/strong> vart k\u00e5ra i klasse 3. Han er ogs\u00e5 etter Turbo Romeo, sj\u00e5 meir i avsnittet om Lettys Leo. Mor til Svingelens Gr\u00e5ne er svensk, men stammar tilbake til ei hoppe fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal som ikkje har andre nolevande norske etterkomarar enn dei som er importerte fr\u00e5 Sverige. Hingsten er mindre i slekt med populasjonen, b\u00e5de hopper og aktive avlshingstar, enn snittet. Ved testparing i EvA med denne hingsten vil forventa innavlsgrad reelt kunne vere h\u00f8gare enn det programmet reknar ut, p\u00e5 grunn av at ein ikkje har fullstendig informasjon om dei utanlandske individa i stammen<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-12308\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/35_IMG_2439-scaled.jpg\" alt=\"\" width=\"800\" height=\"637\" \/><\/p>\n<p>Norges Fjordhestlag ynskja ogs\u00e5 at det vart k\u00e5ra minst ein hingst etter Birkelid Owen, d\u00e5 dei h\u00f8yrer til linja etter Bergfast gjennom Bagge \u2013 ei sjeldan hingstelinje med f\u00e5 hingstar i Noreg i dag. Fem hingstar etter Birkelid Owen vart k\u00e5ra ordin\u00e6rt, og det var difor ikkje naudsynt \u00e5 k\u00e5re nokon p\u00e5 stamme. Dei andre hingstane med sjelden stamme oppfylte ikkje krava i avlsplanen til k\u00e5ring eller premiering verken ordin\u00e6rt eller med vekt p\u00e5 stamme.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hingstar med sjeldan stamme eller med l\u00e5gt slektskap til populasjonen kan bli k\u00e5ra eller premiert med l\u00e5gare poengsum enn ordin\u00e6re krav til k\u00e5ring og premiering. Norges Fjordhestlag har i samsvar med avlsplanen vurdert stammen p\u00e5 dei innmeldte hingstane og sett p\u00e5 kven av hingstane dette kan vere aktuelt for. I forkant av hingsteutstillinga i fjor, [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":12311,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[40],"tags":[],"class_list":["post-12273","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-hingsteutstillinga"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12273","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12273"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12273\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":12315,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12273\/revisions\/12315"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/12311"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12273"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12273"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12273"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}