{"id":2410,"date":"2016-11-16T16:48:49","date_gmt":"2016-11-16T15:48:49","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=2410"},"modified":"2016-11-16T16:48:49","modified_gmt":"2016-11-16T15:48:49","slug":"korleis-skape-ein-god-brukshest-del-i-eksterior-og-rorsler","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2016\/11\/16\/korleis-skape-ein-god-brukshest-del-i-eksterior-og-rorsler\/","title":{"rendered":"Korleis skape ein god brukshest? Del I \u2013 eksteri\u00f8r og r\u00f8rsler"},"content":{"rendered":"<p><strong>Fjordhesten er popul\u00e6r som brukshest i Noreg, og er mykje brukt i konkurransar i mange ulike greiner. Fleire og fleire startar klasser under Noregsmeisterskapen for fjordhest, og ettersp\u00f8rselen etter gode brukshestar er stor. Kva er viktige kvalitetar hos ein fjordhest som skal verte ein god og allsidig brukshest, og korleis f\u00e5r ein ut maksimalt potensiale i den hesten ein har?<\/strong><\/p>\n<p>Under Norges Fjordhestlag sitt Haustm\u00f8te p\u00e5 Nordfjordeid i oktober, vart det halden ein demonstrasjon der fleire fjordhestar vart vist fram i bruk. Ein fekk sj\u00e5 hestar med ulikt eksteri\u00f8r, og det vart forklart korleis hestane sitt eksteri\u00f8r p\u00e5verka b\u00e5de r\u00f8rslene og andre kvalitetar som brukshest. Hestane vart kommenterte av eksteri\u00f8rdommar Kari-Anne Indreb\u00f8 og dressurdommar Ida-Elin Sunde, som ogs\u00e5 rei hestane.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-2412\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_1085-500x305.jpg\" alt=\"img_1085\" width=\"300\" height=\"183\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_1085-500x305.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_1085-750x458.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_1085-610x372.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_1085.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/>Blant hestane fekk ein sj\u00e5 b\u00e5de premierte hingstar og hestar utan premiegrad, samt Noregs h\u00f8gst bed\u00f8mte fjordhoppe, Alma, som har 49 av 50 moglege eksteri\u00f8rpoeng. Kommentarane fr\u00e5 eksteri\u00f8rdommar og dressurdommar samsvarte i stor grad, og demonstrasjonen viste tydeleg at dei hestane som har eit eksteri\u00f8r som er ynskjeleg p\u00e5 fjordhesten, ogs\u00e5 fungerte godt i bruk. Det er alts\u00e5 sv\u00e6rt viktig at hesten har eit godt eksteri\u00f8r n\u00e5r ein skal forme ein god og allsidig brukshest. Eit hensiktsmessig og godt eksteri\u00f8r gir hesten gode f\u00f8resetnader for \u00e5 klare \u00e5 gjennomf\u00f8re alle dei ulike oppg\u00e5vene som vert kravd av ein allsidig brukshest som skal fungere godt i fleire greiner.<\/p>\n<p>&nbsp;<br \/>\n<img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright wp-image-2411\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_0918lite-500x363.jpg\" alt=\"img_0918lite\" width=\"250\" height=\"181\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_0918lite-500x363.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_0918lite-750x544.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_0918lite-610x443.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_0918lite-1080x783.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_0918lite.jpg 1100w\" sizes=\"auto, (max-width: 250px) 100vw, 250px\" \/>Det kanskje aller viktigaste for haldbarheita til hesten, er at han har gode, velstilte bein som toler den belastninga han vert utsett for. Skeivheiter i eitt eler fleire bein vil kunne f\u00f8re til skeivbelastning og slitasjeskader, noko som g\u00e5r ut over hesten si haldbarheit. Sm\u00e5 feil og skeivheiter gjer sjeldan store utslag, men ver obs p\u00e5 at feil som berre finnast p\u00e5 det eine beinet vil kunne f\u00f8re til at motsett bein f\u00e5r meir belastning, og d\u00e5 er hesten meir utsett for slitasjeskader. N\u00e5r ein ser p\u00e5 aktuelle hestar er det veldig lurt \u00e5 sj\u00e5 hesten bevege seg framanfr\u00e5. Ein hest som padlar med frambeina vil kunne kakke borti seg sj\u00f8lv og utvikle overbein, som igjen kan hemme r\u00f8rslene. Slike feil i r\u00f8rslene si korrektheit b\u00f8r ein difor unng\u00e5.<\/p>\n<p>Ulike greiner stiller ulike krav til hesten sitt eksteri\u00f8r. Dei fleste som konkurrerer med fjordhest ynskjer ein allsidig hest som kan fungere i b\u00e5de dressur, sprang og k\u00f8yring. For ein god allroundhest er det veldig positivt med litt lengde p\u00e5 hals og nakke. Det er ogs\u00e5 tilr\u00e5deleg \u00e5 velje ein hest som har ein god vinkel p\u00e5 skuldra. Ein steil bog vil kunne gjere r\u00f8rslene korte, og galoppen vert ofte l\u00e5st. Ein lang hest er vanskelegare \u00e5 ri og samle enn ein meir kompakt, og ein lang rygg kan ofte vere svak og b\u00f8r difor unng\u00e5ast. Ein hest som er lett i front har lettare for \u00e5 bruke bakparten aktivt, og dette er positivt for ein hest som skal brukast til dressurriding og \u2013 k\u00f8yring.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-2413\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_7868-500x380.jpg\" alt=\"img_7868\" width=\"300\" height=\"228\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_7868-500x380.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_7868-750x569.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_7868-610x463.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/11\/IMG_7868.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/>F\u00e5 hestar har perfekt eksteri\u00f8r, men dersom hesten har gode r\u00f8rsler vil dette i mange tilfelle kunne vege opp for eksteri\u00f8rfeil. Nokre hestar klarer \u00e5 bevege seg mykje betre enn det eksteri\u00f8ret deira skulle tilseie, og har hesten gode r\u00f8rsler i botnen har ein eit godt utgangspunkt. Av gangartane er travet det mest regulerbare, og er difor den det er enklast \u00e5 forbetre gjennom trening. \u00a0Skritt og galopp er ikkje like lett \u00e5 p\u00e5verke, og det er difor viktig at hesten har gode grunnkvalitetar i desse r\u00f8rslene. Skrittet skal vere taktfast og gjerne med overtramp. Fjordhesten har ofte ein tung galopp, og mange har lett for \u00e5 hamne p\u00e5 framparten. Ein hest som har lett for \u00e5 galoppere, som er lett i framparten og har ein god, taktfast, galopp er ynskjeleg. Med m\u00e5lretta trening vil ein kunne p\u00e5verke hesten i positiv retning, og gjere hesten sine r\u00f8rsler enno betre.<\/p>\n<p>Hesten m\u00e5 ogs\u00e5 ha det rette lynnet for \u00e5 kunne verte ein god brukshest. Dersom ein vil satse og kome h\u00f8gt opp i klassene, m\u00e5 hesten ha vilje og temperament \u2013 den m\u00e5 kunne gi \u00abdet vesle ekstra\u00bb. Hesten b\u00f8r vere vaken, men utan \u00e5 verte redd og skvetten. Ein lettl\u00e6rt hest med god framdrift og arbeidsvilje vil kunne\u00a0bli ein god og allsidig brukshest.<\/p>\n<p><em><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright wp-image-2100\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/07\/13619984_1126790587381662_1752970093069694703_n-500x681.jpg\" alt=\"13619984_1126790587381662_1752970093069694703_n\" width=\"184\" height=\"250\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/07\/13619984_1126790587381662_1752970093069694703_n-500x681.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/07\/13619984_1126790587381662_1752970093069694703_n-610x831.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2016\/07\/13619984_1126790587381662_1752970093069694703_n.jpg 705w\" sizes=\"auto, (max-width: 184px) 100vw, 184px\" \/>Dette er f\u00f8rste del i artikkelserien &laquo;Korleis skape ein god brukshest?&raquo; Serien er basert p\u00e5 intervju med Ida-Elin R. Sunde. Ida-Elin er 25 \u00e5r og har mykje erfaring med fjordhest, konkurransar og utdanning av hest. P\u00e5 Stall Sundedalen i Bud utanfor Molde har ho fleire eigne hestar, i tillegg til at ho tek i mot hestar i trening i b\u00e5de riding og k\u00f8yring. Ho har fagbrev i hestefag, ridel\u00e6rarutdanning fr\u00e5 Danmark og er utdanna dressurdommar II. Ho rir konkurransar med den andrepremierte hingsten Kuling, som ho har starta dressurklasser opp til Prix St. Georg med. Ida-Elin og Kuling vart greinmeister i dressur under fjordhest-NM 2016 og tok s\u00f8lv i dressur under EM for fjordhest same \u00e5r. Tidlegare har Ida-Elin vunne NM junior med hoppa Hagesilja. <\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fjordhesten er popul\u00e6r som brukshest i Noreg, og er mykje brukt i konkurransar i mange ulike greiner. Fleire og fleire startar klasser under Noregsmeisterskapen for fjordhest, og ettersp\u00f8rselen etter gode brukshestar er stor. Kva er viktige kvalitetar hos ein fjordhest som skal verte ein god og allsidig brukshest, og korleis f\u00e5r ein ut maksimalt potensiale [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":2413,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[114,110,112,111,71,113,115,88],"class_list":["post-2410","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt","tag-allsidigheit","tag-brukshest","tag-dressur","tag-eksterior","tag-haustmote","tag-koyring","tag-rorsler","tag-sprang"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2410","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2410"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2410\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2422,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2410\/revisions\/2422"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/2413"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2410"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2410"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2410"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}