{"id":3196,"date":"2017-05-12T19:14:10","date_gmt":"2017-05-12T17:14:10","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=3196"},"modified":"2017-05-12T19:14:10","modified_gmt":"2017-05-12T17:14:10","slug":"sommareksem-eit-alvorleg-problem","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2017\/05\/12\/sommareksem-eit-alvorleg-problem\/","title":{"rendered":"Sommareksem: Eit alvorleg problem"},"content":{"rendered":"<p><strong>Sommareksem er ikkje eit veldig utbreidd problem p\u00e5 fjordhest, men det f\u00f8rekjem med jamne mellomrom. Korleis er det for hestane \u00e5 leve med denne sjukdommen, og kva kan vi gjere for \u00e5 hindre at fleire vert sjuke?<\/strong><\/p>\n<div id=\"attachment_3200\" style=\"width: 260px\" class=\"wp-caption alignleft\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3200\" class=\"wp-image-3200\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/RitaBjorli32.jpg\" alt=\"\" width=\"250\" height=\"308\" \/><p id=\"caption-attachment-3200\" class=\"wp-caption-text\">Foto: Rita Bjorli<\/p><\/div>\n<p>Som de kan lese i <a href=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2017\/05\/11\/sommereksem-insect-bite-hypersensitivity\/\">artikkelen fr\u00e5 fagr\u00e5dgjevar Siri Furre<\/a>, er sommareksem ein genetisk, og difor arveleg, allergisk reaksjon. Det finnast fjordhestar b\u00e5de i Noreg og i utlandet som har sommareksem, men det er eit mykje mindre utbreidd problem hos fjordhesten enn det er hos for eksempel islandshesten. Likevel er dette noko vi m\u00e5 ta p\u00e5 alvor, og vi m\u00e5 gjere det vi kan for \u00e5 unng\u00e5 at fleire fjordhestar vert f\u00e5r sommareksem. Fjordhesten er ein relativt liten populasjon, og n\u00e5r det er f\u00e5 hestar som vert avla p\u00e5 er ein spesielt s\u00e5rbar for at genetiske lidingar spreier seg.<\/p>\n<p>Det st\u00e5r ingenting om sommareksem i avlsplanen for fjordhest, men det er i f\u00f8lgje \u00a718a i \u00ab<a href=\"https:\/\/lovdata.no\/dokument\/SF\/forskrift\/1999-01-13-67?\">Forskrift om godkjente (reinavla\/registrerte) dyr av hestefamilien<\/a>\u00bb forbode \u00e5 avle p\u00e5 dyr som vidaref\u00f8rer arveanlegg som p\u00e5verkar fysiske eller mentale funksjoner negativt. Sommareksem fell inn under denne kategorien, og alle som avlar fjordhest m\u00e5 ta ansvar for at dei dyra ein set i avl er friske.<\/p>\n<p>Det varierer fr\u00e5 hest til hest kor r\u00e5ka dei er av sommareksem. Nokre hestar merkar lite eller ingenting s\u00e5 lenge dei vert behandla med insektmiddel, men ogs\u00e5 for dei hestane som er mildt r\u00e5ka kan eksemen redusere livskvaliteten deira. Ikkje berre er sj\u00f8lve kl\u00f8en plagsam, men hestane m\u00e5 kanskje i tillegg st\u00e5 inne store delar av sommaren, eller st\u00e5 med dekken n\u00e5r dei er ute. Dekken hindrar r\u00f8rslefridomen til hestane, og i steikande sol kan det ogs\u00e5 bli sv\u00e6rt varmt under dekkena.<\/p>\n<p>Ingvild Sveen og dottera Fr\u00f8ydis er blant dei som har fjordhest med sommareksem. Dei kj\u00f8pte hoppa Fr\u00f8ken Fr\u00f8ydis som f\u00f8l, og ho viste symptom p\u00e5 sommareksem allereie som \u00e5ring. Ingvild fortel at dei har brukt mykje tid og pengar p\u00e5 \u00e5 pr\u00f8ve ut ulike behandlingar for \u00e5 redusere kl\u00f8e. Sj\u00f8lv om noko av dette har fungert til ei viss grad, er hesten framleis plaga med eksemen kvar sommar.<\/p>\n<div id=\"attachment_3199\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3199\" class=\"wp-image-3199\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/2013-09.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"383\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/2013-09.jpg 1200w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/2013-09-500x319.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/2013-09-750x479.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/2013-09-610x389.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/2013-09-1080x689.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3199\" class=\"wp-caption-text\">Fr\u00f8ken Fr\u00f8ydis, her to \u00e5r gammal. Foto: Ingvild N. Sveen<\/p><\/div>\n<p>Nokre hestar opplever s\u00e5 alvorleg sommareksem at dei kl\u00f8r av seg b\u00e5de man, hale og pannelugg. Det kan \u00f2g oppst\u00e5 store s\u00e5r over heile kroppen. For dei hestane som er hardast r\u00e5ka er avliving det einaste alternativet; det er ikkje tilr\u00e5deleg av dyrevernsomsyn \u00e5 la dei leve med slike plager.<\/p>\n<p>For nokre \u00e5r sidan hadde Rita Bjorli hingsten T\u00f8vin, som utvikla sommareksem som to\u00e5ring. Den f\u00f8rste sommaren var han ikkje s\u00e5 ille angripen, og eksemen vart halde i sjakk med kortison og hyppig vask. \u00c5ret etter vart det mykje verre, og Rita kan fortelje at hingsten kl\u00f8dde ekstremt mykje og fekk store, opne kj\u00f8tts\u00e5r over heile kroppen. Dyrlegen hennar uttalte at dette var eitt av dei verste tilfella av sommareksem han hadde sett, og T\u00f8vin vart avliva av dyrevernmessige omsyn.<\/p>\n<p>\u00abEin kjenner seg makteslaus n\u00e5r ein m\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 at hestar har det s\u00e5 vondt, og ikkje kan gjere noko for \u00e5 lindre smertene deira\u00bb, seier Rita. Ho er klar p\u00e5 at ho aldri vil ha hest med sommareksem igjen, fordi det er s\u00e5 vondt \u00e5 sj\u00e5 hestar lide slik T\u00f8vin gjorde.<\/p>\n<div id=\"attachment_3197\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3197\" class=\"wp-image-3197\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/RitaBjorli2.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"547\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/RitaBjorli2.jpg 720w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/RitaBjorli2-500x456.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/RitaBjorli2-610x556.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3197\" class=\"wp-caption-text\">Hingsten T\u00f8vin vart til slutt avliva p\u00e5 grunn av alvorleg sommareksem. Foto: Rita Bjorli<\/p><\/div>\n<p>Milj\u00f8 og klima har mykje og seie for kor vidt sjukdommen sl\u00e5r ut hj\u00e5 kvar enkelt hest. Det finnast difor hestar som aldri har vist symptom p\u00e5 sommareksem, men som ville ha vore sjuke dersom dei hadde budd ein annan stad i landet. Vi vert neppe heilt kvitt sjukdommen, blant anna fordi desse hestane ikkje vert fanga opp.<\/p>\n<p>Under arbeidet med denne artikkelen var artikkelforfattar i kontakt med mange som har eller har hatt fjordhest med sommareksem. Det som var felles for alle historiene var at folk tykkjer at \u00e5 eige ein hest med sommareksem er ein vanskeleg situasjon \u00e5 vere i. Ein pr\u00f8var s\u00e5 godt ein kan \u00e5 hjelpe hesten, men opplever ofte at det ein gjer ikkje fungerer og at hesten har store plager. Det vert ogs\u00e5 uttrykt frustrasjon over hemmeleghaldet rundt sommareksem. Folk er redde for \u00e5 fortelje namn og stamme p\u00e5 hestar som har sommareksem, fordi det verkar \u00e5 vere ei allmenn oppfatning at dette er noko ein teier om. Dersom ein held fram med \u00e5 hysje ned sjukdommen \u2013 og det faktum at det faktisk er arveleg \u2013 vil det ta mykje lengre tid f\u00f8r folk forst\u00e5r kor alvorleg dette er, og kor mykje det p\u00e5verkar hestane som er r\u00e5ka.<\/p>\n<p>Det er heilt klart at dette er ei viktig sak for fjordhestfolket \u2013 vi ynskjer at fjordhesten skal vere ei sunn, frisk og funksjonell rase, og ein fjordhest med sommareksem er ikkje i samsvar med dette m\u00e5let.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sommareksem er ikkje eit veldig utbreidd problem p\u00e5 fjordhest, men det f\u00f8rekjem med jamne mellomrom. Korleis er det for hestane \u00e5 leve med denne sjukdommen, og kva kan vi gjere for \u00e5 hindre at fleire vert sjuke? Som de kan lese i artikkelen fr\u00e5 fagr\u00e5dgjevar Siri Furre, er sommareksem ein genetisk, og difor arveleg, allergisk [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":3199,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[147,148],"class_list":["post-3196","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt","tag-hestehelse","tag-sommareksem"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3196","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3196"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3196\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3205,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3196\/revisions\/3205"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3199"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3196"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3196"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3196"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}