{"id":3338,"date":"2017-06-02T17:45:27","date_gmt":"2017-06-02T15:45:27","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=3338"},"modified":"2017-06-02T17:46:05","modified_gmt":"2017-06-02T15:46:05","slug":"generasjonsskifte-for-fjordhestfolket","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2017\/06\/02\/generasjonsskifte-for-fjordhestfolket\/","title":{"rendered":"Generasjonsskifte for fjordhestfolket"},"content":{"rendered":"<p><strong>Mange har eit inntrykk av at fjordhestmilj\u00f8et stort sett best\u00e5r av \u00abgamle hestekarar\u00bb, og i mange \u00e5r har det nok ogs\u00e5 vore slik. Dei siste \u00e5ra har det derimot skjedd ei endring, og fjordhestmilj\u00f8et er i dag prega av unge kvinner med eit stort engasjement for rasen.<br \/>\n<\/strong><br \/>\nDei siste ti\u00e5ra har bruksomr\u00e5det for fjordhesten endra seg mykje, og fjordhesten skal i dag fungere som ein allsidig hest som kan nyttast i sporten. Han har ogs\u00e5 eit s\u00e6rs godt lynne som gjer han godt egna til rideskule, terapiriding og som familiehest. D\u00e5 fjordhesten vart avla til \u00e5 fungere betre som sportshest vart det fleire kvinner blant fjordhestbrukarane. Seinare gjorde ogs\u00e5 kvinnene sitt inntog i utstillingsringen, og no er unge kvinner b\u00e5de ivrige brukarar, avlarar og utstillarar av fjordhesten.<\/p>\n<div id=\"attachment_3347\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3347\" class=\"wp-image-3347\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_2210.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"463\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_2210.jpg 2202w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_2210-500x386.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_2210-750x578.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_2210-610x470.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_2210-1080x833.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3347\" class=\"wp-caption-text\">Mange unge kvinner er ivrige brukarar av fjordhesten<\/p><\/div>\n<p>Det tok ei stund fr\u00e5 kvinnene fall for fjordhesten til dette vart synleg i Norges Fjordhestlag. I 2012 vart Janne Seilen vald til den f\u00f8rste kvinnelege leiaren i Norges Fjordhestlag. Med sine 27 \u00e5r var ho ogs\u00e5 den yngste som nokon gong har hatt dette vervet. I \u00e5r best\u00e5r styret i Norges Fjordhestlag (inkludert varamedlemmer) av fem kvinner og to menn. Avlsutvalet har tre menn og ei kvinne, marknadsf\u00f8ringsutvalet har to kvinner og ein mann, medan aktivitetsutvalet sine fire medlemmar alle er kvinner.<\/p>\n<p>Folk b\u00e5de i og utanfor milj\u00f8et skildrar fjordhestmilj\u00f8et som raust, inkluderande og kunnskapsrikt. Nokre har kanskje ein id\u00e9 om at milj\u00f8et er prega av eldre karar med ein slags angst for fornying, men situasjonen er faktisk heilt motsett. Den fellesskapen ein ser til d\u00f8mes under hingsteutstillinga p\u00e5 Eid, der unge og gamle, jenter og gutar, kvinner og menn, norske og utanlandske, avlarar og brukarar alle kjenner seg som ein del av noko st\u00f8rre, er heilt avgjerande for fjordhesten si framtid.<\/p>\n<p><strong>\u00abDet er ikkje nokon gamleheim lengre\u00bb<\/strong><\/p>\n<p>P\u00e5 Lunner, heilt s\u00f8r i Oppland, bur Kristian Bakken med kone og tolv fjordhestar. Han er kanskje mest kjent for sin kj\u00e6rleik til og avl p\u00e5 dei gr\u00e5 fjordhestane. Kristian fekk sin f\u00f8rste hest, eit d\u00f8lahestf\u00f8l, til konfirmasjonen. Han har i mange \u00e5r arbeidd i barnevernet, og dreiv bes\u00f8ksgard heime p\u00e5 Lunner som ein del av dette. D\u00e5 fekk han erfare at fjordhesten hadde akkurat dei eigenskapane og det lynnet han trengte hj\u00e5 ein hest til sitt bruk, og sidan d\u00e5 har det vore fjordhest som gjeld for Kristian.<\/p>\n<div id=\"attachment_3350\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3350\" class=\"wp-image-3350\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_9702.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"400\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_9702.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_9702-500x333.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_9702-750x500.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/MG_9702-610x407.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3350\" class=\"wp-caption-text\">Kristian er spesielt glad i dei gr\u00e5 fjordhestane<\/p><\/div>\n<p>Kristian meiner at endringa i fjordhestfolket kom fordi bruken av fjordhesten endra seg. Tidlegare var det arbeidskarane som brukte hesten, og mykje av den jobben hesten gjorde h\u00f8yrde til \u00abmannfolkyrket\u00bb. D\u00e5 hesten gjekk ut av landbruket og vart meir egna som sportshest, var dette noko som passa godt med det jentene ynskte \u00e5 bruke hesten til. D\u00e5 var det naturleg at ein ogs\u00e5 s\u00e5g ei endring i fjordhestfolket.<\/p>\n<p>Kristian hugsar godt d\u00e5 dei f\u00f8rste jentene viste hingst p\u00e5 Nordfjordeid. I starten vakte det oppsikt, og det kom kommentarar av det meir fl\u00e5sete slaget, som at \u00abjo kortare skj\u00f8rt jenta har, jo h\u00f8gare poeng f\u00e5r hingsten\u00bb. Kanskje f\u00f8lte gamlekarane seg litt forbig\u00e5tt i starten, men etter kvart s\u00e5g dei at dette var framtida for fjordhesten. No er det ingen som tenkjer s\u00e5nn, kjem det ei ung jente leiande p\u00e5 ein hingst i ringen p\u00e5 hingsteutstillinga er dette nesten meir vanleg enn at det er ein mann som held taumane. \u00abDet er ikkje nokon gamleheim lengre\u00bb seier Kristian med eit smil.<\/p>\n<div id=\"attachment_3339\" style=\"width: 310px\" class=\"wp-caption alignleft\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3339\" class=\"wp-image-3339\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_4450.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"305\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_4450.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_4450-500x508.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_4450-750x762.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_4450-610x620.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><p id=\"caption-attachment-3339\" class=\"wp-caption-text\">Kunnskapsutveksling mellom generasjonane er viktig for \u00e5 ta vare p\u00e5 kunnskap om fjordhesten. Her ser de noverande og tidlegare leiar i Norges Fjordhestlag.<\/p><\/div>\n<p>Det er gledeleg at ein del av dei yngre ikkje berre er brukarar av fjordhesten, men at dei ogs\u00e5 ynskjer \u00e5 avle. Suksessformelen for fjordhesten er at avl og bruk g\u00e5r hand i hand meiner Kristian. At den same personen er b\u00e5de avlar og brukar er eit kjempepluss, for d\u00e5 ser ein lettare kva slags hest ein treng \u00e5 avle fram. \u00c5 pr\u00f8ve \u00e5 skape eit produkt som ein sj\u00f8lv vil vere godt n\u00f8gd med og kan bruke, aukar hestekunnskapen formidabelt.<\/p>\n<p>For \u00e5 s\u00f8rge for at kunnskapen fr\u00e5 dei eldre g\u00e5r i arv til den yngre garde i fjordhestfolket meiner Kristian at lokallaga m\u00e5 ha st\u00f8rre fokus p\u00e5 kunnskapsutveksling. Dei kan til d\u00f8mes ta i bruk modulane til \u00abFokus Unghest\u00bb. Dei eldre har mykje kunnskap om det som er tema der, og dei kan vere med p\u00e5 \u00e5 formidle dette til nye fjordhestinteresserte.<\/p>\n<p>Kristian var leiar i Norges Fjordhestlag fr\u00e5 2009-2012. D\u00e5 han skulle overlate roret til andre, var det eit ynskje fr\u00e5 han at det var eit yngre menneske som tok over \u2013 gjerne ei kvinne. Han opplevde noko skepsis til dette i starten, men den skepsisen har no fordufta fr\u00e5 dei fleste. Kristian meiner at Norges Fjordhestlag sine tillitsvalde m\u00e5 ha ei breidde i b\u00e5de kj\u00f8nn og alder, for \u00e5 utnytte det varierte milj\u00f8et vi har.<\/p>\n<p><strong>\u00abDet gode milj\u00f8et er avgjerande for rasen si framtid\u00bb<\/strong><\/p>\n<p>\u00abI Norges Fjordhestlag jobbar vi p\u00e5 lag for fjordhesten\u00bb seier leiar Janne Seilen. Ho meiner det er h\u00f8g takh\u00f8gde for synspunkt og meiningar i organisasjonen, og at dette er noko av grunnen til at fjordhestmilj\u00f8et vert oppfatta som raust og inkluderande. \u00abEnkeltsaker er ikkje s\u00e5 viktig, der kan vi gjerne vere ueinige og ta ein frisk debatt\u00bb seier ho. \u00abDet som gjer at vi arbeidar s\u00e5 godt ilag er at alle har det same m\u00e5let \u2013 \u00e5 gjere det som er best for fjordhesten\u00bb. Ei slik haldning kjem ein truleg langt med, og \u00e5 vere open og inkluderande mot nye medlemmer gjer at ein f\u00e5r utvida horisonten. Sj\u00f8lv om det er mykje tradisjon knytt til fjordhesten betyr ikkje dette at ein heng att i fortida, tradisjonane kan halde fram og vere med p\u00e5 \u00e5 styrke milj\u00f8et.<\/p>\n<div id=\"attachment_3344\" style=\"width: 380px\" class=\"wp-caption alignleft\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3344\" class=\"wp-image-3344\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8265.jpg\" alt=\"\" width=\"370\" height=\"398\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8265.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8265-500x538.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8265-750x807.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8265-610x656.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 370px) 100vw, 370px\" \/><p id=\"caption-attachment-3344\" class=\"wp-caption-text\">Engasjerte fjordhestfolk er ynskja i fjordhestmilj\u00f8et &#8211; uansett alder<\/p><\/div>\n<p>Det gode milj\u00f8et rundt fjordhesten er avgjerande for rasen si framtid, meiner Janne. Den rekrutteringa ein har sett dei siste \u00e5ra har bidrege til eit st\u00f8rre fjordhestmilj\u00f8, og folk er interesserte i \u00e5 vise fram fjordhesten til nye folk. Vi har ein fantastisk rase og eit flott milj\u00f8, og ved \u00e5 vise fram dette og invitere inn nye, vil vi styrke b\u00e5de milj\u00f8et og fjordhesten. Fjordhesten er heilt avhengig av milj\u00f8et rundt for \u00e5 overleve.<\/p>\n<p>Dei eldre sit p\u00e5 mykje kunnskap som ikkje utstillingssystemet eller datamaskiner kan svare p\u00e5. For \u00e5 f\u00e5 vite dette, m\u00e5 ein snakke med folk. Janne meiner at for \u00e5 bevare denne kunnskapen m\u00e5 vi utvikle systema v\u00e5re p\u00e5 ein slik m\u00e5te at det kan dokumenterast gjennom dei. Munnleg overf\u00f8ring av kunnskap er ogs\u00e5 viktig. Fjordhestfolket m\u00e5 snakke med kvarandre og vere opne for andre sine synspunkt og erfaringar. Ho oppfordrar ogs\u00e5 dei eldre som i dag driv med fjordhest til \u00e5 halde fram, fordi det arbeidet dei gjer er veldig verdifullt for rasen. Ein fjordhest som st\u00e5r p\u00e5 garden og f\u00e5r eit f\u00f8l i ny og ne er like verdifull som ein hest som er p\u00e5 NM. Det skal vere plass til alle i fjordhestmilj\u00f8et, uansett alder, kj\u00f8nn eller kva ein likar \u00e5 bruke fjordhesten til.<\/p>\n<p>Janne har ogs\u00e5 ei oppfordring til lokallaga. Norges Fjordhestlag er ingenting utan aktive lokallag, og aktivitet i lokallaga skaper rekruttering. Norges Fjordhestlag ynskjer \u00e5 hjelpe dei lokallaga som slit med rekrutteringa, fordi det er p\u00e5 lokalt niv\u00e5 at det er enklast og viktigast \u00e5 f\u00e5 med nye fjordhestfolk.<\/p>\n<div id=\"attachment_3341\" style=\"width: 560px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3341\" class=\"wp-image-3341\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_7090.jpg\" alt=\"\" width=\"550\" height=\"600\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_7090.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_7090-500x546.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_7090-750x819.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_7090-610x666.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 550px) 100vw, 550px\" \/><p id=\"caption-attachment-3341\" class=\"wp-caption-text\">Rekrutteringa som foreg\u00e5r i lokallaga er veldig viktig for Norges Fjordhestlag<\/p><\/div>\n<p><strong>\u00abEit milj\u00f8 som held saman\u00bb<\/strong><\/p>\n<p>Arne Eide har vore eksteri\u00f8rdommar i ei \u00e5rrekkje, og i \u00e5r d\u00f8mte han p\u00e5 hingsteutstillinga for siste gong. Han har sett inntoget av kvinnene fr\u00e5 innsida av ringen p\u00e5 Nordfjordeid, og har berre positivt \u00e5 seie om at fjordhestmilj\u00f8et no er prega av yngre krefter. Han hugsar spesielt godt d\u00e5 spisshingsten i 1979, S\u00f8lvaren, vart m\u00f8nstra av Synneva Hus. P\u00e5 den tida var det langt mellom kvinnene i utstillingsringen.<\/p>\n<p>\u00abSkilnaden p\u00e5 ein hingst vist av ei ung kvinne og ein vist av ein mann er ikkje s\u00e5 stor\u00bb seier Eide. Dei unge har l\u00e6rt av dei eldre, og er like flinke til \u00e5 handtere og vise fram hestane sine. \u00abDen einaste skilnaden er kanskje at jentene er end\u00e5 litt flinkare til \u00e5 pusse hestane sine\u00bb ler han.<\/p>\n<div id=\"attachment_3345\" style=\"width: 401px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3345\" class=\"wp-image-3345\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8602.jpg\" alt=\"\" width=\"391\" height=\"500\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8602.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8602-500x639.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8602-750x958.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8602-610x779.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 391px) 100vw, 391px\" \/><p id=\"caption-attachment-3345\" class=\"wp-caption-text\">Unge kvinner i utstillingsringen er ikkje lengre eit sjeldan syn<\/p><\/div>\n<p>For Arne Eide er det viktig at alle f\u00e5r vere med i fjordhestmilj\u00f8et &#8211; vi m\u00e5 halde fram med \u00e5 vere rause og inkluderande. Dei eldre har mykje \u00e5 l\u00e6re av ungdommen \u2013 og omvendt &#8211; og vi m\u00e5 ta vare p\u00e5 alle som ynskjer \u00e5 arbeide for fjordhesten uansett alder og kj\u00f8nn. \u00abSpesielt dei siste \u00e5ra har fjordhestmilj\u00f8et vorte fantastisk fint. Det er ikkje prega av sjalusi og misunning \u2013 det er eit milj\u00f8 som held saman.\u00bb<\/p>\n<p>P\u00e5 grunn av aldersgrensa for dommarar har Arne Eide i \u00e5r d\u00f8mt si siste hingsteutstilling. Han seier det blir rart \u00e5 skulle st\u00e5 p\u00e5 utsida av ringen neste \u00e5r, men at det ogs\u00e5 vert litt godt \u00e5 kunne vere ein \u00abvanleg hestekar\u00bb.<\/p>\n<p><strong>Eit felles m\u00e5l<\/strong><\/p>\n<p>Situasjonen vi har blant fjordhestfolket nett no er ganske unik. Vi har eldre hestekarar som har drive med fjordhest i ein mannsalder, og som sit p\u00e5 uvurderlig kunnskap om b\u00e5de bruk og avl av fjordhesten. Vi har yngre kvinner med nye idear og eit brennande engasjement for rasen. Alle har det same m\u00e5let \u2013 \u00e5 gjere det som er best for fjordhesten. Dette skaper eit veldig godt utgangspunkt for kunnskapsutveksling og godt arbeid for rasen v\u00e5r. Ein ting eg som artikkelforfattar har bitt meg merke i n\u00e5r eg har snakka med folk om dette, er at dei yngre er veldig klare p\u00e5 at vi m\u00e5 ta vare p\u00e5 den kunnskapen dei som har drive med fjordhest lenge sit p\u00e5. Den er absolutt ikkje utdatert \u2013 det ein l\u00e6rer av \u00e5 halde p\u00e5 med fjordhest i \u00e5revis vil alltid vere aktuelt for rasa si framtid. Dei eldre er derimot opptatt av \u00e5 lytte til dei nye kreftene og deira innspel. Denne innstillinga trur eg er det beste utgangspunktet vi kunne hatt for eit folk som jobbar for fjordhesten sitt beste.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<div id=\"attachment_3354\" style=\"width: 417px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3354\" class=\"wp-image-3354\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8750.jpg\" alt=\"\" width=\"407\" height=\"600\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8750.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8750-500x737.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8750-750x1106.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/IMG_8750-610x899.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 407px) 100vw, 407px\" \/><p id=\"caption-attachment-3354\" class=\"wp-caption-text\">Fjordhestfolket har alle eit felles m\u00e5l &#8211; \u00e5 gjere det som er best for fjordhesten<\/p><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Mange har eit inntrykk av at fjordhestmilj\u00f8et stort sett best\u00e5r av \u00abgamle hestekarar\u00bb, og i mange \u00e5r har det nok ogs\u00e5 vore slik. Dei siste \u00e5ra har det derimot skjedd ei endring, og fjordhestmilj\u00f8et er i dag prega av unge kvinner med eit stort engasjement for rasen. Dei siste ti\u00e5ra har bruksomr\u00e5det for fjordhesten endra [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":3356,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[150],"class_list":["post-3338","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt","tag-fjordhestfolket"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3338","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3338"}],"version-history":[{"count":9,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3338\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3358,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3338\/revisions\/3358"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3356"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3338"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3338"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3338"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}