{"id":3630,"date":"2017-06-11T19:07:18","date_gmt":"2017-06-11T17:07:18","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=3630"},"modified":"2017-06-11T19:50:47","modified_gmt":"2017-06-11T17:50:47","slug":"fjordhesten-i-medvind-pa-helgeland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2017\/06\/11\/fjordhesten-i-medvind-pa-helgeland\/","title":{"rendered":"Fjordhesten i medvind p\u00e5 Helgeland"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dei siste \u00e5ra har det vorte fleire og fleire fjordhestar p\u00e5 Helgeland, og hestefolket der har verkeleg f\u00e5tt augo opp for allsidigheita og det gode lynnet til fjordhesten. <\/strong><\/p>\n<p>Det har lenge vore eit aktivt hestemilj\u00f8 p\u00e5 Helgeland. Sprangriding er spesielt popul\u00e6rt her, og det vert arrangert mange stemner. Fleire driv ogs\u00e5 med dressur og k\u00f8yring. Dei rasane ein ser oftast er d\u00f8lahest, nordlandshest\/lyngshest og ulike ridehestrasar.<\/p>\n<p>Dei siste \u00e5ra har fjordhesten vorte veldig popul\u00e6r p\u00e5 Helgeland. Blant dei som no har kj\u00f8pt eller ynskjer \u00e5 kj\u00f8pe seg fjordhest ser ein mange som tidlegare har drive med k\u00f8yring, men ogs\u00e5 folk som driv rideskule og folk som vil ha ein allsidig hest. I fjordhesten har dei ein hest dei kan bruke til alle greiner og som ikkje set grenser for kor h\u00f8gt niv\u00e5 dei kan n\u00e5. I tillegg er han ein godlynt og trygg hest som heile familien kan ha glede av.<\/p>\n<div id=\"attachment_3633\" style=\"width: 310px\" class=\"wp-caption alignleft\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3633\" class=\"wp-image-3633\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073949_10155252227832667_1612107911_n.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"365\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073949_10155252227832667_1612107911_n.jpg 720w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073949_10155252227832667_1612107911_n-500x608.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073949_10155252227832667_1612107911_n-610x741.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><p id=\"caption-attachment-3633\" class=\"wp-caption-text\">Vilja med det nyaste medlemmet i flokken, eit hoppef\u00f8l e. Gl\u00f8d.<\/p><\/div>\n<p><strong>Nyfrelst fjordhestentusiast<\/strong><\/p>\n<p>Vilja Forseng Flat\u00e5s er ein av dei nye fjordhesteigarane p\u00e5 Helgeland. Ho bur p\u00e5 garden Andneset i Luktvatnet i Vefsn kommune saman med mann og tre d\u00f8trer. Vilja har drive med hest i mange \u00e5r, og er spesielt interessert i k\u00f8yring. Tidlegare har ho hatt oldenburgarar, men etter at ho fall for fjordhesten er det den rasa ho vil halde seg til.<\/p>\n<p>Vilja har alltid likt fjordhesten, men fordi det har vore lite fjordhest der ho bur har ho ikkje f\u00e5tt mykje erfaring med rasen. D\u00e5 ho deltok p\u00e5 eit k\u00f8yrekurs i Trondheim for nokre \u00e5r sidan fekk ho sj\u00e5 fjordhesten sine gode eigenskapar p\u00e5 n\u00e6rt hald. Ho la merke til at fjordhestane som deltok hadde ei enorm evne til \u00e5 omstille seg \u2013 f\u00f8r start var dei rolege, men inne i maratonhindera var det \u00abb\u00e5nn pinne\u00bb. Etterp\u00e5 var hestane like rolege. Dette s\u00e5g ho p\u00e5 som ein veldig god eigenskap, og ho vart enno meir nysgjerrig p\u00e5 fjordhesten.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<div id=\"attachment_3638\" style=\"width: 260px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3638\" class=\"wp-image-3638\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19141445_10155252256587667_607314323_n.jpg\" alt=\"\" width=\"250\" height=\"327\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19141445_10155252256587667_607314323_n.jpg 540w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19141445_10155252256587667_607314323_n-500x654.jpg 500w\" sizes=\"auto, (max-width: 250px) 100vw, 250px\" \/><p id=\"caption-attachment-3638\" class=\"wp-caption-text\">Heile familien kan ha glede av fjordhesten<\/p><\/div>\n<p>Etter at ho kj\u00f8pte sin f\u00f8rste fjordhest nokre \u00e5r seinare, ser Vilja at det \u00e5 ha fjordhest er enkelt \u00e5 kombinere med familielivet. Hestane har mindre skader enn mange andre raser, og krev ikkje s\u00e5 mykje med tanke p\u00e5 f\u00f4ring. Dei toler \u00e5 st\u00e5 ei stund utan \u00e5 bli brukt, og dei er fine barnehestar som heile familien kan ha glede av. B\u00e5de Vilja og dottera Frid p\u00e5 16 \u00e5r konkurrerte med den f\u00f8rre fjordhesten dei hadde, vallaken Logn. Hesteinteressa har blomstra hos alle tre d\u00f8trene hennar etter at dei fekk fjordhest p\u00e5 garden. Hestane har eit veldig godt lynne, og ungane opplever meistringskjensle av \u00e5 kunne handtere hestane sj\u00f8lve.<\/p>\n<p>Den opphavlege planen til Vilja var \u00e5 ha fjordhest i nokre \u00e5r fordi det var ein hest ungane kunne bruke, og s\u00e5 g\u00e5 tilbake til st\u00f8rre rasar seinare. No ser ho ingen grunn til \u00e5 bytte ut fjordhesten. \u00a0\u00abEg har alt eg treng i fjordhesten\u00bb seier ho. \u00abFjordhesten kan n\u00e5 langt i b\u00e5de k\u00f8yring og dressur, og hindera fjordhesten kan hoppe er meir enn h\u00f8ge nok for meg.\u00bb<\/p>\n<p><strong>Det f\u00f8rste f\u00f8let p\u00e5 Andneset<\/strong><\/p>\n<p>I fjor kj\u00f8pte Vilja ein ny fjordhest, den no femten \u00e5r gamle hoppa Hartveit Seira etter Haukmann. Eigentleg hadde ho tenkt \u00e5 kj\u00f8pe ein hest ho kunne ta med p\u00e5 stemner\u00a0med ein gong, men ho enda litt tilfeldig opp med ei drektig hoppe i staden. Det \u00e5 ha drektig hoppe og f\u00e5 vere med p\u00e5 heile prosessen fram til f\u00f8lling har vore ei utruleg oppleving fortel Vilja, og h\u00f8gdepunktet var d\u00e5 ei lita hoppe vart f\u00f8dd p\u00e5 Andneset f\u00f8rre veke. Vilja si mellomste dotter foreslo namnet Petra \u2013 oppattkalla etter mannen som tok i mot f\u00f8let. Drektigheit og f\u00f8lling har gitt meirsmak, og Seira skal til hingst i \u00e5r ogs\u00e5. Vilja k\u00f8yrer heile den lange vegen fr\u00e5 Helgeland til Nordm\u00f8re for \u00e5 sleppe ho med hingsten Heggnes Balder i slutten av juni.<\/p>\n<div id=\"attachment_3631\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3631\" class=\"wp-image-3631\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073153_10155252228082667_1726976893_o.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"385\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073153_10155252228082667_1726976893_o.jpg 1920w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073153_10155252228082667_1726976893_o-500x321.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073153_10155252228082667_1726976893_o-750x481.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073153_10155252228082667_1726976893_o-610x391.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19073153_10155252228082667_1726976893_o-1080x692.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3631\" class=\"wp-caption-text\">Hartveit Seira og f\u00f8let Andnes Petra e. Gl\u00f8d<\/p><\/div>\n<p><strong>Nytt lokallag<\/strong><\/p>\n<div id=\"attachment_3637\" style=\"width: 410px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3637\" class=\"wp-image-3637\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19114354_10155252260552667_1812250716_n.jpg\" alt=\"\" width=\"400\" height=\"322\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19114354_10155252260552667_1812250716_n.jpg 960w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19114354_10155252260552667_1812250716_n-500x403.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19114354_10155252260552667_1812250716_n-750x604.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19114354_10155252260552667_1812250716_n-610x491.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 400px) 100vw, 400px\" \/><p id=\"caption-attachment-3637\" class=\"wp-caption-text\">Nokre av medlemmane i Helgeland Fjordhestlag. Fr\u00e5 venstre: Ninja Hansen og D\u00f8nning, Kaja Steffensen og Gr\u00e5lina, Marte Thoresen og Dalseters Bendik, Vilja Forseng Flat\u00e5s og Logn, Kine Solli Trondmo og Finslands Litagr\u00e5<\/p><\/div>\n<p>Vilja er ikkje den einaste p\u00e5 Helgeland som har f\u00e5tt augo opp for fjordhesten. I 2015 skipa fleire fjordhestentusiastar i omr\u00e5det eit nytt lokallag i Norges Fjordhestlag \u2013 Helgeland Fjordhestlag. Det finnast to andre fjordhestlag i Nordland, S\u00f8mna og Br\u00f8nn\u00f8y Fjordhestlag og Salten Fjordhestlag, men det er veldig stor avstand mellom desse, og det var difor naturleg \u00e5 starte eit nytt lokallag midt i mellom.<\/p>\n<p>Lokallaga for d\u00f8lahest og nordlandshest\/lyngshest p\u00e5 Helgeland har i fleire \u00e5r arrangert Helgelandsskeid, som er eit veldig popul\u00e6rt arrangement. \u00c5 kunne vere med \u00e5 arrangere dette var mykje av grunnen til at Helgeland fjordhestlag vart skipa.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Tur til hingsteutstillinga p\u00e5 Nordfjordeid<\/strong><\/p>\n<p>Fem av medlemmane i Helgeland Fjordhestlag tok i mai turen til hingsteutstillinga p\u00e5 Nordfjordeid. Her tok dei del i alle aktivitetane, og dei vart veldig positivt overraska over arrangementet. Vilja fortel at det var mange som tok kontakt med dei og syns det var stas at det kom folk s\u00e5 langt nordfr\u00e5 for \u00e5 delta p\u00e5 utstillinga. Ho seier at dei kjende seg veldig velkomne, og at dei fekk inntrykk av at fjordhestmilj\u00f8et er inkluderande og raust.\u00a0Dei syns ogs\u00e5 det var kjekt \u00e5 sj\u00e5 at fjordhesten har ein s\u00e5 viktig posisjon p\u00e5 Nordfjordeid \u2013 arrangementet var ikkje berre for entusiastar, heile lokalmilj\u00f8et deltok og aktivitetane vart haldne over heile sentrum. Stemninga p\u00e5 utstillinga var h\u00f8gtideleg, og det var veldig tydeleg \u00e5 sj\u00e5 at folka som deltok er stolte av fjordhesten.<\/p>\n<p>Hingsteutstillinga var ei l\u00e6rerik oppleving der dei fekk sj\u00e5 mange fjordhingstar i ulike samanhengar. Det er tydeleg at dei ogs\u00e5 vart inspirert av \u00e5 vere med, for alle dei som var der har bestemt seg for \u00e5 bedekke hoppene sine i \u00e5r. Fleire ynskjer seg hingstef\u00f8l, slik at dei kan f\u00e5 oppleve stemninga p\u00e5 hingsteutstillinga fr\u00e5 innsida av ringen.<\/p>\n<p><strong>God fjordhestreklame<\/strong><\/p>\n<div id=\"attachment_3636\" style=\"width: 410px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3636\" class=\"wp-image-3636\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/19075393_10155252250712667_308818329_n.jpg\" alt=\"\" width=\"400\" height=\"358\" \/><p id=\"caption-attachment-3636\" class=\"wp-caption-text\">\u00c5 vise fram fjordhesten p\u00e5 stemner er god fjordhestreklame. Her er Vilja si eldste dotter, Frid, og vallaken Logn.<\/p><\/div>\n<p>Vilja reiser mykje rundt p\u00e5 stemner som steward. Det er alltid fjordhestar med n\u00e5r det arrangerast stemner, og felles for fjordhestane er at dei alle er ukompliserte \u00e5 handtere b\u00e5de p\u00e5 og utanfor konkurransebana. Folk legg merke til at fjordhestane er kjekke \u00e5 ha med \u00e5 gjere, og dei ser ogs\u00e5 at hestane gjer det bra i dei klassene dei deltek i. \u00ab\u00c5 vise fram fjordhesten p\u00e5 denne m\u00e5ten er uvurderleg reklame for rasen\u00bb seier Vilja, som meiner at dette er mykje av grunnen til at s\u00e5 mange i omr\u00e5det har f\u00e5tt augo opp for fjordhesten.<\/p>\n<p>Fjordhesten er i vinden og talet fjordhestar p\u00e5 Helgeland stig. Mange er interesserte i \u00e5 kj\u00f8pe seg fjordhest, s\u00e5 forh\u00e5pentlegvis vil det verte enno fleire fjordhestar her i \u00e5ra som kjem. Store avstandar gjer det vanskeleg for mange \u00e5 reise til dei popul\u00e6re fjordhestdistrikta for \u00e5 kj\u00f8pe hest, men allereie neste sommar er det venta fleire fjordhestf\u00f8l p\u00e5 Helgeland. Vilja h\u00e5per at dei f\u00f8la ho avlar i framtida kan seljast til andre fjordhestinteresserte i omr\u00e5det, slik at fjordhesten f\u00e5r ein enno sterkare posisjon ogs\u00e5 i denne delen av landet.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dei siste \u00e5ra har det vorte fleire og fleire fjordhestar p\u00e5 Helgeland, og hestefolket der har verkeleg f\u00e5tt augo opp for allsidigheita og det gode lynnet til fjordhesten. Det har lenge vore eit aktivt hestemilj\u00f8 p\u00e5 Helgeland. Sprangriding er spesielt popul\u00e6rt her, og det vert arrangert mange stemner. Fleire driv ogs\u00e5 med dressur og k\u00f8yring. [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":3633,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[153,97],"class_list":["post-3630","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt","tag-helgeland-fjordhestlag","tag-lokallag"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3630","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3630"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3630\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3645,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3630\/revisions\/3645"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3633"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3630"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3630"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3630"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}