{"id":3780,"date":"2017-07-04T16:41:32","date_gmt":"2017-07-04T14:41:32","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=3780"},"modified":"2017-07-04T16:43:56","modified_gmt":"2017-07-04T14:43:56","slug":"tvillingfodsel-pa-sorlandet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2017\/07\/04\/tvillingfodsel-pa-sorlandet\/","title":{"rendered":"Tvillingf\u00f8dsel p\u00e5 S\u00f8rlandet"},"content":{"rendered":"<p><strong>Tvillingf\u00f8dslar p\u00e5 hest er ganske sjeldan, og enno sjeldnare er det at begge f\u00f8la overlever f\u00f8dselen. I \u00e5r vart det for tredje gong p\u00e5 tre \u00e5r f\u00f8dd tvillingar av fjordhest i Noreg.<\/strong><\/p>\n<p>For tre \u00e5r sidan fekk hoppa \u00d8vrab\u00f8 Tyra tvillingar etter Fjelltor, og i fjor fekk hoppa Gjerde Fabina tvillingar etter Lille Ulrik. At det skulle kome nok eit tvillingpar i \u00e5r var det vel ikkje s\u00e5 mange som trudde, men laurdag fekk hoppa Marion ei hoppe og ein hingst etter Herr Fin.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-3783 alignright\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19727079_1533592833338247_1954082714_o.png\" alt=\"\" width=\"400\" height=\"251\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19727079_1533592833338247_1954082714_o.png 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19727079_1533592833338247_1954082714_o-500x313.png 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19727079_1533592833338247_1954082714_o-750x470.png 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19727079_1533592833338247_1954082714_o-610x382.png 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19727079_1533592833338247_1954082714_o-400x250.png 400w\" sizes=\"auto, (max-width: 400px) 100vw, 400px\" \/> Vibekke Haugebo, som har Marion til l\u00e5ns, seier at ho vart sjokkert d\u00e5 ho skj\u00f8nte at det var to f\u00f8l som kom. Ho hadde f\u00f8lgd n\u00f8ye med p\u00e5 jura, slik at ho visste om lag n\u00e5r f\u00f8dselen ville starte. Ho var heldig og fekk med seg alt. D\u00e5 hoppef\u00f8let hadde kome ut, haldt Marion fram med \u00e5 presse, og Vibekke tykte det var rart om etterb\u00f8ra skulle kome s\u00e5 fort. Ganske snart vart det klart at det ikkje var etterb\u00f8ra som kom, men enno eit f\u00f8l \u2013 ein liten hingst. \u00abEg haldt nesten p\u00e5 \u00e5 besvime d\u00e5 eg skj\u00f8nte at det var to!\u00bb seier ho.<\/p>\n<p>Tvillingf\u00f8dlsar er sjeldne hos hest. Berre rundt 10% av tvillingane overlever f\u00f8dselen, og i dei fleste tilfella kastar hoppa undervegs i drektigheita. Det vert trongt i livmora n\u00e5r to m\u00e5 dele p\u00e5 plassen, og tvillingf\u00f8l kan ofte f\u00e5 problem med beinstillinga fordi dei har hatt lite plass. Det er heller ikkje uvanleg at tvillingar har underutvikla hjarte eller lunger, og mange d\u00f8yr kort tid etter f\u00f8dselen.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om det s\u00e5g lyst ut for dei to sm\u00e5 p\u00e5 S\u00f8rlandet, snudde det fort d\u00e5 hoppef\u00f8let vart sjuk m\u00e5ndag kveld. Det er usikkert kva som feila ho, men ho sovna stille inn etter \u00e5 ha kjempa i tretten timar. Hingstef\u00f8let verkar heldigvis sunn og frisk, og hoppar og sprett rundt n\u00e5r han f\u00e5r vere med mor si ut. Vibekke hadde ynskt seg eit hingstef\u00f8l, s\u00e5 no h\u00e5per ho at alt g\u00e5r bra med han. I fjor k\u00f8yrde ho til saman 320 mil med Marion for \u00e5 bedekke med hingsten Herr Fin, s\u00e5 det er ingen tvil om at dette er ein kombinasjon ho har tru p\u00e5.<\/p>\n<div id=\"attachment_3784\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3784\" class=\"wp-image-3784\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19866748_1533589326671931_1892825125_o.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"411\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19866748_1533589326671931_1892825125_o.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19866748_1533589326671931_1892825125_o-500x342.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19866748_1533589326671931_1892825125_o-750x513.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19866748_1533589326671931_1892825125_o-610x417.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3784\" class=\"wp-caption-text\">Marion og hennar to sm\u00e5<\/p><\/div>\n<p>Marion hadde g\u00e5tt om lag ei veke over termin d\u00e5 dei to sm\u00e5 kom til verda. P\u00e5 ultralyd s\u00e5g ein berre eitt foster, s\u00e5 det var ingen som mistenkte at det kunne kome fleire. F\u00f8la var ganske sm\u00e5 d\u00e5 dei vart f\u00f8dde, og hingsten, som var den svakaste, vart gitt flaske i tillegg til \u00e5 die det f\u00f8rste d\u00f8gnet. Han hostar litt, noko som kanskje skuldast fostervatn i lungene, og han f\u00e5r behandling for dette. Vibekke fortel at ho har god dialog med veterin\u00e6rar som gjer alt dei kan for at det skal g\u00e5 bra for den vesle hingsten.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-3782\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19650437_1533588106672053_538680528_o.jpg\" alt=\"\" width=\"380\" height=\"289\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19650437_1533588106672053_538680528_o.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19650437_1533588106672053_538680528_o-500x380.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19650437_1533588106672053_538680528_o-750x569.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/19650437_1533588106672053_538680528_o-610x463.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 380px) 100vw, 380px\" \/>Vibekke er klar p\u00e5 at ein ikkje hjelp hestane for ein kvar pris. Dersom hingsten ikkje er sterk nok til \u00e5 f\u00e5 eit godt liv, m\u00e5 han avlivast. Dyr skal ikkje ha det vondt, og sidan dei ikkje kan bestemme sj\u00f8lv m\u00e5 vi menneske ta avgjerdene for dei. \u00abEin m\u00e5 tenke p\u00e5 hestane si velferd, og ikkje sine eigne kjensler i slike situasjonar\u00bb seier ho. \u00abSj\u00f8lvsagt er det trist dersom det ikkje g\u00e5r rette vegen, men ein kan ikkje la hestane leve med smerter.\u00bb<\/p>\n<p>Dersom alt g\u00e5r rett veg med den vesle hingsten, kjem han nok til \u00e5 bli hj\u00e5 Vibekke. \u00abN\u00e5r ein f\u00e5r ei slik oppleving vert hestane ekstra spesielle for ein\u00bb seier ho. \u00a0Det er mykje jobb med han akkurat no, og heile familien er sett i sving for \u00e5 hjelpe til. Det er viktig \u00e5 passe p\u00e5 at han f\u00e5r i seg nok mat, slik at han kan vekse seg stor og sterk.<\/p>\n<p>Dette er andre gongen Vibekke opplever dramatikk rundt hestef\u00f8dslar. Ho har tidlegare f\u00e5tt f\u00f8l p\u00e5 ei Shetlandsponnihoppe som var d\u00f8df\u00f8dt, og no har ho mista den eine av tvillingane. \u00abEg veit ikkje om eg t\u00f8r pr\u00f8ve att dersom det g\u00e5r d\u00e5rleg denne gongen\u00bb seier ho, \u00abdet er s\u00e5 vanskeleg \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5\u00a0 at hestane har det vondt. Ein kjenner seg s\u00e5 hjelpelaus n\u00e5r ein ikkje kan gjere noko for dei.\u00bb<\/p>\n<p>Vi vonar at alt g\u00e5r bra med den vesle hingsten, og at han veks opp til \u00e5 bli akkurat den hesten Vibekke hadde i tankane d\u00e5 ho kj\u00f8rte den lange vegen til hingst i fjor sommar.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<div id=\"attachment_3781\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3781\" class=\"wp-image-3781\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/17522523_1533589150005282_196138398_o.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"425\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/17522523_1533589150005282_196138398_o.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/17522523_1533589150005282_196138398_o-500x354.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/17522523_1533589150005282_196138398_o-750x531.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/17522523_1533589150005282_196138398_o-610x432.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/17522523_1533589150005282_196138398_o-400x284.jpg 400w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3781\" class=\"wp-caption-text\">Heile familien hjelper til<\/p><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tvillingf\u00f8dslar p\u00e5 hest er ganske sjeldan, og enno sjeldnare er det at begge f\u00f8la overlever f\u00f8dselen. I \u00e5r vart det for tredje gong p\u00e5 tre \u00e5r f\u00f8dd tvillingar av fjordhest i Noreg. For tre \u00e5r sidan fekk hoppa \u00d8vrab\u00f8 Tyra tvillingar etter Fjelltor, og i fjor fekk hoppa Gjerde Fabina tvillingar etter Lille Ulrik. At [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":3783,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[28,96,160],"class_list":["post-3780","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt","tag-avl","tag-fol","tag-tvillingfol"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3780","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3780"}],"version-history":[{"count":9,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3780\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3793,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3780\/revisions\/3793"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3783"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3780"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3780"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3780"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}