{"id":4355,"date":"2017-10-08T21:46:06","date_gmt":"2017-10-08T19:46:06","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=4355"},"modified":"2017-10-08T21:51:34","modified_gmt":"2017-10-08T19:51:34","slug":"vil-du-vere-med-i-forprosjekt-for-utdanning-av-unghest","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2017\/10\/08\/vil-du-vere-med-i-forprosjekt-for-utdanning-av-unghest\/","title":{"rendered":"Invitasjon til forprosjekt for utdanning av unghest"},"content":{"rendered":"<p><strong>Vi treng ferdig utdanna hestar fr\u00e5 dei nasjonale hesterasane \u00e5 tilby marknaden. Norsk Fjordhestsenter og raseorganisasjonane for dei tre norske hesterasane set difor i gong &laquo;Prosjekt Kvalitetshest&raquo; &#8211; eit forprosjekt p\u00e5 utdanning av unghest. Kan det vere aktuelt for din hest?<\/strong><\/p>\n<p>M\u00e5let med Prosjekt Kvalitetshest er \u00e5 utdanne trygge kvalitetshestar for nye hesteeigarar og unge brukarar. Ved \u00e5 la hestane g\u00e5 igjennom eit kvalitetssikra utdanningsprogram vil ein kunne redusere talet p\u00e5 ulykker med hest og tilby marknaden trygge hestar av nasjonal rase. Dei tre nasjonale hesterasane er s\u00e6rleg godt eigna til utdanningsprosjektet fordi dei fr\u00e5 naturen si side er rusta med eit st\u00f8dig temperament og god helse.\u00a0 F\u00f8resetnadene for \u00e5 skape trygge og gode hestar til bruk for born, unge og uerfarne hesteeigarar er veldig gode n\u00e5r ein har ein fjordhest, nordlandshest\/lyngshest eller d\u00f8lahest.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-4360\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_5345.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"476\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_5345.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_5345-500x397.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_5345-750x595.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_5345-610x484.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p>Dei nasjonale hestesentera er ein god arena for utdanningsprosjektet. Dei har kompetanse og erfaring til \u00e5 kunne stalle opp og utdanne unge hestar til \u00e5 verta trygge brukshestar. Det er viktig at hestane er tilpassa den bruken som marknaden i Noreg ettersp\u00f8r.<\/p>\n<p>Det er gjort mykje arbeid med planar for korleis ei unghestutdanning b\u00f8r vere med omsyn til alder, innhald, krav til handtering, trenarar m.m., men ein har enno ikkje hatt mogelegheit til \u00e5 teste dette ut. Gjennom forprosjektet vil ein skaffe meir kunnskap om ressursbruk, \u00f8konomi, nytte og praktisk gjennomf\u00f8ring. Ei arbeidsgruppe vil f\u00f8lgje opp prosjektet og hestane som er med.<\/p>\n<p>M\u00e5let med forprosjektet er \u00e5 hauste erfaringar og dokumentasjon slik at ein st\u00e5r att med utkast til utdanningsl\u00f8p og det unghestane skal gjennom. Dette gjeld mellom anna dagleg handtering, tilvenning til utstyr, t\u00f8mmek\u00f8yring, innk\u00f8yring, innriding m.m. Erfaringane fr\u00e5 forprosjektet vert viktige for \u00e5 etablere permanent tilbod om utdanning av kvalitetshest<\/p>\n<p>I forprosjektet vi vi ha to utdanningsperiodar: Fr\u00e5 oktober til ca 15. desember og 15. januar &#8211; 15 mars. Det kan vere aktuelt for enkelte hestar \u00e5 delta i begge periodane avhengig av kva utdanningsm\u00e5let er.<\/p>\n<div id=\"attachment_4359\" style=\"width: 410px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4359\" class=\"wp-image-4359\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_4600.jpg\" alt=\"\" width=\"400\" height=\"320\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_4600.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_4600-500x400.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_4600-750x599.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_4600-610x487.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 400px) 100vw, 400px\" \/><p id=\"caption-attachment-4359\" class=\"wp-caption-text\">Gunnar Bruland er fagleg ansvarleg for prosjektet<\/p><\/div>\n<p>Gunnar Bruland er fagleg ansvarleg for treningsplanane og Norsk Fjordhestsenter har ansvar for dagleg handtering og oppf\u00f8lging av dei indiviuelle treningsplanane for kvar hest. Det vil vere god kommunikasjon med eigarane gjennom utdanningsperioden.<\/p>\n<p>Etter kvar utdanningsperiode vil vi ha ein felles salsdag for hestane i prosjektet. Hestane vert ogs\u00e5 marknadsf\u00f8rt p\u00e5 eiga side med film og bilete undervegs i utdanningsperioden dersom eigaren \u00f8nskjer det.<\/p>\n<p>Deltakarane i forprosjektet betaler berre oppstallingskostnader (2775 kr per mnd, inkl mva), og kostnader til evt skoing og veterin\u00e6r. \u00d8vrige kostnader i forprosjektet vert dekt av Norsk Fjordhestsenter og st\u00f8tte fr\u00e5 Hestehjelpskassa.<\/p>\n<p><strong>Kan dette vere aktuelt for din unghest? <\/strong><\/p>\n<p>S\u00f8k p\u00e5 <a href=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/S\u00f8knadsskjema-Prosjekt-Kvalitetshest.docx\">vedlagt s\u00f8knadsskjema<\/a>\u00a0innan\u00a015. oktober. Eigarane til hestane som vert plukka ut til prosjektet vert kontakta s\u00e5 snart som r\u00e5d etter fristen. Dei som ikkje kjem med i fyrste omgang kan vere aktuelle seinare.<\/p>\n<p>Krav til hestar i pilotprosjektet:<em><br \/>\n<\/em>&#8211; Nasjonal rase<br \/>\n&#8211; Hoppe eller vallak<br \/>\n&#8211; Unghest, 2 til 4 \u00e5r<br \/>\n&#8211; Det er \u00f8nskeleg at hestane har vore vist p\u00e5 f\u00f8lskue eller unghestskue<\/p>\n<p>Alle hestar som skal stallast opp hos Norsk Fjordhestsenter AS skal ha gyldig vaksinasjonsattest. Hestar med lyter (eks. krybbebitt, veving, vindsluking), blir ikkje tatt inn i prosjektet. Vi anbefalar at hestane er forsikra.<\/p>\n<p>Send inn s\u00f8knadsskjema til <a href=\"mailto:post@norsk-fjordhestsenter.no\">post@norsk-fjordhestsenter.no<\/a> s\u00e5 snart som r\u00e5d.<br \/>\nKontaktperson ved sp\u00f8rsm\u00e5l: Magni Hjertenes Flyum, Norsk Fjordhestsenter, tlf 93422756<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-4358\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/DSC1854.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"462\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/DSC1854.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/DSC1854-500x385.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/DSC1854-750x578.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/DSC1854-610x470.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Vi treng ferdig utdanna hestar fr\u00e5 dei nasjonale hesterasane \u00e5 tilby marknaden. Norsk Fjordhestsenter og raseorganisasjonane for dei tre norske hesterasane set difor i gong &laquo;Prosjekt Kvalitetshest&raquo; &#8211; eit forprosjekt p\u00e5 utdanning av unghest. Kan det vere aktuelt for din hest? M\u00e5let med Prosjekt Kvalitetshest er \u00e5 utdanne trygge kvalitetshestar for nye hesteeigarar og unge [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":4360,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[177],"class_list":["post-4355","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt","tag-prosjekt-kvalitetshest"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4355","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4355"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4355\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":4365,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4355\/revisions\/4365"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/4360"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4355"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4355"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4355"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}