{"id":4547,"date":"2017-12-02T11:04:43","date_gmt":"2017-12-02T10:04:43","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=4547"},"modified":"2017-12-02T11:04:43","modified_gmt":"2017-12-02T10:04:43","slug":"prosjekt-kvalitetshest-forprosjektet-er-i-gong-pa-norsk-fjordhestsenter","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2017\/12\/02\/prosjekt-kvalitetshest-forprosjektet-er-i-gong-pa-norsk-fjordhestsenter\/","title":{"rendered":"Prosjekt Kvalitetshest: Forprosjektet er i gong p\u00e5 Norsk Fjordhestsenter"},"content":{"rendered":"<p><strong>Mange ynskjer \u00e5 kj\u00f8pe seg fjordhest, d\u00f8lahest eller nordlandshest\/lyngshest, men dei aller fleste har eit krav om at hesten dei kj\u00f8per skal ha ei viss utdanning. Oppdrettarar rundt om i landet har unghestar til sals, men desse manglar ofte utdanning for \u00e5 kunne verte attraktive salshestar. Prosjekt Kvalitetshest skal vere eit mellomledd her, som gjer at ein f\u00e5r grunnutdanna hestar \u00e5 tilby marknaden.<\/strong><\/p>\n<p><em>Tekst og foto: Ingvild Rydjord Hansen<\/em><\/p>\n<p>Prosjekt Kvalitetshest skal skape kvalitetshestar av dei tre nasjonale hesterasane. H\u00e5pet er at ein b\u00e5de skal f\u00e5 frigjort plass hj\u00e5 oppdrettarane, som d\u00e5 kan bedekke hoppene sine p\u00e5 nytt, og at ein skal gjere det lettare og meir attraktivt \u00e5 kj\u00f8pe dei norske rasane. Som namnet p\u00e5 prosjektet tilseier skal dette skape kvalitetshestar, som har gjennomg\u00e5tt eit utdanningsprogram forma av r\u00f8ynde hestefolk. Folk skal vere sikre p\u00e5 at n\u00e5r dei kj\u00f8per ein hest fr\u00e5 Prosjekt Kvalitetshest, er dette ein trygg hest som dei kan ha mykje glede av.<\/p>\n<p>Prosjektet er eit samarbeid mellom raselaga for dei tre nasjonale hesterasane og dei tre nasjonale hestesentera. Det har vorte arbeidd med prosjektet i lang tid, og det er ei glede \u00e5 fortelje at forprosjektet no er i gong p\u00e5 Norsk Fjordhestsenter. I november kom seks unghestar til senteret, og dei har hatt stor framgong p\u00e5 tida dei har vore i trening der.<\/p>\n<p>Ansvarleg for den daglege treninga er Ben Hjelmervik, som har mange \u00e5rs erfaring med temjing av hestar. Til saman har han temt omtrent to hundre hestar, og han har stilt ut 36 hingstar p\u00e5 Nordfjordeid. N\u00e5r ein h\u00f8yrer Ben fortelje om Prosjekt Kvalitetshest er det ingen tvil om at dette er noko han brenn for. \u00abEg har lenge meint at dette er ein fantastisk id\u00e9, og eg er veldig glad for at prosjektet no er starta opp. Eg trur dette vert ein stor suksess, og h\u00e5par at det at trygge, gode, norske hestar no vert tilbudt marknaden gjer at enno fleire vel dei norske hesterasane\u00bb seier han.<\/p>\n<p>Fagleg ansvarleg for prosjektet er Gunnar Bruland. Han er ein erfaren hestekar som har halde kurs over heile landet, og han er ogs\u00e5 den mest nytta kurshaldaren i \u00abFokus Unghest\u00bb-prosjektet. Gunnar er med p\u00e5 treninga nokre dagar, og er ogs\u00e5 ansvarleg for \u00e5 utforme treningsplanane. Han f\u00e5r kontinuerleg oppdatering p\u00e5 korleis det g\u00e5r med hestane i prosjektet, og kjem med innspel til korleis ein b\u00f8r arbeide med ulike utfordringar undervegs.<\/p>\n<p>L\u00e6rling ved Norsk Fjordhestsenter, Ina Malene Berge, deltek ogs\u00e5 i den daglege handteringa av unghestane. Ho seier ho er imponert over kor fort unghestane fann seg til ro p\u00e5 ein ny plass, og seier det er veldig givande \u00e5 f\u00e5 arbeide med hestane i prosjektet. \u00abEg syns det er veldig bra at dei f\u00e5r st\u00e5 ute i flokk heile dagen. Dei f\u00e5r herje og f\u00e5r ut energi p\u00e5 kvarandre, og i tillegg l\u00e6rer dei seg flokk\u00e5tferd\u00bb seier ho.<\/p>\n<div id=\"attachment_4551\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4551\" class=\"wp-image-4551\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"433\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web-500x361.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web-750x542.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web-610x441.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4551\" class=\"wp-caption-text\">Ina Malene Berge er l\u00e6rling ved Norsk Fjordhestsenter, og deltek i den daglege handteringa av unghestane.<\/p><\/div>\n<p>Det er tre nordlandshest\/lyngshestar, to fjordhestar og ein d\u00f8lahest med i prosjektet. Desse har veldig ulike utgangspunkt n\u00e5r det gjeld utdanning, nokre hadde vorte k\u00f8yrd med vogn medan andre knapt er handterte f\u00f8r dei kom til prosjektet. Treningsplanane hestane g\u00e5r igjennom er n\u00f8ye planlagt i samr\u00e5d med eigarane, og dei ansvarlege for prosjektet nyttar sin kunnskap for \u00e5 legge opp eit utdanningsl\u00f8p p\u00e5 hesten sine premissar.<\/p>\n<p>Ein av hestane som deltek i prosjektet er to \u00e5r gamle Symra (e. Kornvin Freidig u. Staslin). Ho hadde hatt vogn p\u00e5 seg f\u00f8r ho kom til prosjektet, men har no f\u00e5tt enno fleire utfordringar. \u00abDette er ei flott hoppe med mykje vilje og gode r\u00f8rsler\u00bb fortel Ben om ho. \u00abHo er ei veldig trygg og st\u00f8dig hoppe, som b\u00e5de g\u00e5r i vogn og trekkjer lunnedrag. Ho tek alle utfordringar p\u00e5 strak hov, og er ein hest med mykje potensiale\u00bb legg han til.<\/p>\n<div id=\"attachment_4553\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4553\" class=\"wp-image-4553\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4418web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"672\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4418web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4418web-500x560.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4418web-750x840.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4418web-610x683.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4553\" class=\"wp-caption-text\">Symra dreg lunnedrag.<\/p><\/div>\n<div id=\"attachment_4552\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4552\" class=\"wp-image-4552\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4284web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"782\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4284web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4284web-500x652.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4284web-750x978.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4284web-610x795.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4552\" class=\"wp-caption-text\">Symra tek alle utfordringar p\u00e5 strak hov, som for eksempel \u00e5 hoppe ned dette feltrittshinderet.<\/p><\/div>\n<p>Sj\u00f8lv om han har temt over to hundre hestar, lar Ben seg framleis imponere. Den eine nordlandshest\/lyngshesten som er med er to \u00e5r gamle Venus (e. Bj\u00f8rke Burre u. Gryta Lyngs Fiona). Ho kom rett fr\u00e5 beite og til prosjektet, og har ikkje gjort s\u00e5 mykje tidlegare i livet sitt. Denne hoppa meiner Ben er eksepsjonell. Ho er ein letthandterleg og omgjengeleg hest utan unotar, og ho er veldig st\u00f8dig og lettl\u00e6rt. To veker f\u00f8r prosjektet er over er ho klar til \u00e5 spennast for vogn. \u00abDette kjem til \u00e5 verte ein fantastisk hest!\u00bb seier Ben.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-4556\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4645web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"503\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4645web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4645web-500x419.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4645web-750x628.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4645web-610x511.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<div id=\"attachment_4555\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4555\" class=\"wp-image-4555\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4587web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"461\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4587web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4587web-500x384.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4587web-750x576.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4587web-610x469.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4555\" class=\"wp-caption-text\">Venus er klar for \u00e5 spennast for vogn.<\/p><\/div>\n<p>Alle dei tre norske hesterasane er representert i prosjektet. D\u00f8lahesten som er med heiter Skumring og er ein \u00e5ringshingst e. Gjerde Bl\u00e6sen u. Gurostjerna. \u00abUtfordringa med denne hingsten er at han er litt skvetten, og vi jobbar difor med \u00e5 desensitivisere han med tanke p\u00e5 at han skal kunne verte ein trygg k\u00f8yrehest med tida\u00bb seier Ben. Skumring er ein f\u00f8lsom hest som l\u00e6rer fort, og han har hatt stor framgong i l\u00f8pet av prosjektperioden.<\/p>\n<div id=\"attachment_4561\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4561\" class=\"wp-image-4561\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4701web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"608\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4701web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4701web-500x506.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4701web-750x760.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4701web-610x618.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4561\" class=\"wp-caption-text\">Ben Hjelmervik f\u00e5r hjelp av Asle Espe fr\u00e5 Norsk Fjordhestsenter for \u00e5 venne Skumring til lyden fr\u00e5 draget.<\/p><\/div>\n<p>Norsk Fjordhestsenter er arena for Prosjekt Kvalitetshest, og dette er eit senter som har gode f\u00f8resetnader for \u00e5 fungere godt til eit slikt prosjekt. Unghestane har f\u00e5tt sin eigen del av stallen der dei har kvar si boks som dei st\u00e5r i om natta. Ute har senteret laga til ei stor innhegning der unghestane f\u00e5r g\u00e5 i flokk p\u00e5 dagtid. Der er det meir enn nok plass til \u00e5 leike og herje, og hestane har ogs\u00e5 f\u00e5tt presenning, dekk og ball i innhegninga, slik at dei kan utfordre nysgjerrigheita si.<\/p>\n<p>\u00abDet er mykje god trening i \u00e5 ha hestane i flokk\u00bb seier Ben. \u00abDei f\u00e5r ut overskotsenergien sin og dei l\u00e6rer seg flokk\u00e5tferd. Ikkje minst f\u00e5r dei lov til \u00e5 vere unghestar sj\u00f8lv om dei er inne i eit intensitvt treningsprogram.\u00bb<\/p>\n<div id=\"attachment_4558\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4558\" class=\"wp-image-4558\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4719web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"331\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4719web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4719web-500x276.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4719web-750x414.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4719web-610x337.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4558\" class=\"wp-caption-text\">Unghestane f\u00e5r g\u00e5 i flokk p\u00e5 eit stort uteomr\u00e5de heile dagen.<\/p><\/div>\n<div id=\"attachment_4559\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4559\" class=\"wp-image-4559\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"424\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web-500x354.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web-750x531.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web-610x432.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web-400x284.jpg 400w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4559\" class=\"wp-caption-text\">Unghestane trivs godt i flokken.<\/p><\/div>\n<p>Dette er eit prosjekt for hestar som skal seljast etter treningsperioden. I f\u00f8rste pulje er det ogs\u00e5 med hestar som ikkje skal seljast. Dette er for at dei ansvarlege skal gjere seg erfaringar om korleis prosjektet fungerer for ulike hestar med tanke p\u00e5 rase, alder og utdanning. Det vert ogs\u00e5 gjort ei vurdering p\u00e5 kor mange hestar som b\u00f8r vere inne til trening samstundes. Alle hestane skal presenterast p\u00e5 visnings- og salsdagen, ogs\u00e5 dei som ikkje er til sals.<\/p>\n<p>Visnings- og salsdagen gir folk eit innblikk i kva Prosjekt Kvalitetshest g\u00e5r ut p\u00e5. Det er ei unik moglegheit for dei som er p\u00e5 jakt etter ein norsk hest, her f\u00e5r dei sj\u00e5 fleire hestar som er til sals, og kan samanlikne desse. Gjennom Prosjekt Kvalitetshest kan kj\u00f8parane f\u00e5 kj\u00f8pt ein flott, norsk hest som har g\u00e5tt igjennom eit kvalitetssikra utdanningsprogram. Ein kan ogs\u00e5 f\u00e5 hjelp av erfarne hestefolk til \u00e5 velje ut den hesten som er rett for akkurat seg, med tanke p\u00e5 lynne og kva ein ynskjer \u00e5 bruke hesten til. Dei som ikkje skal kj\u00f8pe hest er sj\u00f8lvsagt ogs\u00e5 velkomne til \u00e5 vere med denne dagen, og nyte synet av flotte, norske unghestar.<\/p>\n<p><strong>Prosjekt Kvalitetshest inviterer til visnings- og salsdag for den f\u00f8rste pulja med unghestar laurdag 16. desember p\u00e5 Norsk Fjordhestsenter. Alle som er interessert i dei norske hesterasane er hjarteleg velkomne, og spesielt ynskjer vi at dei som er ute etter \u00e5 kj\u00f8pe sin eigen, norske hest m\u00f8ter opp. Vel m\u00f8tt!<\/strong><\/p>\n<p><strong>Trykk gjerne \u00abdeltek\u00bb p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.facebook.com\/events\/1748039115492012\/\">arrangementet p\u00e5 Facebook<\/a> dersom du har planar om \u00e5 kome\u00a0 p\u00e5 visnings- og salsdagen!<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Mange ynskjer \u00e5 kj\u00f8pe seg fjordhest, d\u00f8lahest eller nordlandshest\/lyngshest, men dei aller fleste har eit krav om at hesten dei kj\u00f8per skal ha ei viss utdanning. Oppdrettarar rundt om i landet har unghestar til sals, men desse manglar ofte utdanning for \u00e5 kunne verte attraktive salshestar. Prosjekt Kvalitetshest skal vere eit mellomledd her, som gjer [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":4553,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[181,4],"tags":[53,177],"class_list":["post-4547","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-prosjekt-kvalitetshest","category-siste-nytt","tag-norsk-fjordhestsenter","tag-prosjekt-kvalitetshest"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4547","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4547"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4547\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":4564,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4547\/revisions\/4564"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/4553"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4547"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4547"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4547"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}