{"id":4699,"date":"2017-12-31T17:30:29","date_gmt":"2017-12-31T16:30:29","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=4699"},"modified":"2017-12-31T17:30:29","modified_gmt":"2017-12-31T16:30:29","slug":"fjordhestaret-2017","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2017\/12\/31\/fjordhestaret-2017\/","title":{"rendered":"Fjordhest\u00e5ret 2017"},"content":{"rendered":"<p><strong>Det skjer mykje i Fjordhest-Noreg, b\u00e5de i Norges Fjordhestlag og i lokallag over heile landet. Her kan du lese om arrangement som fann stad i 2017 og viktige prosjekt det har vorte arbeidd med.\u00a0<\/strong><\/p>\n<p><strong>Norges Fjordhestlag<\/strong><\/p>\n<p>Norges Fjordhestlag har hatt eit godt og aktivt \u00e5r, med mange ulike prosjekt og arrangement. Vi har ogs\u00e5 hatt ei medlemsauke p\u00e5 nesten hundre medlemmar, og er sv\u00e6rt takksame for kvart einaste medlem som ynskjer \u00e5 vere med p\u00e5 \u00e5 arbeide for fjordhesten sitt beste.<\/p>\n<p>Styret i Norges Fjordhestlag har i 2017 best\u00e5tt av leiar Janne Seilen, nestleiar Anne-Karin L\u00f8ken, Vidar Heggheim, Lisbeth Strandum og Ben Hjelmervik. Styret trekker fram arbeidet med \u00abProsjekt Kvalitetshest\u00bb og tildeling av frifondmidlar som viktig arbeid i \u00e5ret som har g\u00e5tt.<\/p>\n<p><strong>Hingsteutstillinga<\/strong><\/p>\n<p>Tjueto hingstar vart vist p\u00e5 \u00e5rets hingsteutstilling p\u00e5 Nordfjordeid. Det l\u00e5ge talet p\u00e5 hingstar hadde ingenting \u00e5 seie for kvaliteten &#8211; heile sju nye hingstar vart k\u00e5ra og fem av tre\u00e5ringane vart sett i kvalitet. Vi ynskjer at s\u00e5 mange som mogleg skal nytte dei unge, nyk\u00e5ra hingstane, og det er difor gledeleg \u00e5 sj\u00e5 at alle desse har f\u00e5tt hopper i \u00e5r.<\/p>\n<p>I klassa for eldre hingstar stilte to tidlegare premierte hingstar, Severin og Opdals Ask. Begge to fekk fornya premiegradane sine.<\/p>\n<div id=\"attachment_4708\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4708\" class=\"wp-image-4708\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7538.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"447\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7538.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7538-500x372.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7538-750x558.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7538-610x454.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4708\" class=\"wp-caption-text\">Severin fekk fornya 2. premien sin<\/p><\/div>\n<p>Best av hingstane som var p\u00e5 utvida brukspr\u00f8ve var Alme Baronen e. Fjelltor. Han gjennomf\u00f8rte den beste utvida brukspr\u00f8va, fekk 2. premie og vart stilt som nummer ein i kvalitet i klasse 2A.<\/p>\n<div id=\"attachment_3114\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3114\" class=\"wp-image-3114\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8105.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"391\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8105.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8105-500x325.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8105-750x488.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8105-610x397.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3114\" class=\"wp-caption-text\">Alme Baronen med eigarar Even Myklebust og Jorunn Alme<\/p><\/div>\n<p>I tre\u00e5rsklassa hadde b\u00e5de spissen og nummer to i kvalitet same eigar og oppdrettar. Vidar og Jorunn Heggheim kunne vel ikkje anna enn \u00e5 vere veldig n\u00f8gde med eit slikt resultat. Spissen var den vakre, typesterke Birkelid Tullen e. Kornvin Freidig, og nummer to vart Birkelid Nimo e. Ninjar.<\/p>\n<p>Dei tre andre tre\u00e5rshingstane som vart stilt i kvalitet var Heggnes Balder e. Fl\u00f8gstad Odin, Herlig e. Kornvin Freidig og Hodne Lunar e. Augustus Solberg.<\/p>\n<div id=\"attachment_4703\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4703\" class=\"wp-image-4703\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7555web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"750\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7555web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7555web-500x625.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7555web-750x938.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7555web-610x763.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4703\" class=\"wp-caption-text\">Birkelid Nimo med eigar og oppdrettar Vidar Heggheim<\/p><\/div>\n<p><strong>Fjord Horse International feira 20-\u00e5rsjubileum<\/strong><\/p>\n<p>Fjord Horse International er ein paraplyorganisasjon for fjordhestforeiningar over heile verda. Intensjonen til organisasjonen er \u00e5 utveksle informasjon og drifte eit internasjonalt forum for medlemslanda. FHI gir rettleiing og utdanning om fjordhesten si velferd og om reinrasa avl av fjordhest i heile verda.<\/p>\n<p>Blant dei mange viktige oppg\u00e5vene til FHI er den internasjonale handboka for d\u00f8ming av fjordhest kanskje den aller viktigaste. Dei ulike medlemslanda i FHI har tradisjonelt hatt ulike bruksomr\u00e5de for fjordhesten, og difor har dei ogs\u00e5 operert med ulike avlsm\u00e5l. Den internasjonale handboka er basert p\u00e5 den norske rasestandarden, men er utarbeidd i samarbeid med fleire av medlemslanda. \u00c5 oppdatere denne handboka og halde den levande er ei av oppg\u00e5vene FHI kjem til \u00e5 jobbe med i tida som kjem.<\/p>\n<p>FHI vart skipa i 1997, og 20-\u00e5rsjubileet i \u00e5r vart markert p\u00e5 f\u00f8destaden til hesten ein i dag reknar som stamfar til alle fjordhestar \u2013 Nj\u00e5l 166. Han vart f\u00f8dd p\u00e5 garden Fosnes i Oppstryn, der ein med flotte fjordhestar i spiss hadde opptog under markeringa.<\/p>\n<div id=\"attachment_4706\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4706\" class=\"wp-image-4706\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/26235662_10160072135890647_1504529494_o.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"450\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/26235662_10160072135890647_1504529494_o.jpg 2048w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/26235662_10160072135890647_1504529494_o-500x375.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/26235662_10160072135890647_1504529494_o-750x563.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/26235662_10160072135890647_1504529494_o-610x458.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/26235662_10160072135890647_1504529494_o-510x382.jpg 510w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/26235662_10160072135890647_1504529494_o-1080x810.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4706\" class=\"wp-caption-text\">Fr\u00e5 jubileumsmarkeringa. Aurora e. Torleiv med kusk Karoline Hatledal, saman med leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen og president i Fjord Horse International, Nils Ivar Dolvik.<\/p><\/div>\n<p><strong>\u00a0<\/strong><strong>Hoppelinjeprosjektet<\/strong><\/p>\n<p>Dei siste \u00e5ra har fjordhesten hatt kritistk l\u00e5ge bedekkingstal, og faren for \u00e5 f\u00e5 eit stort problem med innavl aukar drastisk. Ein m\u00e5 vere f\u00f8re var, og ta tak i situasjonen f\u00f8r det har g\u00e5tt s\u00e5 langt at ein ikkje kan snu. I \u00e5r vart hoppelinjeprosjektet sett i gong, eit prosjekt som fokuserer p\u00e5 \u00e5 vidaref\u00f8re gener som gir ein st\u00f8rre genetisk variasjon p\u00e5 fjordhestane som vert f\u00f8dde.<\/p>\n<p>Hoppeeigarar vart oppmoda til \u00e5 melde inn hoppene sine til prosjektet, og responsen var overveldande. 132 fjordhoppper vart meldt inn, og stammene deira vart analyserte i dataverkt\u00f8yet EVA for \u00e5 finne fram dei mest aktuelle hoppene for prosjektet. Resultata vart sendt inn til Norges Fjordhestlag, der ei arbeidsgruppe best\u00e5ande av blant anna personar fr\u00e5 avlsutvalet og personar med avlskompetanse plukka ut dei ti mest aktuelle hoppene.<\/p>\n<p>Satsinga p\u00e5 hoppelinjeprosjektet sender eit signal til fjordhestfolket om at Norges Fjordhestlag tek innavlsproblematikken p\u00e5 alvor, og at ein ynskjer \u00e5 bevare genmaterialet som finns i fjordhesten i dag. Hoppene som er med i prosjektet er no drektige, og vi ventar spent p\u00e5 f\u00f8la som kjem til v\u00e5ren.<\/p>\n<div id=\"attachment_3748\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3748\" class=\"wp-image-3748\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/20170616_100408.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"435\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/20170616_100408.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/20170616_100408-500x363.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/20170616_100408-750x544.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/06\/20170616_100408-610x442.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3748\" class=\"wp-caption-text\">Turboline Vidvei er ei av hoppene som er med i hoppelinjeprosjektet. Her vert ho inseminert med Fjell Finn.<\/p><\/div>\n<p><strong>NM <\/strong><\/p>\n<p>Noregsmeisterskapen for fjordhest vart arrangert p\u00e5 Askim Hestesportsenter i \u00d8stfold. Dette er f\u00f8rste gong NM har vorte arrangert i \u00d8stfold, og sj\u00f8lv om arrang\u00f8rane har erfaring med store stemner har dei ikkje tidlegare vore vertskap for eit s\u00e5 komplekst stemne som det Fjordhest-NM med sine tre greiner er. Arrang\u00f8rane fekk mykje skryt fr\u00e5 b\u00e5de deltakarar, teknisk personell og publikum for eit vel gjennomf\u00f8rt stemne.<\/p>\n<p>Det er fantastisk \u00e5 sj\u00e5 at s\u00e5 mange ekvipasjar stiller til start p\u00e5 Fjordhest-NM. Sidan meisterskapen har konkurransar i b\u00e5de sprang, dressur og k\u00f8yring f\u00e5r ein verkeleg vist fram allsidigheita til fjordhesten.\u00a0 Stemnet har stor marknadsf\u00f8ringsverdi, og dei som deltek p\u00e5 NM og stiller med fjordhest i andre konkurransar gjer ein veldig viktig jobb for \u00e5 fremje rasa.<\/p>\n<p><strong>Premieliste Fjordhest-NM 2017<\/strong><\/p>\n<p><strong>NM senior<\/strong><br \/>\nGull: Cassandre Bach-Gansmo og Flemming<br \/>\nS\u00f8lv: Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar<br \/>\nBronse: Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann<\/p>\n<p><strong>NM junior<\/strong><br \/>\nGull: Silje Indreb\u00f8 og R\u00e5ds Gr\u00e5a<br \/>\nS\u00f8lv: Sofie Dahl Kristiansen og Jason Lundg\u00e5rd<br \/>\nBronse: Randi Maud Mork og Bakkens Odin<\/p>\n<div id=\"attachment_4704\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4704\" class=\"wp-image-4704\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7942.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"400\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7942.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7942-500x333.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7942-750x500.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_7942-610x407.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4704\" class=\"wp-caption-text\">Noregsmeistrar 2017! Silje Indreb\u00f8 og R\u00e5ds Gr\u00e5a og Cassandre Bach-Gansmo og Flemming. Foto: Astrid Marie \u00c5rdal<\/p><\/div>\n<p><strong>NM Lag<\/strong><br \/>\nGull: Oslo og Akershus fjordhestlag (Stine Anette Heier og F\u00f8nix Lasse, Oda Berger Jensen og Li Per, Ingrid Modalen og Ryttergaardens Herkules)<br \/>\nS\u00f8lv: Telemark fjordhestlag (Hedda Smukkestad og Burre, Monica Bratt og Tysselands Fredrik, Kathrine Jonasen og Kvia Prinsen)<br \/>\nBronse: Borge rideklubb (Annike Josefine Mikkelsen og Bl\u00e5topps Aron, Ida Nj\u00f8s Evensen og Lindegaards Domino, Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina)<\/p>\n<p><strong>Vinnarar BUF &#8211; Beste Unge Fjordhest<\/strong><br \/>\n6 \u00e5r: \u00c5sa Vilja og Giljar Groven\/Ingebj\u00f8rg H\u00e5gensen \u00c5dneg\u00e5rd<br \/>\n5 \u00e5r: Bl\u00e5topps Aria og Aina Benedicte Huseby<br \/>\n4 \u00e5r: Fjell Kongen og Marte Skarstein Fl\u00f8tre<\/p>\n<p><strong>Greinmeistrar<\/strong><br \/>\nSprang: Trine Elisabeth Lillest\u00f8l Paulsen og Fannemels Argon<br \/>\nDressur: Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar<br \/>\nK\u00f8yring: Emma Nyl\u00f8y og Sofin<\/p>\n<div id=\"attachment_4088\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4088\" class=\"wp-image-4088\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/08\/grenmester-kj\u00f8ring-Emma.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"416\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/08\/grenmester-kj\u00f8ring-Emma.jpg 3663w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/08\/grenmester-kj\u00f8ring-Emma-500x347.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/08\/grenmester-kj\u00f8ring-Emma-750x520.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/08\/grenmester-kj\u00f8ring-Emma-610x423.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/08\/grenmester-kj\u00f8ring-Emma-1080x749.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4088\" class=\"wp-caption-text\">Greinmeistrar k\u00f8yring &#8211; Emma Nyl\u00f8y og Sofin<\/p><\/div>\n<p><strong>Nordisk meisterskap for fjordhest<\/strong><\/p>\n<p>I \u00e5r var det Noreg sin tur til \u00e5 arrangere Nordisk meisterskap for fjordhest, og som NM vart ogs\u00e5 dette arrangert i \u00d8stfold. Borge rideklubb og \u00d8stfold fjordhestlag var arrang\u00f8rar, og stemnet fann stad p\u00e5 Frederiksborg Hestesportsenter.<\/p>\n<p>Alle dei fire nordiske landa hadde ekvipasjar til start, og det var gledeleg \u00e5 sj\u00e5 at ogs\u00e5 alle land fekk med seg medaljar heim. Dei norske ekvipasjane gjorde det veldig godt, og me tok medaljar i dei fleste av samandraga.<\/p>\n<p>Arrang\u00f8rane fekk ros for gode tidsskjema, punktleg gjennomf\u00f8ring og profesjonelt mannskap. Ogs\u00e5 \u00abfjordhestfamilien\u00bb fekk nok ein gong ros for glede, iver, engasjement og den fantastiske evna til \u00e5 heie kvarandre fram.<\/p>\n<p><strong>Norske medaljar i nordisk:<\/strong><br \/>\nGull nordisk allround: Annike Josefine Mikkelsen og Bl\u00e5topps Aron<br \/>\nBronse nordisk allround: Cassandre Bach-Gansmo og Flemming<br \/>\nBronse nordisk dressur junior: Victoria Eng\u00f8y Lien og Pryd Skov\u00e5<br \/>\nS\u00f8lv nordisk k\u00f8yring senior: Stine Anette Heier og Balder Berger<br \/>\nBronse nordisk k\u00f8yring senior: Erik Holmin og Stald Kiels Makker<br \/>\nGull nordisk sprang junior: Anna Mathilde Westgaard og Silje<br \/>\nS\u00f8lv nordisk lag: Noreg Lag 1 (Stine Anette Heier og Balder Berger, Trine L. Paulsen og Fannemels Argon, Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar)<\/p>\n<div id=\"attachment_3909\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3909\" class=\"wp-image-3909\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_4749.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"386\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_4749.jpg 2000w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_4749-500x321.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_4749-750x482.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_4749-610x392.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_4749-1080x694.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3909\" class=\"wp-caption-text\">Vinnarar nordisk allround: Annike Josefine Mikkelsen og Bl\u00e5topps Aron<\/p><\/div>\n<div id=\"attachment_3976\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3976\" class=\"wp-image-3976\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_9092.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"392\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_9092.jpg 2000w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_9092-500x327.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_9092-750x491.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_9092-610x399.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/07\/IMG_9092-1080x706.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3976\" class=\"wp-caption-text\">Vinnar nordisk sprang junior: Anna Mathilde Westgaard og Silje<\/p><\/div>\n<p><strong>Landsfinalen for unghopper<\/strong><\/p>\n<p>I \u00e5r vart landsfinalen for unge fjordhopper arrangert p\u00e5 Dyrsku\u2019n i Seljord 10. september. Totalt m\u00f8tte 17 hopper til landsfinalen; tre tre\u00e5rshopper, fem to\u00e5rshopper og ni \u00e5ringshopper. N\u00e5r ein ser kvaliteten p\u00e5 dei unge hoppene me har her i landet, f\u00e5r ein grunn til \u00e5 sj\u00e5 lyst p\u00e5 fjordhesten si framtid.<\/p>\n<p>Hesten dommarane plukka ut som \u00e5rets beste unghoppe er to\u00e5rshoppa Birkelid Huldra e. Kamillas Tord u. Birkelid Tulla. Eigarar er Audun N\u00e6s og Saija M\u00e4ntyl\u00e4, og dottera deira Sini Marie M. N\u00e6s stilte ut hoppa. \u00abHuldra er ei utrulig triveleg merr med godt lynne, ho er l\u00e6revillig og ein hest det er kjekt \u00e5 arbeide med\u00bb seier Sini Marie. Planane for framtida er mange, og b\u00e5de utstilling til neste \u00e5r, avl og BUF er ein del av dei. Dette er nok heilt klart ein hest vi f\u00e5r sj\u00e5 att i b\u00e5de utstilling- og konkurransesamanheng.<\/p>\n<div id=\"attachment_4271\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4271\" class=\"wp-image-4271\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/09\/birkelid-huldra.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"475\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/09\/birkelid-huldra.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/09\/birkelid-huldra-500x396.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/09\/birkelid-huldra-750x594.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/09\/birkelid-huldra-610x483.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4271\" class=\"wp-caption-text\">Birkelid Huldra. Foto: Jorunn Heggheim<\/p><\/div>\n<p><strong>Barnas Fjordhestlag<\/strong><\/p>\n<p>I sitt f\u00f8rste \u00e5r har Barnas Fjordhestlag har hatt aktivitetar p\u00e5 fleire store arrangement. \u00c5ret starta med vintersamling p\u00e5 Langedrag i februar, der ungane som deltok fekk vere med p\u00e5 riding, k\u00f8yring og andre fjordhestaktivitetar. Dei fekk ogs\u00e5 verte betre kjend med fleire av dei andre dyra som bur p\u00e5 Langedrag.<\/p>\n<p>P\u00e5 Fjordhest-NM hadde BFL ein dag med stemne som tema. Deltakarane fekk l\u00e6re meir om reglement, korleis ein f\u00f8rebur hestane til konkurranse og kva for greiner ein kan konkurrere i. Dei fekk ogs\u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 \u00abstarte\u00bb stemne sj\u00f8lv ved \u00e5 ri eit program med ulike moment.<\/p>\n<p>Under BFL-samlinga p\u00e5 Dyrsku\u2019n i Seljord i september var fokuset p\u00e5 utstilling. Borna som deltok denne dagen fekk ei flott innf\u00f8ring i kva som skjer p\u00e5 ei utstilling. Dei fekk vere med p\u00e5 \u00e5 f\u00f8rebu ein hest til utstilling og dei fekk ogs\u00e5 pr\u00f8ve seg p\u00e5 m\u00f8nstring.<\/p>\n<div id=\"attachment_4639\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4639\" class=\"wp-image-4639\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/langedrag2.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"399\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/langedrag2.jpg 960w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/langedrag2-500x333.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/langedrag2-750x499.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/langedrag2-610x406.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4639\" class=\"wp-caption-text\">Vintersamling p\u00e5 Langedrag<\/p><\/div>\n<p><strong>Prosjekt Kvalitetshest<\/strong><\/p>\n<p>Dei nasjonale hestesentera og raseorganisasjonane for dei tre nasjonale hesterasane arbeider med \u00abProsjekt Kvalitetshest\u00bb, eit prosjekt som skal utdanne unghest for sal. Prosjektet er sett i gong etter at ein gjennom fleire \u00e5r har sett at oppdrettarar slit med \u00e5 f\u00e5 seld unghestar som manglar utdanning, og at dette hindrar dei i \u00e5 bedekke hoppene sine p\u00e5 nytt.<\/p>\n<p>M\u00e5let med \u00abProsjekt Kvalitetshest\u00bb er \u00e5 utdanne trygge kvalitetshestar for salsmarknaden. Ved \u00e5 la hestane g\u00e5 igjennom eit kvalitetssikra utdanningsprogram vil ein kunne redusere talet p\u00e5 ulykker med hest, samt tilby marknaden trygge hestar av nasjonal rase. Dei tre nasjonale hesterasane er s\u00e6rleg godt eigna til utdanningsprosjektet fordi dei fr\u00e5 naturen si side er rusta med eit st\u00f8dig temperament og god helse. F\u00f8resetnadene for \u00e5 skape trygge og gode hestar til bruk for born, unge og uerfarne hesteeigarar er veldig gode n\u00e5r ein har ein fjordhest, nordlandshest\/lyngshest eller d\u00f8lahest.<\/p>\n<p>Forprosjektet til \u00abProsjekt Kvalitetshest\u00bb er i gong p\u00e5 Norsk Fjordhestsenter. Gjennom to utdanningsperiodar vil ein gjere seg erfaringar kring korleis ein best kan gjennomf\u00f8re eit slikt prosjekt. Rett f\u00f8r jul hadde ein sals- og visningsdag for den f\u00f8rste gruppa med unghestar som var inne til trening. Den andre gruppa kjem til senteret over nytt\u00e5r, og vil ha visningsdag i mars.<\/p>\n<div id=\"attachment_4660\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4660\" class=\"wp-image-4660\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"514\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807-500x429.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807-750x643.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807-610x523.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4660\" class=\"wp-caption-text\">To\u00e5rshoppa Symra er ein av hestane som har delteke i f\u00f8rste pulje i forprosjektet til &laquo;Prosjekt Kvalitetshest&raquo;<\/p><\/div>\n<p><strong>Fjordhesten p\u00e5 KOHS<\/strong><\/p>\n<p>I fjor overraska fire fjordhestar heile heste-Norge (og den internasjonale sprangeliten) d\u00e5 dei presterte \u00e5 vinne over nokre av dei beste hestane i Europa i ein uh\u00f8gtideleg sprangkonkurranse under Kingsland Oslo Horse Show. Ogs\u00e5 i \u00e5r var det fjordhestane som stal showet &#8211;\u00a0 showinnslaget \u00abThe Challenge\u00bb beviste at fjordhesten leverer, sj\u00f8lv under sv\u00e6rt utfordrande forhold.<\/p>\n<p>Under \u00abThe Challenge\u00bb skulle fire sprangelevar p\u00e5 kvar sin fjordhest konkurrere mot trenarane sine, som rei erfarne spranghestar. Kjende namn som Espen Johansen og Connie Bull fekk bryne seg mot rideelevane sine. Bana gjekk i 80 cm, og det var tydeleg at trenarane p\u00e5 sine langbeinte spranghestar meinte at dette skulle bli ein lett match. Og dei brune vann om ein skal m\u00e5le det i tid og talet p\u00e5 bommar som gjekk ned. Men showet var det fjordhesten som vann. Inne p\u00e5 arenaen fekk \u00c5rheims Gullen, Haukfell, Ryttergaardens Herkules og Heimlunds Lieroy vist kva ein ekte fjordhest st\u00e5r for, sj\u00f8lv under krevande forhold. Med nye, ukjende ryttarar utf\u00f8rte dei oppg\u00e5vene p\u00e5 ein imponerande m\u00e5te.<\/p>\n<div id=\"attachment_4383\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4383\" class=\"wp-image-4383\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8106.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"400\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8106.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8106-500x333.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8106-750x500.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8106-610x407.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4383\" class=\"wp-caption-text\">\u00c5rheims Gullen var med p\u00e5 KOHS i \u00e5r. Foto: Astrid Marie \u00c5rdal<\/p><\/div>\n<div id=\"attachment_4387\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4387\" class=\"wp-image-4387\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8391.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"400\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8391.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8391-500x333.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8391-750x500.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/10\/MG_8391-610x407.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4387\" class=\"wp-caption-text\">Fire flinke fjordhestar og eigarane deira. Foto: Astrid Marie \u00c5rdal<\/p><\/div>\n<p><strong>\u00a0<\/strong><\/p>\n<p><strong>Haustm\u00f8tet<\/strong><\/p>\n<p>\u00c5rets Haustm\u00f8te vart arrangert i samarbeid med Landslaget for D\u00f8lahest p\u00e5 Scandic Hafjell i \u00d8yer 3.-5. november. Deltakarane hadde ei flott helg med fagleg p\u00e5fyll og sosialt samv\u00e6r med andre hestefolk.<\/p>\n<p>I tillegg til mange faglege innlegg om ulike tema vart det ogs\u00e5 laga til ein praktisk del i Hippodromen, ridehallen p\u00e5 Stavsplassen. Temaet var d\u00f8mming av brukspr\u00f8ver og eksteri\u00f8r. Brukspr\u00f8vedommar Frank Skubberud \u00abd\u00f8mte\u00bb to k\u00f8yrepr\u00f8ver, og fortalte publikum korleis han tenkjer n\u00e5r han d\u00f8mer og kva han legg vekt p\u00e5. Etterp\u00e5 kommenterte eksteri\u00f8rdommarane Nils Ivar Dolvik og Ingunn Tofte eksteri\u00f8ret og r\u00f8rslene til fem hestar, to d\u00f8lahestar og tre fjordhestar.<\/p>\n<p>Haustm\u00f8tet samla i \u00e5r om lag 80 menneske med eit brennande engasjement for dei nasjonale hesterasane. Det er r\u00f8rande \u00e5 sj\u00e5 kor mykje hesten betyr for folk, og kor hardt folk arbeider til det beste for fjordhesten, d\u00f8lahesten og nordlandshest\/lyngshesten. Det er i alle fall ingen tvil om at dei norske rasane har fantastiske folk med p\u00e5 laget!<\/p>\n<div id=\"attachment_4484\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4484\" class=\"wp-image-4484\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/11\/IMG_3863web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"451\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/11\/IMG_3863web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/11\/IMG_3863web-500x376.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/11\/IMG_3863web-750x564.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/11\/IMG_3863web-610x459.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/11\/IMG_3863web-510x382.jpg 510w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4484\" class=\"wp-caption-text\">Eksteri\u00f8rdommarane Nils Ivar Dolvik og Ingunn Tofte forklarer.<\/p><\/div>\n<p><strong>Frifondmidlar til Norges Fjordhestlag <\/strong><\/p>\n<p>Norges Fjordhestlag fekk i 2017 innvilga 322\u00a0637 kroner i Frifondmidlar. Frifondmidlar er ei st\u00f8tteordning for aktivitetar til born og unge i Noreg som vert administrert av Landsr\u00e5det for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Dette er f\u00f8rste gongen Norges Fjordhestlag s\u00f8kjer om og f\u00e5r innvilga Frifondmidlar.<\/p>\n<p>Pengane skal brukast til fjordhestaktivitetar for barn og unge i lokallaga. I haust har lokallaga s\u00f8kt om frifondmidlar for \u00e5 gjennomf\u00f8re aktivitetar for barn og unge. Det har vorte s\u00f8kt om midlar til mange ulike arrangement, som for eksempel fjordhestdag, ridekurs og satsningsgruppe mot NM.<\/p>\n<p>Vi er s\u00e6rs glade for at ein s\u00e5 stor sum har vorte tildelt Norges Fjordhestlag. Arbeid og aktivitet i lokallaga er heilt avgjerande for fjordhesten &#8211; det er i lokallaga st\u00f8rsteparten av rekrutteringsarbeidet vert gjort. \u00abAktivitet avlar aktivitet, og vi h\u00e5per at Frifondmidlane f\u00f8rer til meir aktive lokallag og fleire medlemmar som f\u00e5r glede av fjordhesten\u00bb seier Janne Seilen, leiar i Norges Fjordhestlag.<\/p>\n<div id=\"attachment_4589\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4589\" class=\"wp-image-4589\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4472red.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"626\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4472red.jpg 916w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4472red-500x521.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4472red-750x782.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4472red-610x636.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4589\" class=\"wp-caption-text\">Fleire lokallag har arrangert fjordhestaktivitetar for born og unge etter at dei har f\u00e5tt Frifondmidlar fr\u00e5 Norges Fjordhestlag. Her fr\u00e5 eit arrangement i regi av Eid Fjordhestlag.<\/p><\/div>\n<p><strong>Bedekkingstal<\/strong><\/p>\n<p>Det har i 2017 vore 232 bedekte fjordhopper i Noreg. Dette er litt l\u00e5gare enn i 2015 og 2016, men vi h\u00e5par at tala vil halde fram i positiv retning i \u00e5ra som kjem.<\/p>\n<p>Til saman har me nytta 34 hingstar i \u00e5r. Hingsten som har hatt flest hopper (26) er tre \u00e5r gamle Heggnes Balder, som sto som nummer tre i kvalitet p\u00e5 hingsteutstillinga i v\u00e5r. Nest flest hopper (22) hadde tre\u00e5rsspissen Birkelid Tullen.<\/p>\n<div id=\"attachment_3103\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3103\" class=\"wp-image-3103\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8265.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"646\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8265.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8265-500x538.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8265-750x807.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_8265-610x656.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-3103\" class=\"wp-caption-text\">Heggnes Balder er den hingsten som har hatt flest hopper i 2017<\/p><\/div>\n<p><strong>Norges Fjordhestlag takkar alle som har arbeidd for fjordhesten i \u00e5ret som har g\u00e5tt, og ynskjer alle sine medlemmar eit godt nytt \u00e5r. La oss gjere 2018 til eit fantastisk \u00e5r for fjordhesten!<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det skjer mykje i Fjordhest-Noreg, b\u00e5de i Norges Fjordhestlag og i lokallag over heile landet. Her kan du lese om arrangement som fann stad i 2017 og viktige prosjekt det har vorte arbeidd med. <\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":4703,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"class_list":["post-4699","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4699","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4699"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4699\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":4709,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4699\/revisions\/4709"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/4703"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4699"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4699"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4699"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}