{"id":4962,"date":"2018-04-05T14:49:56","date_gmt":"2018-04-05T12:49:56","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=4962"},"modified":"2018-04-05T14:49:56","modified_gmt":"2018-04-05T12:49:56","slug":"reisebrev-fra-hingsteutstilling-i-belgia","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2018\/04\/05\/reisebrev-fra-hingsteutstilling-i-belgia\/","title":{"rendered":"Reisebrev fr\u00e5 hingsteutstilling i Belgia"},"content":{"rendered":"<p>Hingsteutstillinga i Belgia gjekk av stabelen p\u00e5 hestesportanlegget i Wouman 24. mars.\u00a0I samband med salet av 2. premiehingsten Fjell Finn i september 2017, vart Norsk Fjordhestsenter med fleire inviterte til \u00e5rets hingsteutstilling. Dei som reiste var Magni Hjertenes Flyum og Asle Espe fr\u00e5\u00a0 senteret, Anne Karin H\u00f8galmen, som er oppdrettar av hingsten, og Ben Hjelmervik fr\u00e5 styret i Norges Fjordhestlag.<\/p>\n<p>Vi reiste fr\u00e5 Gardemoen 23. mars og blei henta av Koen de Boom p\u00e5 flyplassen i Brussel. Han er fjordhestoppdrettar og i lag med Jolien eig han 25 hestar. I januar vart han eigar av den norske 1. premiehingsten Ronnjo. P\u00e5 garden m\u00f8tte vi Ronnjo, som var sett opp p\u00e5 beste vis til utstillinga, i tillegg til dei andre hestane deira. Det vart \u00f2g gjennsyn med 2. premiehingsten Benten fr\u00e5 Norge.<\/p>\n<p>Vi vart imponerte over servicen og gjestfriheita til Koen og Jolien. Vi fekk omvisning, lunsj og til slutt k\u00f8yrde dei oss til utstillingstaden i Belgia som l\u00e5g 15 mil unna. P\u00e5\u00a0 omvisninga var det interessant \u00e5 sj\u00e5 korleis dei stalla opp unghestane sine. Det var utegong p\u00e5 stort omr\u00e5de med leskur, og hestane var ute heile \u00e5ret .<\/p>\n<p>P\u00e5 utstillingsplassen hadde dei fleste hingstane kome kvelden f\u00f8r utstillinga. Det vart gjensyn med totalt \u00e5tte norske hingstar i tillegg til dei ti belgiske som m\u00f8tte. Belgia har importert mange norske hingstar dei siste \u00e5ra, og dei har ein regel om at alle som skal nyttast i avl den aktuelle sesongen skal presenterast p\u00e5 utstillinga, sj\u00f8lv om dei er ferdig premierte.<\/p>\n<p>Det vart vist to \u00e5ringshingstar og to 2-\u00e5rshingstar i unghestklassa, og desse var av ordin\u00e6r kvalitet. Det vart k\u00e5ra ein hingst &#8211; Nederlandskf\u00f8dde Kris. Han er etter Manus og under ei hoppe etter norske Tunar, og fekk h\u00f8ge karakterar av dommarane. I brukspr\u00f8veklassa for 5 \u00e5r gamle hingstar vart det gjensyn med tre norske hingstar &#8211; Tord Dorteson, Tallak Ask og Rudsmo Rune. Dei gjennomf\u00f8rde gode brukspr\u00f8ver b\u00e5de i riding og k\u00f8yring. Ved premiering vart Tord Dorteson best av dei norske, etterfulgt av Tallak Ask og den gr\u00e5 Rudsmo Rune. Det vanka medalje fra Norges Fjordhestlag og pokal fr\u00e5 Norsk Fjordhestsenter. Tord Dorteson gjennomf\u00f8rde ei framifr\u00e5 trekkpr\u00f8ve, presenterte seg flott p\u00e5 utstillinga og vi syntest at han\u00a0 m\u00f8tte i si beste form nokon gong.<\/p>\n<p>I presentasjonen av dei eldre hingstane som skal nyttast i avlssesongen var det interessant \u00e5 m\u00f8te att Haukaren, Ronnjo og halvbror Narvestad Daysar etter Rudsmo Rossar, Fjell Finn og Kamillas Tord. Kamillas Tord gjennomf\u00f8rde ei sv\u00e6rt god ridepr\u00f8ve med sin nye eigar, og han viste sv\u00e6rt ledige r\u00f8rsler. Den svenske, gr\u00e5 hingsten Lyck\u00e6ngs Tempo viste ei imponerande lausm\u00f8nstring. Hingstane vart ikkje rangerte, og grunnen til det var at Fjordhestforeininga meinte at den beste d\u00e5 ville bli brukt for mykje i forhold til dei andre. N\u00e5r vi veit at det \u00e5rleg er f\u00f8dd 60 f\u00f8l i \u00e5ret i Belgia er dette sj\u00f8lvsagt eit viktig poeng.<\/p>\n<p>Det er ti \u00e5r sidan sist eg har vore p\u00e5 hingsteutstilling i Belgia, og eg synest at kvaliteten p\u00e5 hingstane har blitt sv\u00e6rt god.\u00a0 Sv\u00e6rt godt stelte hingstar i god kondisjon som gjennomf\u00f8rer gode brukspr\u00f8ver. I tillegg er det fint at malen for brukspr\u00f8vene er standarden til moderlandet Norge. Dei fleste av dei norske hingstane har vore nytta tilstrekkeleg i avlen i Norge f\u00f8r eksport, og det er bra at dei f\u00e5r nye muligheiter i utlandet.<\/p>\n<p><em>Asle Espe, Norsk Fjordhestsenter<\/em><\/p>\n<div id=\"attachment_4964\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4964\" class=\"wp-image-4964\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2237.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"450\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2237.jpg 1024w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2237-500x375.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2237-750x563.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2237-510x382.jpg 510w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4964\" class=\"wp-caption-text\">Tord Dorteson med eigar Francis Thilmany. Til h\u00f8gre ser vi Magni H. Flyum, dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter.<\/p><\/div>\n<div id=\"attachment_4965\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4965\" class=\"wp-image-4965\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2355.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"450\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2355.jpg 1024w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2355-500x375.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2355-750x563.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2355-510x382.jpg 510w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4965\" class=\"wp-caption-text\">Svenskf\u00f8dde Lyckengs Tempo og eigar Lois de Vry<\/p><\/div>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<div id=\"attachment_4966\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4966\" class=\"wp-image-4966\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2372.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"450\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2372.jpg 1024w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2372-500x375.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2372-750x563.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2372-510x382.jpg 510w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4966\" class=\"wp-caption-text\">Kamillas Tord og sine nederlandske eigarar<\/p><\/div>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<div id=\"attachment_4967\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4967\" class=\"wp-image-4967\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2388.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"450\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2388.jpg 1024w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2388-500x375.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2388-750x563.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2388-510x382.jpg 510w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4967\" class=\"wp-caption-text\">Fjell Finn og Ben Hjelmervik fr\u00e5 Norges Fjordhestlag<\/p><\/div>\n<div id=\"attachment_4968\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-4968\" class=\"wp-image-4968\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2408.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"450\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2408.jpg 1024w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2408-500x375.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2408-750x563.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/IMG_2408-510x382.jpg 510w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-4968\" class=\"wp-caption-text\">Rudsmo Rune og eigarane de Vry<\/p><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hingsteutstillinga i Belgia gjekk av stabelen p\u00e5 hestesportanlegget i Wouman 24. mars.\u00a0I samband med salet av 2. premiehingsten Fjell Finn i september 2017, vart Norsk Fjordhestsenter med fleire inviterte til \u00e5rets hingsteutstilling.<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":4964,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"class_list":["post-4962","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4962","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4962"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4962\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":4970,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4962\/revisions\/4970"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/4964"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4962"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4962"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4962"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}