{"id":5549,"date":"2018-07-02T20:52:10","date_gmt":"2018-07-02T18:52:10","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=5549"},"modified":"2018-07-02T20:52:49","modified_gmt":"2018-07-02T18:52:49","slug":"malretta-trening-gav-nm-gull","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2018\/07\/02\/malretta-trening-gav-nm-gull\/","title":{"rendered":"M\u00e5lretta trening gav NM-gull"},"content":{"rendered":"<p><strong>Sofie Dahl Kristiansen fekk sansen for fjordhest etter \u00e5 ha vore f\u00f4rryttar p\u00e5 ein tidlegare NM-vinnar. Etter mykje hardt arbeid vann ho i \u00e5r NM junior med vallaken Jason Lundg\u00e5rd.<\/strong><\/p>\n<p><em>Tekst og foto: Ingvild Rydjord Hansen<\/em><\/p>\n<p>Sofie Dahl Kristiansen er 16 \u00e5r og bur i Oslo. I 2016 kj\u00f8pte ho sin f\u00f8rste fjordhest, vallaken Jason Lundg\u00e5rd som er oppdretta i Danmark. \u00abEg var f\u00f8rst litt skeptisk til fjordhesten, men etter \u00e5 ha vore f\u00f4rryttar p\u00e5 den tidlegare NM-vinnaren Alm Jarl vart eg veldig glad i rasen\u00bb seier Sofie. \u00abD\u00e5 eg skulle kj\u00f8pe egen hest fann eg fort ut at det var fjordhest eg ville ha, og d\u00e5 eg pr\u00f8vde Jason var eg sikker p\u00e5 at han var den rette hesten for meg\u00bb fortel ho.<\/p>\n<p>F\u00f8r Sofie kj\u00f8pte Jason var han brukt i rideskule og som sprangponni. Det er ogs\u00e5 sprang som er Sofie si favorittgrein. \u00abJason elskar \u00e5 hoppe, og han gjer alt han kan for at vi skal ha ei god oppleving\u00bb seier ho. \u00abHan er utrulig vendbar, s\u00e5 omhopping er veldig morsomt med han.\u00bb Dette fekk publikum oppleve p\u00e5 NM, d\u00e5 Sofie og Jason rei f\u00f8rste avdeling i greinmeisterskapen i sprang. Dei rei ei veldig rask omhopping og vann klassa.<\/p>\n<div id=\"attachment_5516\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-5516\" class=\"wp-image-5516\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_4631web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"512\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_4631web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_4631web-500x426.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_4631web-750x640.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-5516\" class=\"wp-caption-text\">Sofie og Jason vann f\u00f8rste avdeling i greinmeisterskapen i sprang<\/p><\/div>\n<p>Dressuren har vore ei st\u00f8rre utfordring for ekvipasjen, d\u00e5 Jason er ein litt vrien hest som ikkje er den enklaste \u00e5 ri. \u00abJason har ein tendens til \u00e5 bukke heilt utan vidare, s\u00e5 eg har ikkje tal p\u00e5 kor mange gongar eg har falt av\u00bb seier Sofie. \u00abHan har s\u00e5 mange personlegheiter, og n\u00e5r eg kjem i stallen veit eg ikkje om han er kjempegira og berre vil springe og bukke, eller om han er heilt rolig\u00bb. Men, dette er ei ung dame som ser kvar utfordring som ei moglegheit til \u00e5 l\u00e6re noko nytt: \u00abViss ein skal bli ein god ryttar m\u00e5 ein ri mange hestar, og Jason er p\u00e5 mange m\u00e5tar fleire hestar i ein\u00bb seier Sofie.<\/p>\n<p>Med hjelp av gode trenarar og mykje hardt arbeid har Sofie klart \u00e5 f\u00e5 Jason veldig godt til, og under \u00e5rets NM starta dei greinmeisterskapen i dressur. \u00a0\u00abEg er veldig heldig som har s\u00e5 flinke trenarar, eg rir for Cassandre Bach-Gansmo to gongar i veka og for Andrew Murphy kvar sjette veke. Trenarane mine har hjelpt meg \u00e5 f\u00e5 fram det beste i Jason\u00bb seier Sofie.<\/p>\n<div id=\"attachment_5550\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-5550\" class=\"wp-image-5550\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_8705web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"536\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_8705web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_8705web-500x446.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_8705web-750x669.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-5550\" class=\"wp-caption-text\">Sofie og Jason i LA dressur<\/p><\/div>\n<p>D\u00e5 Jason kom til Noreg var han 12 \u00e5r, og hadde aldri vore spent for ei vogn i sitt liv. Skal ein vinne p\u00e5 Fjordhest-NM m\u00e5 ein ogs\u00e5 starte k\u00f8yring, s\u00e5 det var klart at Jason m\u00e5tte k\u00f8yrast inn. Med hjelp av Heidi Bergsund, som er ein flink og rutinert kusk (og tidlegare gullvinnar p\u00e5 Fjordhest-NM), vart det k\u00f8yrehest av Jason, og han og Sofie k\u00f8yrde ei god runde og fekk plassering i lett presisjon p\u00e5 \u00e5rets NM.<\/p>\n<p>Sofie starta sitt f\u00f8rste Fjordhest-NM i Askim i 2017. D\u00e5 hadde ho som m\u00e5l \u00e5 klare \u00e5 fullf\u00f8re, men det gjekk betre enn forventa og ho enda opp med NM-s\u00f8lv. I \u00e5r hadde ho h\u00f8gare forventningar til b\u00e5de seg og hesten, sidan dei no hadde trent enno meir og visste kva dei gjekk til. \u00abEg er utrulig stolt av det eg og Jason fekk til p\u00e5 \u00e5rets NM\u00bb seier Sofie. \u00abEtter \u00e5 ha st\u00e5tt p\u00e5 hengaren i ti timar for \u00e5 kome til Stord klarte han \u00e5 jobbe saman med meg og vise alt vi kan.\u00bb Mest n\u00f8gd var ho med k\u00f8yringa, der dei klarte \u00e5 vere feilfrie \u2013 eit m\u00e5l ho hadde satt seg f\u00f8r NM.<\/p>\n<div id=\"attachment_5551\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-5551\" class=\"wp-image-5551\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_2897web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"543\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_2897web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_2897web-500x453.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_2897web-750x679.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-5551\" class=\"wp-caption-text\">Sofie og Jason fekk plassering i lett presisjon<\/p><\/div>\n<p>\u00abDet beste med \u00e5 delta p\u00e5 Fjordhest-NM er at du m\u00e5 vere ein allsidig rytter og kusk, og meistre tre veldig ulike greiner\u00bb seier Sofie. Ho meiner at det \u00e5 konkurrere aktivt i tre greiner er ein veldig god m\u00e5te \u00e5 bli ein betre rytter p\u00e5, og at ein kan ta med seg positive ting fr\u00e5 kvar grein inn i dei andre. For \u00e5 gjere det godt p\u00e5 NM meiner Sofie at det m\u00e5 m\u00e5lretta og strukturert trening til. Sj\u00f8lv rir ho for instruksjon tre dagar i veka, to dagar dressur og ein dag sprang. I tillegg k\u00f8yrer ho ein dag i veka. Det er ogs\u00e5 viktig \u00e5 ha motivasjon og lyst til \u00e5 gjere det bra, og at ein har hesten sitt beste i fokus heile tida. \u00abEg har Jason oppstalla p\u00e5 eit fantastisk rideanlegg i S\u00f8rkedalen, med flinke og utdanna hestefolk rundt oss. Eg ser at det er mange som ikkje har tilgong til eit s\u00e5 fint anlegg men som likevel gjer det veldig godt i NM, og det syns eg er imponerande\u00bb seier Sofie.<\/p>\n<p>No skal Sofie og Jason ha ein velfortent sommarferie. Etter nokre veker med rolige turar byrar treninga mot neste \u00e5rs NM og Nordisk, som Sofie gler seg veldig til. \u00abKvar dag i stallen har eit m\u00e5l og ei meining, og det er viktig for \u00e5 kome langt\u00bb seier Sofie.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-5529\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_5710web.jpg\" alt=\"\" width=\"450\" height=\"579\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_5710web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_5710web-500x644.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_5710web-750x965.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/07\/IMG_5710web-400x516.jpg 400w\" sizes=\"auto, (max-width: 450px) 100vw, 450px\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sofie Dahl Kristiansen fekk sansen for fjordhest etter \u00e5 ha vore f\u00f4rryttar p\u00e5 ein tidlegare NM-vinnar. Etter mykje hardt arbeid vann ho i \u00e5r NM junior med vallaken Jason Lundg\u00e5rd.<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":5550,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[],"class_list":["post-5549","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-nm"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5549","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5549"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5549\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5554,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5549\/revisions\/5554"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/5550"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5549"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5549"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5549"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}