{"id":5716,"date":"2018-11-05T21:07:02","date_gmt":"2018-11-05T20:07:02","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=5716"},"modified":"2018-11-05T21:07:02","modified_gmt":"2018-11-05T20:07:02","slug":"oppsummering-av-haustmotet-2018","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2018\/11\/05\/oppsummering-av-haustmotet-2018\/","title":{"rendered":"Oppsummering av Haustm\u00f8tet 2018"},"content":{"rendered":"<p><strong>Norges Fjordhestlag, Landslaget for D\u00f8lahest og Landslaget for nordlandshest\/lyngshest var samla til felles Haustm\u00f8te p\u00e5 Flesland 2.-4. november. <\/strong><\/p>\n<p><em>av Ingvild Rydjord Hansen<\/em><\/p>\n<p>\u00c5rets Haustm\u00f8te var det fjerde ein har arrangert der alle tre raseorganisasjonane deltok. Det er heilt klart mange fordelar med \u00e5 ha desse m\u00f8ta i fellesskap. For det f\u00f8rste har rasane v\u00e5re mange felles utfordringar, og det kan vere sv\u00e6rt nyttig \u00e5 diskutere desse p\u00e5 tvers av raselaga. I tillegg er det sosialt med eit st\u00f8rre m\u00f8te, og det lettar arbeidsmengda for dei ulike laga n\u00e5r ein kan dele p\u00e5 oppg\u00e5vene.<\/p>\n<p>Det var Norges Fjordhestlag som var sterkast representert p\u00e5 Haustm\u00f8tet, men med laget sin lange tradisjon for desse m\u00f8ta er det ikkje s\u00e5 veldig rart. Det var likevel veldig gledeleg \u00e5 sj\u00e5 eit stort oppm\u00f8te fr\u00e5 b\u00e5de Landslaget for D\u00f8lahest og Landslaget for nordlandshest\/lyngshest.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-5718\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/11\/IMG_6103web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"383\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/11\/IMG_6103web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/11\/IMG_6103web-500x319.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/11\/IMG_6103web-750x478.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p>Programmet for \u00e5rets Haustm\u00f8te var variert, og postane var like relevante uansett kva for ei rase ein driv med. Ein hadde b\u00e5de faglege innslag og innslag som oppmoda til diskusjon og refleksjon. Tanken bak programmet var at alle, uansett rase og bruksomr\u00e5de, skulle finne informasjonen interessant og l\u00e6rerik, og etter tilbakemeldingane fr\u00e5 salen kan ein nok trygt seie at ein lukkast med det.<\/p>\n<p>Fredag starta m\u00f8tet med informasjon fr\u00e5 Norsk Hestesenter. Siri Furre gjekk gjennom tal p\u00e5 \u00e5rets bedekningar og f\u00f8dde f\u00f8l for alle dei tre rasane. I \u00e5r, som tidlegare \u00e5r, vart viktigheita av \u00e5 sende inn opplysningar til Norsk Hestesenter understreka. Senteret er avhengig av tilbakemelding fr\u00e5 eigarar uansett resultatet av ei bedekning for \u00e5 ha eit sikkert datagrunnlag til \u00e5 bed\u00f8mme mellom anna fruktbarheita i rasane. Det er ogs\u00e5 viktig \u00e5 melde fr\u00e5 om d\u00f8de og kastrerte hestar. Vi fekk ogs\u00e5 informasjon fr\u00e5 Fagutvalget, eit utval med representantar fr\u00e5 raselaga v\u00e5re som gir r\u00e5d til Landbruks- og matdepartementet om prioritering av tiltak for \u00e5 bevare og styrke dei nasjonale hesterasane.<\/p>\n<div id=\"attachment_5717\" style=\"width: 310px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-5717\" class=\"wp-image-5717\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/11\/IMG_6105web.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"326\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/11\/IMG_6105web.jpg 1000w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/11\/IMG_6105web-500x543.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/11\/IMG_6105web-750x815.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><p id=\"caption-attachment-5717\" class=\"wp-caption-text\">Fr\u00e5 venstre: Lina Hofslundsengen, Bj\u00f8rn Vollstad og Siri Hatlevoll<\/p><\/div>\n<p>Laurdag morgon starta med ein veldig inspirerande bolk fr\u00e5 v\u00e5r eminente m\u00f8teleiar Bj\u00f8rn Vollstad. Han snakka om arbeid og utvikling i lokallaga, og kvifor det er s\u00e5 viktig \u00e5 vere inkluderande og positiv i lagsarbeidet. Lina Hofslundsengen\u00a0 og Siri Hatlevoll fr\u00e5 Sogndal Hestealslag presenterte deretter arbeidet i sitt lokallag, der dei gjer mange av dei tinga som Bj\u00f8rn understreka som viktige. Presentasjonen fr\u00e5 Sogndal inspirerte mange i salen, og fleire sa at dei gledde seg til \u00e5 reise heim og skape meir aktivitet i lokallaga sine.<\/p>\n<p>Seinare p\u00e5 dagen var det fleire faglege bolkar. Vi hadde bes\u00f8k av Josefa A. Torp fr\u00e5 Norsk Landbruksr\u00e5dgivning som snakka om f\u00f4ring i \u00e5rets spesielle f\u00f4rsesong med lite grovf\u00f4r. Ho fortalde at det i \u00e5r er ekstra viktig \u00e5 f\u00e5 tatt analyse av grovf\u00f4ret, d\u00e5 mykje av f\u00f4ret som er laga i \u00e5r inneheld store mengder protein og sukker. Vi fekk ogs\u00e5 nokre konkrete tips om gode produkt for tilleggsf\u00f4ring fr\u00e5 St. Hippolyt, som er sponsor for Norges Fjordhestlag.<\/p>\n<p>Etter lunsj hadde vi ein bolk med fokus p\u00e5 utvida brukspr\u00f8ver. Alle tre raseorganisasjonane gjennomf\u00f8rer dette litt ulikt, og laga delte erfaringar med sine system. Fr\u00e5 salen kom det mange gode innspel, og mellom anna var mange nysgjerrige p\u00e5 modellen til LNL, som lar hingstane m\u00f8te til utvida brukspr\u00f8ve n\u00e5r dei ynskjer det.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 bitt og bittbruk var tema denne dagen, og \u00d8yvind Landgraff fortalte engasjerande om ulike bitt og deira funksjon. Dagen vart avslutta med ein bolk om hestehelse, der veterin\u00e6r Ann-Kristin Milde snakka om forebygging og behandling av mages\u00e5r og kolikk.<\/p>\n<p>S\u00f8ndag morgon starta med rasespesifikk del, der kvar raseorganisasjon hadde eige program. Norges Fjordhestlag hadde mange tema p\u00e5 agendaen, og det vart mellom anna orientert om nye retningslinjer for namngjeving, obligatorisk oppm\u00f8te for \u00e5tte \u00e5r gamle hingstar, bitt p\u00e5 k\u00f8yrepr\u00f8ver og line\u00e6r registrering av eigenskapar p\u00e5 utstilling. Eitt av to tema ein hadde eit st\u00f8rre fokus p\u00e5 var bevaring av fjordhesten sine fargar. Her fekk deltakarane ei kort innf\u00f8ring i fargegenetikk, og det vart diskutert ulike tiltak ein kan ta i bruk for \u00e5 bevare fjordhesten sine fargar. Eit anna tema som engasjerte veldig var t\u00f8ylebruk p\u00e5 utstilling. Utstillarane ynskjer gjerne \u00e5 bruke leietau med kjetting, men dette er ikkje tillate i Norsk Hestesenter sitt utstillingsreglement. Det vart vist fram ulike t\u00f8ylar som fyl reglementet, men som ogs\u00e5 har kjetting slik mange ynskjer \u00e5 bruke.<\/p>\n<p>Vi vart samla att, og fekk bes\u00f8k fr\u00e5 Agria, som fortalde oss om kampanjen sin om dei norske hesterasane. Siste post p\u00e5 programmet var ein open post i plenum, der alle fekk h\u00f8ve til \u00e5 stille sp\u00f8rsm\u00e5l og kome med tilbakemeldingar til \u00e5rets Haustm\u00f8te.<\/p>\n<p>\u00c5rets Haustm\u00f8teprogram var variert og innhaldsrikt, og b\u00e5de dei som startar konkurransar, dei som avlar og dei som har hest til hobbybruk fekk nok mykje ut av helga. Ein var innom h\u00f8gaktuelle tema som f\u00f4ring i ein sv\u00e6rt spesiell grovf\u00f4rsesong, samt utvida brukspr\u00f8ver, og forh\u00e5pentlegvis reiste alle heim med eit brennande ynskje om \u00e5 skape meir aktivitet i lokallaget sitt etter \u00e5 ha h\u00f8yrd kor godt dei f\u00e5r det til i Sogndal Hestealslag.<\/p>\n<p>Tilbakemeldingane fr\u00e5 publikum var gode, og det verkar som om alle tre rasane ser store fordelar med \u00e5 arrangere Haustm\u00f8te ilag. Det er ei felles oppfatning at vi st\u00e5r sterkare saman. H\u00e5per vi ser alle att til neste \u00e5r!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Norges Fjordhestlag, Landslaget for D\u00f8lahest og Landslaget for nordlandshest\/lyngshest var samla til felles Haustm\u00f8te p\u00e5 Flesland 2.-4. november.<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":5718,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[85],"tags":[],"class_list":["post-5716","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-haustmote"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5716","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5716"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5716\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5721,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5716\/revisions\/5721"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/5718"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5716"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5716"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5716"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}