{"id":5743,"date":"2018-12-11T12:01:20","date_gmt":"2018-12-11T11:01:20","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=5743"},"modified":"2018-12-11T14:37:18","modified_gmt":"2018-12-11T13:37:18","slug":"invitasjon-til-utdanningsopphald-for-unghest-ved-norsk-fjordhestsenter","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2018\/12\/11\/invitasjon-til-utdanningsopphald-for-unghest-ved-norsk-fjordhestsenter\/","title":{"rendered":"Invitasjon til utdanningsopphald for unghest ved Norsk Fjordhestsenter"},"content":{"rendered":"<p><strong>I januar startar ein opp unghestutdanning innanfor Prosjekt Kvalitetshest ved Norsk Fjordhestsenter p\u00e5 Nordfjordeid. Har du ein unghest av nasjonal rase som er til sals, kan dette vere noko for deg!\u00a0<\/strong><\/p>\n<p>I tillegg til Norsk Fjordhestsenter vert det ogs\u00e5 starta opp utdanning av unghestar ved Norsk Hestesenter og Nasjonalt senter for nordlandshest\/lyngshest p\u00e5 ny\u00e5ret.\u00a0Utdanninga er subsidiert av avlsmidlar, og m\u00e5let for prosjektet er \u00e5 gjere hestane salsklare. Dette gjer ein gjennom individuell tilpassa trening, vurdering hesten sine eigenskapar og ferdigheiter og presentasjon av desse.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-4551\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"433\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web-500x361.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web-750x542.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4863web-610x441.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p><strong>Kva er Prosjekt Kvalitetshest?<\/strong><\/p>\n<p>Mange \u00f8nskjer \u00e5 kj\u00f8pe ferdig utdanna hestar av dei nasjonale hesterasane, men vi har ikkje nok slike hestar \u00e5 tilby marknaden. Raseorganisasjonane for dei tre s\u00e6rnorske hesterasane og dei tre nasjonale hestesentera har i samarbeid sett i gong Prosjekt Kvalitetshest for \u00e5 utdanne unghestar for sal.<\/p>\n<p>M\u00e5let med Prosjekt Kvalitetshest er \u00e5 utdanne trygge kvalitetshestar for salsmarknaden. Ved \u00e5 la hestane g\u00e5 igjennom eit kvalitetssikra utdanningsprogram vil ein kunne redusere talet p\u00e5 ulykker med hest og tilby marknaden tryggare hestar av nasjonal rase. Dei tre nasjonale hesterasane er s\u00e6rleg godt eigna til utdanningsprosjektet fordi dei fr\u00e5 naturen si side er rusta med eit st\u00f8dig temperament og god helse.<\/p>\n<p><strong>Opptak og krav til hestane:\u00a0<\/strong><br \/>\nM\u00e5let er \u00e5 utdanne kvalitetshestar for sal og frigjere stallplass hos oppdrettarane. Vi har desse krava til hestane som vert tatt opp i prosjektet:<\/p>\n<ul>\n<li>Nasjonal rase (fjordhest, d\u00f8lahest, nordlandshest\/lyngshest)<\/li>\n<li>Hoppe eller vallak<\/li>\n<li>Unghest, 2 til 5 \u00e5r<\/li>\n<li>Hesten b\u00f8r ha vore vist p\u00e5 f\u00f8lskue eller unghestskue<\/li>\n<li>Eigar \u00f8nskjer \u00e5 selje hesten<\/li>\n<li>Eigar m\u00e5 vere medlem av ein av dei tre nasjonale raseorganisasjonane<\/li>\n<\/ul>\n<p>I tillegg er det n\u00f8dvendig at hestane:<\/p>\n<ul>\n<li>er nyskodde ved ankomst (ein kan ev. gjere avtale med eigar dersom dette ikkje er mogleg).<\/li>\n<li>er oppf\u00f8lgde med ormekur, tannsjekk og vaksiner.<\/li>\n<li>er vande med \u00e5 bli transportert p\u00e5 hengar og toler trafikk.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Det er n\u00f8dvendig at eigar dokumenterer dette seinast ved ankomst, og viser at hesten fungerer i trafikk.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-4559\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"424\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web-500x354.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web-750x531.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web-610x432.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_4723web-400x284.jpg 400w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p><strong>Innhald i utdanninga<\/strong><\/p>\n<p>Det er tilsette ved Norsk Fjordhestsenter som st\u00e5r for den daglege handteringa av hestane i utdanningsperioda. Dei ansvarlege har fagbrev i hestefaget og lang erfaring med trening av unghest. Det er dei same personane som st\u00e5r for handtering og trening gjennom heile perioden, noko som gjer det tryggare og meir forutsigbart for hestane.\u00a0Utdanningsperioda er 6-8 veker. Det vert lagt opp til 3-4 treningar i veka for kvar hest, i tillegg til desse aktivitetane:<\/p>\n<p>Starten: Inntak, milj\u00f8l\u00f8ype, vurdering, lage treningsplan<br \/>\nMidtvegs: Milj\u00f8l\u00f8ype og undervegsvurdering, justere treningsplan ved behov<br \/>\nSiste halvdel: Skildring av hesten og verdivurdering<br \/>\nAvslutning: Visningsdag med milj\u00f8l\u00f8ype<\/p>\n<p>I tillegg til dette kjem dagleg handtering, som ogs\u00e5 er ein del av utdanninga. Unghestane kan delta p\u00e5 Skeid som ein del av opphaldet. Dommarvurderingane derfr\u00e5 er nyttige i kartlegginga og vurderingane av hesten.<\/p>\n<p>Utdanningsplanen vert laga av fagansvarleg og eigar i samarbeid etter s\u00f8knad og kartlegging av hesten. Milj\u00f8l\u00f8yper vert brukt til kartlegging av eigenskapar og ferdigheiter under planlegging av utdanningsl\u00f8p for unghest.<\/p>\n<p>Det vert utarbeidd eit prospekt for kvar hest som inneheld informasjon om hesten b\u00e5de n\u00e5r det gjeld eksteri\u00f8r, eigenskapar og ferdigheiter. Her legg ein vekt p\u00e5 kva potensiale hesten har og forventa utvikling.<\/p>\n<p>Eigar f\u00e5r tilgang til Dropbox-mappe eller tilsvarande med vurderingar, treningsplan og treningsdagbok. N\u00e5r det n\u00e6rmar seg visningsdag tek den ansvarlege kontakt og informerer om verdivurdering.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-4660\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"514\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807-500x429.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807-750x643.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/12\/IMG_5807-610x523.jpg 610w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p><strong>Utdanningsopphaldet ved Norsk Fjordhestsenter<\/strong><\/p>\n<p>Prosjekt Kvalitetshest startar opp i veke 2 ved Norsk Fjordhestsenter. Visningsdagen er planlagt i starten av mars.<\/p>\n<p>Kostnad for unghestutdanninga er 9000 kroner per m\u00e5nad, men 3000 kroner av desse vert subsidiert gjennom avlsmidlar. <strong>Prisen for opphaldet vert 6000 kroner per m\u00e5nad, dette inkluderer oppstalling med full pensjon, dagleg handtering og stell, trening og marknadsf\u00f8ring.<\/strong><\/p>\n<p><strong>Har du ein aktuell unghest?<\/strong><\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/12\/S\u00f8knadsskjemaPK2019.pdf\">Last ned og fyll ut s\u00f8knadsskjema<\/a>\u00a0og send inn til <a href=\"mailto:post@norsk-fjordhestsenter.no\">post@norsk-fjordhestsenter.no<\/a>\u00a0f\u00f8r jul. Har du sp\u00f8rsm\u00e5l? Kontakt oss p\u00e5 e-post eller telefon\u00a057864800.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.nhest.no\/Nyheter\/2018\/Desember\/Prosjekt-kvalitetshest\/\">Her finn du meir informasjon om Prosjekt Kvalitetshest ved Norsk Hestesenter.<\/a><br \/>\n<a href=\"http:\/\/nsnl.custompublish.com\/prosjekt-kvalitetshest.6172521-430036.html?fbclid=IwAR0cyUibZ9JXgEST4AFbK-cfoxo9ldLB62wN7h2d6Lw3nQQ291s_CLlnjX0\">Her finn du meir informasjon om Prosjekt Kvalitetshest ved Nasjonalt senter for nordlandshest\/lyngshest.<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I januar startar ein opp unghestutdanning innanfor Prosjekt Kvalitetshest ved Norsk Fjordhestsenter p\u00e5 Nordfjordeid. Har du ein unghest av nasjonal rase som er til sals, kan dette vere noko for deg!\u00a0<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":4660,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[181,4],"tags":[],"class_list":["post-5743","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-prosjekt-kvalitetshest","category-siste-nytt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5743","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5743"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5743\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5755,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5743\/revisions\/5755"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/4660"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5743"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5743"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5743"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}