{"id":5760,"date":"2018-12-24T11:30:39","date_gmt":"2018-12-24T10:30:39","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=5760"},"modified":"2018-12-24T11:30:39","modified_gmt":"2018-12-24T10:30:39","slug":"julehelsing-fra-norges-fjordhestlag-og-norsk-fjordhestsenter","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2018\/12\/24\/julehelsing-fra-norges-fjordhestlag-og-norsk-fjordhestsenter\/","title":{"rendered":"Julehelsing fr\u00e5 Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter"},"content":{"rendered":"<p>Jula er her, og det er berre f\u00e5 dagar att f\u00f8r vi skriv 2019. \u00c5ret 2018 har vore eit godt \u00e5r for fjordhesten, med aktive lokallag og optimisme p\u00e5 fjordhesten sine vegne.<\/p>\n<p>I juni arrangerte Stord Hestesportlag ein fantastisk flott Noregsmeisterskap der nokre av dei beste fjordhestane fekk vise seg fram i dansande dressur, spenstig sprangriding og fartsfylt k\u00f8yring. Vi fekk k\u00e5ra b\u00e5de Noregsmeistrar, greinmeistrar og BUF-vinnarar. Vi er veldig glade for at vi har f\u00e5tt dyktige arrang\u00f8rar til Fjordhest-NM b\u00e5de i 2019 og i 2020, og ser fram til \u00e5 m\u00f8tast att d\u00e5.<\/p>\n<p>Under hingsteutstillinga p\u00e5 Nordfjordeid den f\u00f8rste veka i mai vart det delt ut heile tre kvite sl\u00f8yfer. \u00c5tte tre\u00e5rshingstar og to eldre hingstar oppn\u00e5dde k\u00e5ringsgrad, og vi gler oss til \u00e5 sj\u00e5 mange av dei att p\u00e5 utvida brukspr\u00f8ver til v\u00e5ren.<\/p>\n<p>I \u00e5ret som har g\u00e5tt har Norges Fjordhestlag arbeidd med fleire store prosjekt. Mellom desse finn ein Prosjekt Kvalitetshest, som har som form\u00e5l \u00e5 utdanne unghestar av dei tre nasjonale hesterasane til salsmarknaden, samt hoppelinjeprosjektet der vi har gitt bedekningstilskot til hopper med ein stamme det er verdt \u00e5 ta vare p\u00e5. Fjordhesten har fleire utfordringar, og det er viktig \u00e5 arbeide p\u00e5 fleire ulike m\u00e5tar for \u00e5 m\u00f8te desse.<\/p>\n<p>For andre \u00e5ret p\u00e5 rad har Norges Fjordhestlag f\u00e5tt Frifond-midlar som vi har delt ut til lokallag som ynskjer \u00e5 arrangere aktivitetar for barn og unge. Dette har vore ein stor suksess, og mange lokallag har hatt stor aktivitet. Takk for den flotte innsatsen de har gjort for \u00e5 rekruttere fleire fjordhestfolk!<\/p>\n<p>Populariteten til fjordhesten er stigande, og det finns mange annonser p\u00e5 nett der folk ynskjer \u00e5 kj\u00f8pe seg ein fjordhest. Det er kjekt \u00e5 sj\u00e5 at dei som er ute etter fjordhest er ulike folk som ynskjer ulike ting \u2013 nokre vil ha ein unghest, nokre ein hest som er klar til \u00e5 starte NM og andre igjen ynskjer ein hest som heile familien kan kose seg med. Vi veit jo at fjordhesten passar ypparleg til alt dette, og er veldig glade for at fjordhesten st\u00e5r \u00f8vst p\u00e5 \u00f8nskelista til s\u00e5 mange.<\/p>\n<p>Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter sitt gode samarbeid er viktig for fjordhesten, og vi er veldig glade for at vi har kvarandre. P\u00e5 Norsk Fjordhestsenter vert det arbeidd opp mot b\u00e5de avl og bruk, gjennom mellom anna samarbeid med Fjordane folkeh\u00f8gskule, rideskule for born og vaksne samt seminstasjon. Norsk Fjordhestsenter har ogs\u00e5 arrangert dommarsamling og oppdrettarkonferanse i \u00e5ret som har g\u00e5tt.<\/p>\n<p>Norsk Fjordhestsenter og styret i Norges Fjordhestlag og vil takke alle som arbeider for fjordhesten. Takk til lokallaga, som skaper aktivitet og rekrutterer nye fjordhestfolk. Takk til dei som har lagt ned stor innsats for avlen gjennom \u00e5 vise hingst p\u00e5 Nordfjordeid. Takk til alle som promoterer fjordhesten i ulike arenaar \u2013 p\u00e5 stemner i inn- og utland, p\u00e5 utstilling, p\u00e5 rideskular over heile landet, p\u00e5 sosiale media og elles der fjordhesten deltek. Arbeidet de gjer er viktigare enn de trur, og utan fjordhestfolk hadde det ikkje vore nokon fjordhest heller.<\/p>\n<p><strong>Norsk Fjordhestsenter og styret i Norges Fjordhestlag vil ynskje alle fjordhestfolk ei fredeleg juleh\u00f8gtid og eit godt, nytt fjordhest\u00e5r!<\/strong><\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter size-full wp-image-5761\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/12\/IMG_0682.jpg\" alt=\"\" width=\"1080\" height=\"733\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/12\/IMG_0682.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/12\/IMG_0682-500x339.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/12\/IMG_0682-750x509.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 1080px) 100vw, 1080px\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Jula er her, og det er berre f\u00e5 dagar att f\u00f8r vi skriv 2019. \u00c5ret 2018 har vore eit godt \u00e5r for fjordhesten, med aktive lokallag og optimisme p\u00e5 fjordhesten sine vegne.<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":5761,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"class_list":["post-5760","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5760","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5760"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5760\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5762,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5760\/revisions\/5762"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/5761"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5760"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5760"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5760"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}