{"id":5835,"date":"2019-03-18T18:57:27","date_gmt":"2019-03-18T17:57:27","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=5835"},"modified":"2019-03-18T18:57:31","modified_gmt":"2019-03-18T17:57:31","slug":"inviterer-til-fagsamling-om-drektigheit%ef%bb%bf","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2019\/03\/18\/inviterer-til-fagsamling-om-drektigheit%ef%bb%bf\/","title":{"rendered":"Inviterer til fagsamling om drektigheit\ufeff"},"content":{"rendered":"\n
Kva p\u00e5verkar om ei hoppe vert drektig eller ikkje? F\u00f8lprosenten p\u00e5 fjordhest er for l\u00e5g, og Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter ynskjer \u00e5 sette fokus p\u00e5 denne problemstillinga og inviterer til fagsamling om betre drektigheit p\u00e5 hest.<\/strong><\/p>\n\n\n\n
Av Ingvild Rydjord\nHansen<\/em><\/p>\n\n\n\n
Ein populasjon med under 200 f\u00f8dde individ per \u00e5r er kritisk truga. Fjordhesten har i fleire \u00e5r vore under denne grensa. <\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n
\u00abI 2018 var det rundt 280 bedekte fjordhopper i Noreg, og hadde\nvi hatt ein h\u00f8gare drektigheitsprosent hadde vi kunna n\u00e5dd m\u00e5let om 200 f\u00f8dde f\u00f8l\ni 2019\u00bb seier Asle Espe ved Norsk Fjordhestsenter. Senteret arrangerer kvart \u00e5r\nfagsamlingar retta mot oppdrettarar, og i \u00e5r er temaet \u00abbetre drektigheit\u00bb. <\/p>\n\n\n\n
F\u00f8lprosenten til fjordhesten ligg p\u00e5 ca. 58%, og har vore gradvis synkande dei siste 10-15 \u00e5ra. \u00abDet er mange som ynskjer \u00e5 avle, men som ender opp med tomme hopper. Det er veldig synd \u2013 b\u00e5de for den enkelte hoppeeigar og for fjordhesten som rase\u00bb seier Espe. <\/p>\n\n\n\n
Ein grunn til at den dokumenterte f\u00f8lprosenten er s\u00e5 l\u00e5g, er at datagrunnlaget til Norsk Hestesenter ikkje er fullstendig p\u00e5 grunn av d\u00e5rleg rapportering. Dette gir likevel ikkje heile svaret p\u00e5 problemet. \u00abOm vi samanliknar oss med dei to andre nasjonale rasane d\u00f8lahest og nordlandshest\/lyngshest er vi d\u00e5rlegast i klassa, men dei andre har ogs\u00e5 utfordringar p\u00e5 dette feltet\u00bb seier Espe. <\/p>\n\n\n\n
Statistisk sett er det 58% sjanse for at denne hoppa, som var para i 2018, ventar f\u00f8l til sommaren. Med fokus p\u00e5 kunnskapsformidling h\u00e5par ein \u00e5 kunne auke drektigheitsprosenten p\u00e5 fjordhest.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n
Til fagsamlinga p\u00e5 Norsk Fjordhestsenter kjem det personar\nmed stor kompetanse p\u00e5 feltet reproduksjon. Universitetslektor Caroline Sorknes\nHaadem fr\u00e5 NMBU vil ha foredrag om korleis ein f\u00e5r f\u00f8l i hoppa, kva det kan\nskuldast dersom ho ikkje vert drektig, og om komplikasjonar og sjukdommar under\ndrektigheit og etter f\u00f8lling. <\/p>\n\n\n\n
Tore Kvam, spesialr\u00e5dgjevar p\u00e5 avl ved Norsk Hestesenter,\nvil snakke om status for dei nasjonale hesterasane, korleis hingsten p\u00e5verkar\ndrektigheitsprosenten og om aktuelle tiltak som kan gjennomf\u00f8rast. Kvam har lang\nerfaring med avlsr\u00e5dgjeving p\u00e5 mange raser, og har i tillegg sin eigen veterin\u00e6rpraksis\nmed fagomr\u00e5de reproduksjon p\u00e5 hest. <\/p>\n\n\n\n
Fagsamlinga vert arrangert p\u00e5 Norsk Fjordhestenter tysdag 9. april, og m\u00e5lgruppa er oppdrettarar, hingstehaldarar, veterin\u00e6rar og andre interesserte. Informasjonen er relevant uansett kva for rase du driv med, og alle er velkomne til ein interessant kveld p\u00e5 Fjordhestsenteret. <\/p>\n\n\n\n
Program:<\/strong><\/p>\n\n\n\n
18.00:<\/strong> Opning ved arrang\u00f8r med kort orientering om status p\u00e5 seminstasjonen.
18.20:<\/strong> Caroline Sorknes Haadem, Universitetslektor NMBU: \u00abKorleis f\u00e5r vi f\u00f8ll i hoppa, og kvifor blir ho ikkje drektig?\u00bb\u00a0
19.00:<\/strong> Tore Kvam, Norsk Hestesenter orienterer om status for dei nasjonale rasane, hingsten sin innverknad p\u00e5 drektigheit og tiltak som kan vere aktuelle \u00e5 starte.
20.30:<\/strong> Caroline Sorknes Haadem, Universitetslektor NMBU: \u00abKomplikasjoner og sykdommer hos hoppa under drektighet, og etter f\u00f8lling\u00bb
21.30:<\/strong> Norges Fjordhestlag, ved avlsutvalet, informerer om ansvaret raselaget har, og kva som m\u00e5 prioriterast fr\u00e5 deira side.\u00a0 <\/p>\n\n\n\n
<\/p>\n\n\n\n
<\/p>\n\n\n\n
<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"
Kva p\u00e5verkar om ei hoppe vert drektig eller ikkje? F\u00f8lprosenten p\u00e5 fjordhest er for l\u00e5g, og Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter ynskjer \u00e5 sette fokus p\u00e5 denne problemstillinga og inviterer til fagsamling om betre drektigheit p\u00e5 hest.<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":5773,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":true,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"off","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[14,4],"tags":[28],"class_list":["post-5835","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-norsk-fjordhestsenter","category-siste-nytt","tag-avl"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5835","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5835"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5835\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5838,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5835\/revisions\/5838"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/5773"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5835"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5835"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5835"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}