{"id":5880,"date":"2019-04-20T11:05:07","date_gmt":"2019-04-20T09:05:07","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=5880"},"modified":"2019-04-20T11:05:12","modified_gmt":"2019-04-20T09:05:12","slug":"betre-drektigheit-status-for-fjordhesten%ef%bb%bf","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2019\/04\/20\/betre-drektigheit-status-for-fjordhesten%ef%bb%bf\/","title":{"rendered":"Betre drektigheit: Status for fjordhesten\ufeff"},"content":{"rendered":"\n<p><strong>Sj\u00f8lv om talet p\u00e5\nbedekte fjordhopper har g\u00e5tt opp dei siste \u00e5ra, slit fjordhesten med l\u00e5g f\u00f8lprosent\nog difor f\u00e5 f\u00f8dde f\u00f8l. Kva kan vere grunnen til dette, og korleis tek Norges\nFjordhestlag tak i denne utfordringa?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p><em>av Ingvild Rydjord\nHansen<\/em><\/p>\n\n\n\n<p><em>Dette er f\u00f8rste del i artikkelserien &laquo;Betre drektigheit&raquo; som tek for seg bedekning og drektigheit. <\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Fjordhesten har i fleire \u00e5r hatt kritisk l\u00e5ge bedekningstal.\nDet l\u00e5gaste talet nokon sinne er fr\u00e5 2014, d\u00e5 berre 147 hopper vart f\u00f8rte til\nhingst. Sidan d\u00e5 har tala stige noko, og i 2018 vart 278 hopper bedekt. Sj\u00f8lv\nom det er ei stor prosentvis auke fr\u00e5 2014 er tala framleis for l\u00e5ge, og ein\nynskjer at enno fleire fjordhopper vert brukte i avl. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>Fjordhesten er\nkritisk truga<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Ein bestand er rekna som kritisk truga dersom det vert f\u00f8dd mindre\nenn 200 nye individ kvart \u00e5r. Sj\u00f8lv om fjordhesten har hatt bedekningstal p\u00e5\nover 200 kvart \u00e5r sidan 2015, har ikkje talet p\u00e5 f\u00f8dde f\u00f8l passert den kritiske\ngrensa. <\/p>\n\n\n\n<p>\u00abDersom vi hadde hatt ein h\u00f8gare f\u00f8lprosent p\u00e5 fjordhesten,\nville vi kunne n\u00e5 m\u00e5let om 200 f\u00f8dde f\u00f8l\u00bb seier leiar i avlsutvalet i Norges\nFjordhestlag, Vidar Heggheim. \u00abFjordhesten er i ein veldig s\u00e5rbar situasjon\nsidan vi har ein liten populasjon, og difor arbeider vi for at flest mogleg av\nbedekningane skal resultere i f\u00f8dde f\u00f8l\u00bb legg han til. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"750\" height=\"585\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/12\/IMG_6544web-750x585.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-5773\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/12\/IMG_6544web-750x585.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/12\/IMG_6544web-500x390.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2018\/12\/IMG_6544web.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 750px) 100vw, 750px\" \/><figcaption>Alle partar ynskjer at flest mogleg av bedekningane resulterer i f\u00f8dde f\u00f8l.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p><strong>D\u00e5rlegast av dei norske<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 Norsk Hestesenter sit dei p\u00e5 data om bedekningar for alle\ndei tre nasjonale hesterasane fjordhest, d\u00f8lahest og nordlandshest\/lyngshest. Dei\nf\u00f8rer statistikk p\u00e5 kva som har skjedd med bedekningane \u2013 har hoppa ikkje blitt\ndrektig, kasta undervegs, eller kom det eit levande f\u00f8l? Desse data er basert\np\u00e5 innsendte springsetlar fr\u00e5 hoppeeigarane, og manglande innrapportering gjer\ndet vanskeleg for Norsk Hestesenter \u00e5 f\u00e5 eit godt bilete av situasjonen. <\/p>\n\n\n\n<p>Den innrapporterte f\u00f8lprosenten for fjordhest har dei siste\n\u00e5ra ligge p\u00e5 rundt 58%. Dette er d\u00e5rlegast av dei tre norske. D\u00f8lahesten har\nein f\u00f8lprosent p\u00e5 om lag 60%, medan nordlandshest\/lyngshest ligg p\u00e5 om lag 70%.\n<\/p>\n\n\n\n<p>Ein ser ogs\u00e5 ein stor skilnad p\u00e5 kor mange av bedekningane i\nkvar rase som det ikkje er innrapportert resultat av. For fjordhest har dette\ntalet vore opp mot 40% enkelte \u00e5r, medan nordlandshest\/lyngshest ligg stabilt\np\u00e5 under 10%. P\u00e5 dette punktet kan fjordhestfolket heilt klart verte mykje\nflinkare.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Ynskjer seg data om\ndei norske hesterasane<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>\u00abF\u00f8lprosenten seier noko om sesongen som heilheit, men gir\nikkje noko godt totalbilete\u00bb seier spesialr\u00e5dgjevar ved Norsk Hestesenter, Tore\nKvam. \u00abTala fortel oss berre kor stor del av hoppene som har f\u00e5tt levande f\u00f8l,\nmen ikkje noko om kor mange som faktisk har vore drektige eller som har\nabortert eller kasta f\u00f8la.\u00bb<\/p>\n\n\n\n<p>Kvam meiner at ein statistikk p\u00e5 drektigheit per brunst\nville gitt mykje betre informasjon. \u00abDei tala vi har no seier ingenting om\nhoppene har brukt ein eller fleire brunstar p\u00e5 \u00e5 bli drektige\u00bb seier han.<\/p>\n\n\n\n<p>Kvam ynskjer seg ogs\u00e5 betre data p\u00e5 reproduksjon fr\u00e5 dei\nnorske hesterasane. \u00abDei data som finns p\u00e5 reproduksjon p\u00e5 hest er fr\u00e5\nunders\u00f8kingar gjort i andre land og p\u00e5 andre raser enn dei norske\u00bb seier han.\n\u00abDet hadde vore b\u00e5de interessant og nyttig \u00e5 registrere data p\u00e5 normalverdiar\np\u00e5 dei norske hesterasane. Vi trur at dei norske hesterasane oppf\u00f8rer seg omtrent\nsom andre rasar, men sidan vi ikkje har data p\u00e5 det kan vi ikkje vite det\nsikkert.\u00bb<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Treng meir kunnskap\nom avl<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Mange sp\u00f8r seg sj\u00f8lvsagt kvifor f\u00f8lprosenten er s\u00e5 l\u00e5g hos\nfjordhesten. Er det faktorar ved hesten som gjer dette, eller er det milj\u00f8et\nrundt hestane som p\u00e5verkar? Tore Kvam meiner at lite kunnskap om avl blant\noppdrettarane kan vere ein av orsakane. <\/p>\n\n\n\n<p>\u00abF\u00f8r i tida f\u00f8regjekk avlen p\u00e5 gardane, der dei hadde\nerfaring og kunnskap om avl p\u00e5 andre dyr som gris, sau og storfe. Denne\nkunnskapen nytta dei i hesteavlen\u00bb fortel Kvam. \u00abNo er det yngre folk som held\np\u00e5 med hest, og sj\u00f8lv om dei har mykje kunnskap om hest p\u00e5 andre omr\u00e5de manglar\ndei erfaring med avl. Ein l\u00e6rer mykje av \u00e5 ha dyr, og opparbeider seg kunnskap\nog rutine\u00bb seier han. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"750\" height=\"685\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9203-750x685.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3275\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9203-750x685.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9203-500x456.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9203-610x557.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9203.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 750px) 100vw, 750px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p><strong>Vil kartlegge<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Som ansvarleg for fjordhesten tek Norges Fjordhestlag den\nl\u00e5ge f\u00f8lprosenten p\u00e5 alvor. \u00abF\u00f8rste steg i prosessen for \u00e5 auke f\u00f8lprosenten er\n\u00e5 kartlegge kvar problemet ligg\u00bb seier Vidar Heggheim i avlsutvalet. \u00abVi m\u00e5\nvite meir om grunnen til at tala er som dei er, og f\u00f8rst n\u00e5r dette er kartlagt\nveit vi kva for tiltak som kan vere nyttige \u00e5 setje inn\u00bb seier han. <\/p>\n\n\n\n<p>\u00abNorges Fjordhestlag er ein liten organisasjon med avgrensa\nressursar, og det er mange omsyn vi m\u00e5 ta i avlen av fjordhest\u00bb seier Heggheim.\n\u00abVi er avhengige av god hjelp fr\u00e5 fagfolk n\u00e5r vi skal ta tak i dei\nutfordringane vi har, og vi er veldig glade for det gode samarbeidet vi har med\nNorsk Hestesenter p\u00e5 dette omr\u00e5det\u00bb legg han til.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>M\u00e5 ha mange tankar i\nhovudet<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Det er ikkje berre f\u00f8lprosenten Norges Fjordhestlag arbeider\nmed. \u00abVi har ansvar for \u00e5 ta vare p\u00e5 heile fjordhesten, og vi m\u00e5 difor ha mange\ntankar i hovudet samstundes\u00bb seier Heggheim. \u00abDet er heilt klart at dersom vi\nf\u00e5r opp f\u00f8lprosenten og f\u00e5r fleire f\u00f8dde f\u00f8l kvart \u00e5r, vert det enklare for oss\n\u00e5 arbeide p\u00e5 andre omr\u00e5de i avlen\u00bb . Heggheim nemner innavlsgrad og bevaring av\nfargar som to av tinga ein har fokus p\u00e5 som vil ha sv\u00e6rt godt av at det vert\nf\u00f8dd fleire f\u00f8l kvart \u00e5r. <\/p>\n\n\n\n<p>I tillegg til kartlegging av situasjonen for fjordhesten har\nNorges Fjordhestlag sett i gong eit anna tiltak. \u00abVi vil s\u00f8rgje for at dei som\navlar fjordhest har meir kunnskap om bedekning og drektigheit, fordi vi meiner\nat det er heilt avgjerande for \u00e5 f\u00e5 ein auke i talet p\u00e5 f\u00f8dde f\u00f8l\u00bb seier\nHeggheim. \u00abDet st\u00f8rste \u00f8nsket for b\u00e5de oss og hoppeeigarane n\u00e5r dei reiser til\nhingst, er at det vert f\u00f8dd eit levande, friskt f\u00f8l \u00e5ret etterp\u00e5. Vi h\u00e5per at\narbeidet vi gjer aukar sannsynlegheita for dette\u00bb avsluttar han.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sj\u00f8lv om talet p\u00e5 bedekte fjordhopper har g\u00e5tt opp dei siste \u00e5ra, slit fjordhesten med l\u00e5g f\u00f8lprosent og difor f\u00e5 f\u00f8dde f\u00f8l. Kva kan vere grunnen til dette, og korleis tek Norges Fjordhestlag tak i denne utfordringa? av Ingvild Rydjord Hansen Dette er f\u00f8rste del i artikkelserien &laquo;Betre drektigheit&raquo; som tek for seg bedekning og [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":3275,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"off","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[28],"class_list":["post-5880","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt","tag-avl"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5880","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5880"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5880\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5881,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5880\/revisions\/5881"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3275"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5880"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5880"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5880"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}