{"id":5891,"date":"2019-04-29T16:25:56","date_gmt":"2019-04-29T14:25:56","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=5891"},"modified":"2019-04-29T16:26:01","modified_gmt":"2019-04-29T14:26:01","slug":"betre-drektigheit-korleis-fa-fol-i-hoppa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2019\/04\/29\/betre-drektigheit-korleis-fa-fol-i-hoppa\/","title":{"rendered":"Betre drektigheit: Korleis f\u00e5 f\u00f8l i hoppa?"},"content":{"rendered":"\n<p><strong>N\u00e5r ein har hoppa si\ntil hingst, ynskjer ein sj\u00f8lvsagt at det skal resultere i eit velskapt f\u00f8l \u00e5ret\netterp\u00e5. Kva kan ein som hoppeeigar gjere for \u00e5 auke sjansen for at hoppa vert\ndrektig? <\/strong><\/p>\n\n\n\n<p><em>av Ingvild Rydjord\nHansen<\/em><\/p>\n\n\n\n<p><em>Dette er andre del i ein artikkelserie om bedekning og drektigheit. Del 1 \u2013 \u00abStatus for fjordhesten\u00bb <a href=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2019\/04\/20\/betre-drektigheit-status-for-fjordhesten%EF%BB%BF\/\">kan du lese her<\/a>. <\/em><\/p>\n\n\n\n<p>Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter inviterte i april\ntil fagsamling om betre drektigheit p\u00e5 hest. M\u00e5let er \u00e5 auke kunnskapen om avl\nblant oppdrettarar av fjordhest, slik at ein forh\u00e5pentlegvis aukar talet p\u00e5 f\u00f8dde\nf\u00f8l i populasjonen. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>Vidareutdanning innan reproduksjon<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 fagsamlinga deltok Caroline S. Haadem, som er veterin\u00e6r ved Norges milj\u00f8- og biovitenskaplige universitet (NMBU). Ho har vidareutdanning innan reproduksjon p\u00e5 hest, som gir ho tittelen dipl. ECAR (European College of Animal Reproduction). Haadem har arbeidd med reproduksjonsarbeid p\u00e5 hest i Noreg, Sverige, Argentina og USA.<\/p>\n\n\n\n<p>\u00abDet er mykje ein som hoppeeigar kan gjere for \u00e5 auke\nsannsynlegheita for at hoppa vert drektig\u00bb seier Haadem. Under fagsamlinga\norienterte ho om reproduksjon p\u00e5 hest, og korleis hoppeeigarar b\u00f8r f\u00f8lgje opp\nhoppene sine f\u00f8r og under bedekninga.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Naturleg bedekning<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Den mest vanlege bedekningsforma p\u00e5 fjordhest er naturleg\nbedekning, anten p\u00e5 stasjon eller p\u00e5 slepp. P\u00e5 stasjon vert hingsten f\u00f8rt til\nhoppa, og viss hoppa er klar f\u00e5r hingsten bedekke ho. Ved stasjonsbedekning har\nein god kontroll p\u00e5 n\u00e5r og kor mange gongar hoppa st\u00e5r for hingsten, og ein\nveit ogs\u00e5 om hingsten faktisk har bedekt. <\/p>\n\n\n\n<p>Hos dei norske rasane er det lang tradisjon for \u00e5 sleppe\nhopper og hingst ilag p\u00e5 eit slepp. Ofte st\u00e5r hingstane f\u00f8rst i stasjon, og\nderetter p\u00e5 slepp resten av sommaren. Ulempa med slepp er at det er vanskeleg \u00e5\nha full kontroll p\u00e5 om og n\u00e5r hoppene er bedekt, og i tillegg kan andre\nomstende som flokksamansetning og rangordning i flokken vere med p\u00e5 \u00e5 p\u00e5verke\nkva hopper som vert para. &nbsp;<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"750\" height=\"602\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_6856-750x602.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-5892\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_6856-750x602.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_6856-500x401.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_6856.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 750px) 100vw, 750px\" \/><figcaption>\u00c5 sleppe hingsten saman med fleire hopper er vanleg p\u00e5 dei norske hesterasane.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p><strong>Inseminering<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 mange raser skjer alle bedekningar gjennom inseminering,\nog dette har etter kvart vorte vanleg p\u00e5 fjordhest ogs\u00e5. Det er fleire fordelar\nmed semin samanlikna med naturleg bedekning. Den eine er l\u00e5gare smittepress og\nmindre fare for skader p\u00e5 b\u00e5de hoppe og hingst, og ein annan er at ein har full\nkontroll p\u00e5 hoppa sin syklus og tidspunkt for befruktning.<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 Norsk Fjordhestsenter p\u00e5 Nordfjordeid har det vore\nsemindrift i 15 \u00e5r, og i 2007 opna senteret sin eigen seminstasjon. Kvart \u00e5r\nst\u00e5r to-tre hingstar til avlsteneste her. Asle Espe, som er seminansvarleg ved\nsenteret, seier at det er mange hoppeeigarar som ynskjer \u00e5 nytte seg av semin. \u00abVi\nhar hatt ein f\u00f8lprosent p\u00e5 over 70% her p\u00e5 senteret, noko som er mykje h\u00f8gare\nenn gjennomsnittet for fjordhest\u00bb fortel han. \u00abDet er dyrare for hoppeeigarane\nmed semin enn med naturleg bedekning, men mange er villige til \u00e5 betale litt\nekstra sidan det gir st\u00f8rre sjanse for \u00e5 f\u00e5 f\u00f8l.\u00bb <\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p> \u00abDet er dyrare for hoppeeigarane med semin enn med naturleg bedekning, men mange er villige til \u00e5 betale litt ekstra sidan det gir st\u00f8rre sjanse for \u00e5 f\u00e5 f\u00f8l.\u00bb  <\/p><cite>Asle Espe, Norsk Fjordhestsenter<\/cite><\/blockquote>\n\n\n\n<p>Espe seier at mindre fare for skader og l\u00e5gare smittepress\nogs\u00e5 er blant grunnane til at fleire hoppeeigarar vel \u00e5 bruke semin. Det er\nogs\u00e5 lettare \u00e5 kombinere med bruk, ettersom ein ikkje treng \u00e5 sende vekk hoppa over\nlengre tid.<\/p>\n\n\n\n<p>Dei fleste av hoppene kjem til Fjordhestsenteret og vert\ninseminert der. I tillegg sender senteret ogs\u00e5 s\u00e6d til hoppeeigarar i resten av\nlandet. \u00abVi har hatt EU-godkjenning p\u00e5 stasjonen nokre \u00e5r slik at vi kan levere\ns\u00e6d til utlandet, men dette er veldig kostbart og vert difor ikkje gjort kvart\n\u00e5r\u00bb seier Espe. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"750\" height=\"623\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9891-750x623.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3269\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9891-750x623.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9891-500x415.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9891-610x507.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9891.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 750px) 100vw, 750px\" \/><figcaption>P\u00e5 Norsk Fjordhestsenter er det semindrift i bedekningssesongen. Her tappar veterin\u00e6ren hingsten for s\u00e6d.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p><strong>Riktig insemineringstidspunkt\ner viktig<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>F\u00f8r ein inseminerer ei hoppe, vert det gjennomf\u00f8rt ei\nultralydunders\u00f8king for \u00e5 fastsette kvar i brunstsyklusen ho er. Ved normalt\ngod kvalitet kan s\u00e6den til hingsten leve i livmora i inntil 48 timar etter\ninseminering, og ein treng difor ikkje \u00e5 inseminere akkurat n\u00e5r hoppa har\neggl\u00f8ysing. N\u00e5r ein ser p\u00e5 ultralyd at hoppa kjem til \u00e5 ha eggl\u00f8ysing i n\u00e6r\nframtid, eller akkurat har hatt det, vert s\u00e6den lagt inn i livmora til hoppa. <\/p>\n\n\n\n<p>Ved bruk av frosen s\u00e6d m\u00e5 ein vere mykje meir n\u00f8yaktig med\ntidspunkt for inseminering, d\u00e5 s\u00e6d som har vore fryst ikkje lev like lenge som\nfersk s\u00e6d etter den vert tina. Frosen s\u00e6d vert difor meir som eit supplement\ntil fersk s\u00e6d, d\u00e5 det krev mykje meir av veterin\u00e6ren for \u00e5 treffe med\ninseminering p\u00e5 korrekt tidspunkt. <\/p>\n\n\n\n<p>\u00abSj\u00f8lve insemineringa, det \u00e5 legge s\u00e6d inn i livmora, er ein\nrelativt enkel prosess\u00bb seier veterin\u00e6r Caroline S. Haadem. \u00abDet som er\nvanskeleg er \u00e5 treffe med korrekt tidspunkt for inseminering, slik at hoppa kan\nbli drektig. Dette krev ein dyktig veterin\u00e6r, spesielt dersom ein skal inseminere\nmed frosen s\u00e6d\u00bb seier ho. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"750\" height=\"955\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9862-750x955.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-3267\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9862-750x955.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9862-500x637.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9862-610x777.jpg 610w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2017\/05\/IMG_9862.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 750px) 100vw, 750px\" \/><figcaption>Riktig insemineringstidspunkt er avgjerande for at hoppa skal bli drektig.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p><strong>Brunst<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Hesten har ein brunstsyklus p\u00e5 mellom 18-24 dagar, der 21\ndagar vert rekna som det mest normale intervallet. Sj\u00f8lve brunsten varer i 5-7\ndagar, og eggl\u00f8ysinga skjer i l\u00f8pet av dei to siste d\u00f8gna i brunsten. Det er d\u00e5\nhoppa kan bli drektig, sj\u00f8lv om mange hopper st\u00e5r for hingst tidlegare i\nbrunsten ogs\u00e5. &nbsp;&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>I Noreg har hoppene brunst i den delen av \u00e5ret det er lyst\nog varmt i v\u00earet. Ofte har hoppene svake og uregelmessige brunstar tidleg p\u00e5\nv\u00e5ren, medan brunstane kjem meir regelbundne og er sterkare om sommaren. <\/p>\n\n\n\n<p>Ofte kan ein sj\u00e5 p\u00e5 hoppa at ho er brunstig ved at ho l\u00f8ftar\np\u00e5 halen, skvettar, er hoven i kj\u00f8nnsleppene og har litt raudare slimhinner enn\nvanleg. Hos nokre hopper er det lett \u00e5 sj\u00e5 brunst, medan andre hopper ikkje\nviser tydeleg brunst med mindre dei er i n\u00e6rleiken av ein hingst. Hopper kan\nogs\u00e5 vise teikn brunst utan at dei faktisk er brunstige, for eksempel n\u00e5r dei\nvert sett saman med nye hestar.&nbsp; Nokre\nhopper kan ogs\u00e5 st\u00e5 for hingst sj\u00f8lv om dei ikkje har brunst. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"750\" height=\"553\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_7278-750x553.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-5893\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_7278-750x553.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_7278-500x369.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_7278.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 750px) 100vw, 750px\" \/><figcaption>Denne hoppa viser tydeleg brunst n\u00e5r ho vert sleppt saman med hingsten. Ho l\u00f8ftar p\u00e5 halen og skvettar.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p><strong>F\u00f8lbrunst<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Den f\u00f8rste brunsten etter hoppa har f\u00f8lla vert kalla\nf\u00f8lbrunst. Den kjem normalt ca 10 dagar etter f\u00f8lling. Det g\u00e5r an \u00e5 bedekke\nhoppa p\u00e5 f\u00f8lbrunsten, men dette b\u00f8r ein berre gjere dersom alt har g\u00e5tt bra under\nf\u00f8llinga og hoppa har gjort seg rein i etterkant. Dersom det har vore komplikasjonar\nunder f\u00f8lling, b\u00f8r ein bruke f\u00f8lbrunsten til \u00e5 behandle merra. Ein f\u00f8lbrunst\nsom kjem for tidleg etter f\u00f8lling er heller ikkje egna til bedekking. Dersom\ndet har vore komplikasjonar under f\u00f8llinga kan skylling av livmora og\ninnlegging av antibiotika vere aktuelt i nokre til feller, slik at livmora er i\nfin forfatning til neste brunst.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Unders\u00f8king av hoppa\ni forkant<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Alle hopper som vert inseminert vert unders\u00f8kt i forkant.\nDette kan det vere lurt \u00e5 gjere ogs\u00e5 n\u00e5r ein skal bedekke p\u00e5 den naturlege\nm\u00e5ten. <\/p>\n\n\n\n<p>Ved \u00e5 ta ei gynekologisk unders\u00f8king vil ein kunne oppdage\nfaktorar som kan gjere det vanskeleg \u00e5 f\u00e5 hoppa drektig. Ei gynekologisk\nunders\u00f8king best\u00e5r av b\u00e5de ytre og indre inspeksjon. Veterin\u00e6ren ser etter om\nvulva, vagina og livmorhalsen ser normal ut. Oppdagar ein avvik, kan ein ta\nvidare pr\u00f8ver. <\/p>\n\n\n\n<p>Under ei brunstunders\u00f8king ser veterin\u00e6ren p\u00e5 livmor og\neggstokkar p\u00e5 eit ultralydapparat. Her kan veterin\u00e6ren sj\u00e5 det dersom hoppa har\neit egg som er klart til \u00e5 bli sleppt fr\u00e5 eggleiarane og ned i livmora, og ein\nkan ogs\u00e5 kontrollere at hoppa har hatt eggl\u00f8ysing. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>Kontrollar etter\nparing <\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Det er ogs\u00e5 naudsynt \u00e5 unders\u00f8ke hoppa etter ho har vorte\npara. Dei fleste sjekkar for drektigheit via ultralyd, men \u00e5 unders\u00f8ke om hoppa\nfaktisk har hatt eggl\u00f8ysing n\u00e5r ho har blitt para kan vere lurt. Som sagt kan nokre\nhopper st\u00e5 for hingst utan at dei har ekte brunst, eller dei kan vere brunstige\nutan at egget lausnar og vandrar ned i livmora.<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 hest kan ein sjekke for drektigheit mykje tidlegare enn hos\nandre artar. Allereie fr\u00e5 dag 14 etter befruktning kan ein sj\u00e5 om hoppa er drektig,\nog det gjer at ein kan planlegge ei ny bedekning p\u00e5 neste brunst dersom hoppa\nikkje har tatt seg. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"686\" height=\"543\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/ultralyd_drektig.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-5894\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/ultralyd_drektig.jpg 686w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/ultralyd_drektig-500x396.jpg 500w\" sizes=\"auto, (max-width: 686px) 100vw, 686px\" \/><figcaption>P\u00e5 hest kan ein sj\u00e5 drektigheit allereie 14 dagar etter befruktning. Her ser du eit ultralydbilete fr\u00e5 ein drektigheitskontroll av ei hoppe som viste seg \u00e5 vere drektig.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Den mest vanlege grunnen til at hoppa aborterer eller kastar\ner tvillingdrektigheit. Tvillingar er ikkje ynskjeleg p\u00e5 hest, d\u00e5 det veldig\nsjeldan f\u00f8rer til at begge f\u00f8la lever og veks opp. Ved drektigheitsunders\u00f8king\np\u00e5 dag 14 har ein h\u00f8ve til \u00e5 g\u00e5 inn og fjerne det eine fosteret dersom ein oppdagar\ntvillingar. Dette er det enklast \u00e5 gjere f\u00f8r fosterbl\u00e6ra fikserer seg p\u00e5 dag\n16-17 i drektigheita. <\/p>\n\n\n\n<p>Dersom hoppa er konstatert drektig p\u00e5 ein tidleg ultralyd,\nb\u00f8r ein ta ein ny kontroll p\u00e5 dag 40-45 i drektigheita. Rundt dag 35 i drektigheita\nvert det kontakt mellom fosterbl\u00e6ra og slimhinna i livmora, og etter at dette\nhar skjedd er det mindre sannsynleg at hoppa mister f\u00f8let. Er hoppa drektig p\u00e5\ndag 40, vil ho mest sannsynleg b\u00e6re fram eit levande f\u00f8l.<\/p>\n\n\n\n<p>For mange er det ogs\u00e5 aktuelt \u00e5 ta ein tredje\ndrektigheitskontroll rundt 90 dagar. Nokre hingstehaldarar har ei todelt\nspringavgift der den andre delen vert betalt dersom hoppa er drektig p\u00e5 90\ndagar. Dette er ikkje vanleg p\u00e5 fjordhest, men mange andre raser praktiserer\ndette. Nokre forsikringsselskap krev ogs\u00e5 ein drektigheitsattest etter 90 dagar\nfor \u00e5 f\u00e5 forsikre fosteret. <\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p> \u00abDet er ingen risiko for fosteret ved \u00e5 gjennomf\u00f8re fleire drektigheitsunders\u00f8kingar, d\u00e5 ultralyd skjer gjennom endetarmen og ein ikkje er inne i livmora.\u00bb <\/p><cite>Caroline S. Haadem, veterin\u00e6r ved NMBU<\/cite><\/blockquote>\n\n\n\n<p>Veterin\u00e6r Haadem oppmodar alle hoppeeigarar til \u00e5 gjennomf\u00f8re drektigheitsunders\u00f8kingar p\u00e5 dei nemnde tidspunkta. \u00abDet er viktig b\u00e5de \u00e5 unders\u00f8ke for tvillingdrektigheit, samt \u00e5 vite at hoppa er drektig slik at ein kan gi ho korrekt f\u00f4ring og anna oppf\u00f8lging\u00bb seier ho. \u00abDet er ingen risiko for fosteret ved \u00e5 gjennomf\u00f8re fleire drektigheitsunders\u00f8kingar, d\u00e5 ultralyd skjer gjennom endetarmen og ein ikkje er inne i livmora\u00bb legg ho til. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>Hingstehaldar treng\ninformasjon<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Kva slags opplegg hingstehaldar har for oppf\u00f8lging av\nhoppene som bes\u00f8ker hingsten kan ha mykje \u00e5 sei for om hoppa blir drektig. I fjordhestavlen\nfinns det hingstehaldarar som har halde p\u00e5 med dette i mange \u00e5r, og som sit p\u00e5 store\nmengder kunnskap om avl. Nokre hingstehaldarar er ferskare i faget, men alle\nhar eit ynskje om at flest mogleg av hoppene som bes\u00f8ker hingsten skal f\u00e5 f\u00f8l. <\/p>\n\n\n\n<p>\u00abSom hoppeeigar er det viktig \u00e5 informere hingstehaldaren om\nhoppa du kjem med\u00bb seier veterin\u00e6r Tore Kvam, spesialr\u00e5dgjevar ved Norsk\nHestesenter. \u00abHingstehaldaren m\u00e5 vite om det dersom hoppa har hatt utfordringar\nknytt til bedekning og drektigheit tidlegare, for \u00e5 kunne f\u00f8lgje opp hoppa p\u00e5\nein god m\u00e5te\u00bb legg han til. <\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p> \u00abHingstehaldaren m\u00e5 vite om det dersom hoppa har hatt utfordringar knytt til bedekning og drektigheit tidlegare, for \u00e5 kunne f\u00f8lgje opp hoppa p\u00e5 ein god m\u00e5te.\u00bb<\/p><cite>Tore Kvam, Norsk Hestesenter<\/cite><\/blockquote>\n\n\n\n<p>Kvam fortel at det er mange situasjonar som gjer at ei hoppe\nhar vanskelegare for \u00e5 ta f\u00f8l, og dette b\u00f8r hingstehaldar vite om. Alder, og om\nhoppa har hatt f\u00f8l tidlegare speler inn. Har hoppa tidlegare hatt problem med \u00e5\nbli drektig? Har ho vorte unders\u00f8kt i den samanheng, og kva fann ein eventuelt\np\u00e5 dei unders\u00f8kingane? <\/p>\n\n\n\n<p>Dersom hoppa har f\u00f8l ved fot, er det nyttig \u00e5 vite om f\u00f8llinga\nvar ukomplisert. Gjorde hoppa seg rein i ettertid, og har ho hatt normale\nbrunstar etter f\u00f8lling? Dersom hoppa ikkje har f\u00f8l ved fot er det nyttig \u00e5 vite\nom ho vart bedekt \u00e5ret f\u00f8r men ikkje tok seg, eller om ho ikkje var bedekt. <\/p>\n\n\n\n<p>\u00abDet er mykje enklare for hingstehaldar \u00e5 f\u00f8lgje opp hoppa p\u00e5 ein god m\u00e5te dersom dei har god informasjon om ho\u00bb seier Kvam. \u00abNokre hingstehaldarar deler ut eit skjema der hoppeeigarane m\u00e5 fylle ut slik informasjon, men dersom det ikkje vert gjort b\u00f8r du likevel dette med hingstehaldar\u00bb seier han. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>Oppf\u00f8lging av hoppene\ner viktig<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Haadem understreker viktigheita av \u00e5 f\u00f8lgje opp hoppa godt i\nbedekningsprosessen. \u00abDersom ein som hoppeeigar har oversikt over\nbrunstsyklusen til hoppa, og unders\u00f8ker ho for b\u00e5de brunst, eggl\u00f8ysing og\ndrektigheit, vil ein ha ein mykje st\u00f8rre sjanse for at bedekninga ender med f\u00f8l\u00bb\nseier ho. <\/p>\n\n\n\n<p>\u00abDersom ein berre leverer hoppa til hingst, utan \u00e5 f\u00f8lgje ho opp verken i forkant eller etterkant, kan ein ikkje bli overraska dersom ho ikkje f\u00e5r f\u00f8l\u00bb seier Haadem. \u00abAlle som har hoppa si til hingst ynskjer jo at det skal resultere i eit friskt f\u00f8l, og dei tinga ein kan gjere for \u00e5 auke sjansen for dette er ikkje veldig krevjande eller kompliserte.\u00bb <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"750\" height=\"500\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_1169-750x500.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-5896\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_1169-750x500.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_1169-500x333.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/04\/IMG_1169-1080x720.jpg 1080w\" sizes=\"auto, (max-width: 750px) 100vw, 750px\" \/><figcaption>Alle som bedekker hoppa si ynskjer \u00e5 f\u00e5 eit velskapt f\u00f8l \u00e5ret etterp\u00e5.<\/figcaption><\/figure>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r ein har hoppa si til hingst, ynskjer ein sj\u00f8lvsagt at det skal resultere i eit velskapt f\u00f8l \u00e5ret etterp\u00e5. Kva kan ein som hoppeeigar gjere for \u00e5 auke sjansen for at hoppa vert drektig? av Ingvild Rydjord Hansen Dette er andre del i ein artikkelserie om bedekning og drektigheit. Del 1 \u2013 \u00abStatus for [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":5899,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"off","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"class_list":["post-5891","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5891","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=5891"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5891\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5898,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/5891\/revisions\/5898"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/5899"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=5891"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=5891"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=5891"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}