{"id":6406,"date":"2019-07-24T16:15:24","date_gmt":"2019-07-24T14:15:24","guid":{"rendered":"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=6406"},"modified":"2019-07-24T16:15:24","modified_gmt":"2019-07-24T14:15:24","slug":"sofin-er-verd-si-vekt-i-gull","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2019\/07\/24\/sofin-er-verd-si-vekt-i-gull\/","title":{"rendered":"\u00abSofin er verd si vekt i gull!\u00bb"},"content":{"rendered":"<p><strong>Emma Nyl\u00f8y og andrepremiehingsten Sofin reiste heim fr\u00e5 \u00e5rets Fjordhest-NM med heile to NM-gull og ein greinmeistertittel. \u00abDet er heilt uverkeleg!\u00bb seier den ferske Noregsmeisteren.<\/strong><\/p>\n<p><em>av Ingvild Rydjord Hansen<\/em><\/p>\n<p>Emma Nyl\u00f8y starta sitt f\u00f8rste Fjordhest-NM sist gong det vart arrangert p\u00e5 Linnesvollen, i 2014. F\u00f8rde K\u00f8yre- og rideklubb ville stille med lag, og trengte nokon til \u00e5 ri sprangen. Emma fekk l\u00e5ne skulehesten Sylvine fr\u00e5 Mo vidareg\u00e5ande skule, der ho var elev p\u00e5 hestelinja, og saman rei dei inn til laggull p\u00e5 NM.<\/p>\n<p><strong>Bitt av fjordhestbasillen<\/strong><\/p>\n<p>Emma fortel at ho vart bitt av fjordhestbasillen med ein gong ho byrja \u00e5 ri Sylvine. D\u00e5 Sylvine skulle pensjonerast etter Fjordhest-NM i 2015, fekk Emma ei melding av eigaren hennar: \u00abEg har ein enda betre hest til deg, og den kan du til og med f\u00e5 kj\u00f8pe\u00bb. S\u00e5nn endte Emma og Sofin opp saman.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-6404\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1631web-1.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"547\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1631web-1.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1631web-1-500x456.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1631web-1-750x683.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p>\u00abEg hadde ingen planar om \u00e5 kj\u00f8pe meg hingst, og var litt skeptisk til om eg kom til \u00e5 meistre det\u00bb fortel Emma. \u00abSofin testa meg ein heil del i starten, og eg var faktisk inne p\u00e5 tanken om \u00e5 levere han attende til eigaren.\u00bb Men, Emma er ikkje ei s\u00e5nn som gir seg p\u00e5 grunn av nokre utfordringar, og etter ei kort stund l\u00f8sna det. No er ho veldig glad for at ho enda opp med nettopp Sofin. \u00abFy flate for ein ponni dette er\u00bb seier Emma. \u00abHan vert betre og betre med alderen, og er ein utrulig kjekk hest \u00e5 ha med \u00e5 gjere.\u00bb<\/p>\n<blockquote><p>\u00abHan vert betre og betre med alderen,<br \/>\nog er ein utrulig kjekk hest \u00e5 ha med \u00e5 gjere.\u00bb<br \/>\n<em>Emma Nyl\u00f8y om Sofin<\/em><\/p><\/blockquote>\n<p>Emma har starta NM Fjordhest kvart \u00e5r sidan debuten i 2014. Dei fire siste \u00e5ra har ho starta med Sofin. F\u00f8r \u00e5rets meisterskap hadde Emma tre laggull og to sigrar i greinmeisterskapen i k\u00f8yring. I \u00e5r fekk ho det aller gj\u00e6vaste \u2013 individuelt gull i NM Senior.<\/p>\n<p><strong>K\u00f8yring er favorittgreina<\/strong><\/p>\n<p>Som greinmeistrar i k\u00f8yring tre \u00e5r p\u00e5 rad, er det kanskje ikkje noko overrasking at det er nettopp k\u00f8yringa som er Emma si favorittgrein. \u00abK\u00f8yring er veldig variert, og eg likar alle tre delgreinene\u00bb seier ho. \u00abEg likar spesielt godt det samspelet ein f\u00e5r i dressuren, og farta og spenninga i maraton. For \u00e5 bli god i maraton m\u00e5 ein jo ogs\u00e5 ha dressuren p\u00e5 plass, s\u00e5 ein f\u00e5r ein vendbar hest i hindera\u00bb legg ho til.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-6407\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_8042web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"421\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_8042web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_8042web-500x351.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_8042web-750x526.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p><strong>Utfordrande \u00e5 starte mange greiner<\/strong><\/p>\n<p>Allsidigheita til fjordhesten er noko av det Emma set st\u00f8rst pris p\u00e5 med rasen. \u00abDet er nesten eit luksusproblem, men det \u00e5 starte mange greiner kan ogs\u00e5 vere litt utfordrande\u00bb seier ho. \u00abEin ting er at ein m\u00e5 ha mykje ulikt utstyr om ein skal ri b\u00e5de sprang og dressur og k\u00f8yre i tillegg, men s\u00e5 skal ein jo rekke \u00e5 trene p\u00e5 alle greinene ogs\u00e5. Hestane skal jo helst ha litt fri og g\u00e5 p\u00e5 tur inn i mellom, s\u00e5 det kan vere vanskeleg \u00e5 finne den rette balansegangen.\u00bb<\/p>\n<p>I alle samandraga p\u00e5 Fjordhest-NM, bortsett fr\u00e5 greinmeisterskapa, m\u00e5 hestane b\u00e5de ri dressur og sprang, og verte k\u00f8yrd. Dette er mykje i l\u00f8pet av den korte veka NM varer. \u00abHestane m\u00e5 omstille seg fort fr\u00e5 konkurranse til konkurranse. Maratonkonkurransen krev ogs\u00e5 veldig mykje styrke og kondisjon, og hestane kan verte b\u00e5de stive og st\u00f8le i l\u00f8pet av NM-veka\u00bb seier Emma.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-6339\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_7868web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"434\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_7868web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_7868web-500x362.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_7868web-750x542.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p>For \u00e5 lukkast p\u00e5 Fjordhest-NM er Emma klar p\u00e5 at ein m\u00e5 ha ein hest med god kondisjon. \u00abEg saknar fjella og bakkane heime i Sogn no som eg studerer p\u00e5 \u00c5s\u00bb seier ho. \u00abEin f\u00e5r mykje god og gratis styrketrening med \u00e5 ri og k\u00f8yre i bakkar!\u00bb<\/p>\n<p>\u00abEg trur mange undervurderer kor viktig det er med god kondisjon, og at dette grunnlaget b\u00f8r leggast tidleg i sesongen. Rett f\u00f8r stemner b\u00f8r ein heller fokusere p\u00e5 teknikk og detaljar\u00bb seier Emma.<\/p>\n<p><strong>Var usikker p\u00e5 om dei skulle starte<\/strong><\/p>\n<p>Emma var usikker p\u00e5 om ho og Sofin kom til \u00e5 kome til start i \u00e5rets Fjordhest-NM. I mai fekk Sofin ein hovbyll, og var heilt ute av drift ei periode. Emma var difor sikker p\u00e5 at kondisjonen hans var for d\u00e5rleg, og at dei ikkje ville klare \u00e5 hevde seg p\u00e5 NM. Ho valde likevel \u00e5 melde seg p\u00e5, for \u00e5 ta NM som ei oppk\u00f8yring til Nordisk i Danmark i august. Det viser seg likevel at grunnkondisjonen til Sofin ikkje vart veldig sett tilbake av hovbyllen, for under NM var han i str\u00e5lande form.<\/p>\n<p><strong>Konkurransane p\u00e5 NM<\/strong><\/p>\n<p>Dressurriding var den f\u00f8rste \u00f8vinga Emma og Sofin starta. \u00abEg sleit litt med fokuset til Sofin i dressuren, og fekk han ikkje skikkeleg igjennom i forma\u00bb fortel Emma. Ho seier at ho hadde litt st\u00f8rre forh\u00e5pningar til dressuren enn kva dei fekk vist fram. \u00abVi har kome langt i dressuren sidan i fjor, med god hjelp fr\u00e5 trenar Andreas Gjerstad. Tidlegare i \u00e5r debuterte vi i MC\u00bb seier Emma.<\/p>\n<p>Dressurk\u00f8yringa, som var f\u00f8rste avdeling i greinmeisterskapen i k\u00f8yring, gjekk mykje betre syns Emma. \u00abEg var spesielt godt n\u00f8gd med aukingane v\u00e5re, og me k\u00f8yrde eit jamt og fint program.\u00bb<\/p>\n<p>P\u00e5 grunn av den litt amputerte oppladinga til NM var Emma redd for at Sofin ikkje var i god nok form til \u00e5 gjennomf\u00f8re ein god maraton. \u00abEg hadde ikkje trengt \u00e5 bekymre meg, for han gjekk som ei kule heile vegen\u00bb seier Emma. \u00abHan var veldig energisk og eksplosiv i hindera, og vi koste oss begge to.\u00bb<\/p>\n<p>Emma og Sofin vann maraton, og med dette leda dei greinmeisterskapen i k\u00f8yring og l\u00e5g p\u00e5 andreplass i NM Senior f\u00f8r siste avdeling i begge samandraga. Etter ei feilfri runde i presisjon dagen etter kunne ekvipasjen smykke seg med tittelen som greinmeister i k\u00f8yring for tredje \u00e5r p\u00e5 rad.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-6345\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_8900web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"397\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_8900web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_8900web-500x331.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_8900web-750x496.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p><strong>Grudde seg til sprangen<\/strong><\/p>\n<p>Dei som var til stades p\u00e5 NM p\u00e5 Stord i fjor hugsar kanskje at Emma l\u00e5g godt an til \u00e5 ta senior-gullet den gongen ogs\u00e5. I sprangen fall ho dessverre av, vart eliminert og mista alle sjansar p\u00e5 medalje. I \u00e5r grudde ho seg difor veldig til denne klassa. \u00abEg trur aldri eg har hatt s\u00e5 lite lyst til noko i heile mitt liv, som \u00e5 ri sprangen p\u00e5 \u00e5rets NM\u00bb seier Emma. Ho var b\u00e5de letta og veldig glad d\u00e5 dei gjennomf\u00f8rte b\u00e5de grunnomgong og omhopping feilfritt.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-6409\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1003web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"547\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1003web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1003web-500x456.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1003web-750x684.jpg 750w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/p>\n<p>\u00abEg trur alle tilskodarane rei med meg p\u00e5 den runda, og st\u00f8tta eg f\u00f8lte fr\u00e5 publikum var heilt magisk\u00bb seier Emma. \u00abDet milj\u00f8et me har i Fjordhest-Noreg er heilt einest\u00e5ande, og eg unnar alle \u00e5 f\u00e5 oppleve kor kjekt det er \u00e5 vere med.\u00bb<\/p>\n<blockquote><p>\u00abEg trur alle tilskodarane rei med meg p\u00e5 den runda,<br \/>\nog st\u00f8tta eg f\u00f8lte fr\u00e5 publikum var heilt magisk!\u00bb<br \/>\n<em>Emma Nyl\u00f8y<\/em><\/p><\/blockquote>\n<p><strong>Gler seg til NM p\u00e5 heimebane neste \u00e5r<\/strong><\/p>\n<p>Til slutt enda det med dobbelt gull for Emma. Ho vann NM Senior, og i tillegg tok ho laggull saman med Dorthea Solheim og Silje Indreb\u00f8 for F\u00f8rde K\u00f8yre- og rideklubb. \u00abDet har ikkje heilt g\u00e5tt opp for meg enno, og kjensla er heilt ubeskriveleg\u00bb seier Emma. \u00abEg er s\u00e5 stolt over hesten min, og kva han f\u00e5r til!\u00bb<\/p>\n<p>No har Emma og Sofin starta oppladinga til Nordisk i Danmark i august. Ho har ogs\u00e5 planar om \u00e5 stille til start p\u00e5 Fjordhest-NM neste \u00e5r, som d\u00e5 er p\u00e5 heimebane i F\u00f8rde. \u00abSofin byrjar \u00e5 dra p\u00e5 \u00e5ra, men held seg sprek og fin. Eg h\u00e5per han held i mange \u00e5r til, for eg har ingen planar om \u00e5 finne meg ein erstattar med det f\u00f8rste!\u00bb seier ei veldig glad Emma.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<div id=\"attachment_6390\" style=\"width: 610px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-6390\" class=\"wp-image-6390\" src=\"http:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1576web.jpg\" alt=\"\" width=\"600\" height=\"374\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1576web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1576web-500x312.jpg 500w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1576web-750x468.jpg 750w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2019\/07\/IMG_1576web-400x250.jpg 400w\" sizes=\"auto, (max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><p id=\"caption-attachment-6390\" class=\"wp-caption-text\">Gull-laget fr\u00e5 F\u00f8rde K\u00f8yre- og rideklubb. Fr\u00e5 venstre: Emma Nyl\u00f8y og Sofin, Dorthea Solheim og Haukfell, Silje Indreb\u00f8 og R\u00e5ds Gr\u00e5a<\/p><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Emma Nyl\u00f8y og andrepremiehingsten Sofin reiste heim fr\u00e5 \u00e5rets Fjordhest-NM med heile to NM-gull og ein greinmeistertittel. \u00abDet er heilt uverkeleg!\u00bb seier den ferske Noregsmeisteren.<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":6404,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[],"class_list":["post-6406","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-nm"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6406","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6406"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6406\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":6411,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6406\/revisions\/6411"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/6404"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6406"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6406"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6406"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}