{"id":8106,"date":"2021-03-13T15:57:54","date_gmt":"2021-03-13T14:57:54","guid":{"rendered":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=8106"},"modified":"2021-03-13T15:57:54","modified_gmt":"2021-03-13T14:57:54","slug":"i-saerstilling-som-helsefremjar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2021\/03\/13\/i-saerstilling-som-helsefremjar\/","title":{"rendered":"I s\u00e6rstilling som helsefremjar"},"content":{"rendered":"<p><strong>Hesten har vorte brukt i helsefremjande arbeid i fleire hundre \u00e5r, men kva er det med hesten som gjer at den f\u00e5r oss menneske til \u00e5 fungere betre b\u00e5de kroppsleg og mentalt?<\/strong><\/p>\n<p><em>Byline: Ingvild Rydjord Hansen<\/em><\/p>\n<p><em>Dette er f\u00f8rste del i artikkelserien &laquo;Hesten som terapeut&raquo;.\u00a0<\/em><\/p>\n<p>Allereie i antikken nytta ein hestar i helsefremjande arbeid, og den kjente greske legen Hippokrates snakka om den helande krafta hesten kunne ha p\u00e5 menneske med fysiske og psykiske lidingar. Den f\u00f8rste rideskulen i verda som dreiv med fysikalsk behandling vart starta i Noreg i 1953 av fysioterapeut Elsebeth B\u00f8dtker. I dag er det Tyskland, England og USA som har kome lengst i arbeidet med bruk av terapiriding.<\/p>\n<p>Det var f\u00f8rst p\u00e5 1990-talet at hesten sin innverknad p\u00e5 v\u00e5r psykiske helse fekk st\u00f8rre merksemd. Sidan 2007 har det vore systematisk forsking p\u00e5 b\u00e5de det mentale og det fysiske perspektivet av hesten sin p\u00e5verknad p\u00e5 mennesket si helse.<\/p>\n<p><strong>Hesten i helsefremjande arbeid<\/strong><\/p>\n<p>Det er mange som driv helsefremjande arbeid med hest i til d\u00f8mes rideskular og Inn p\u00e5 tunet-verksemder. Det finns ogs\u00e5 andre behandlingsformer med hest som ein treng spesialkompetanse p\u00e5 b\u00e5de hest og helse for \u00e5 kunne tilby. Med ei forskingsbasert tiln\u00e6rming og ein plan for brukaren si utvikling, kan ein hj\u00e5 mange sj\u00e5 stor framgang ved \u00e5 gi dei ulike tilbod der hesten er i fokus.<\/p>\n<p><strong>Ridefysioterapi<\/strong><\/p>\n<p>Ridefysioterapi er ein form for fysioterapi som berre kan gis av spesialutdanna fysioterapeutar som har tatt Norsk Fysioterapeutforbund sitt etterutdanningskurs i ridefysioterapi.<\/p>\n<p>I ridefysioterapi er hesten sine r\u00f8rsler grunnlaget i behandlinga. N\u00e5r ein rir, speglar hesten sine r\u00f8rsler seg i ryttaren, noko som kan f\u00f8re til mellom anna betre balanse, styrke og koordinasjon. Ein kan ogs\u00e5 ha mange tilleggseffektar av ridefysioterapi, slik som betre spr\u00e5k og kommunikasjonsevner, betre kondisjon, betre sosiale evner og betre sj\u00f8lvtillit. Det er mange ulike pasientgrupper som har god effekt av ridefysioterapi.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-8108\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/03\/2020-11-27-15.16.29-1.jpg\" alt=\"\" width=\"800\" height=\"548\" \/><\/p>\n<p><strong>Hesteassistert psykoterapi<\/strong><\/p>\n<p>Hesteassistert psykoterapi er ei behandlingsform som rettar seg mot menneskje med ulike psykiske vanskar. Her er det relasjonen til hesten som gir effekt. Hesteassistert psykoterapi kan ut\u00f8vast p\u00e5 mange ulike m\u00e5tar, men som regel arbeider ein med hesten fr\u00e5 bakken, anten laus eller i tau.<\/p>\n<p>Det er ein psykoterapeut og ein hestekyndig som saman er ansvarleg for behandlinga, som vert tilpassa kvar enkelt pasient. Fokuset i hesteassistert psykoterapi er brukaren sine kjensler, tankar og reaksjonar kring det \u00e5 vere rundt hesten. Ein m\u00e5 i st\u00f8rre grad forholde seg til og tolke eigne tankar, kjensler og kroppslege reaksjonar,<\/p>\n<p>Gjennom hesteassistert psykoterapi kan pasienten arbeide med mellom anna n\u00e6rv\u00e6r og merksemd, kroppsleg grunning, kontakt og n\u00e6rheit, kommunikasjon, sosiale evner, grensesetjing, eller \u00e5 kjenne att, tolke, uttrykke og regulere kjensler.<\/p>\n<p>Blant pasientgruppene som har god effekt av hesteassistert psykoterapi er dei som har \u00a0traumerelaterte plager, rus eller annan avhengigheit, vanskar med sj\u00f8lvregulering eller plager knytt til angst, depresjonar og personlegdomsproblematikk. I Norge er det nokre f\u00e5 institusjonar som tilbyr hesteassistert psykoterapi til sine pasientar, mellom anna Veksthuset p\u00e5 Gaustad sjukehus, Modum Bad og Lofoten hest og helsesenter.<\/p>\n<p><strong>Hesteassisterte aktivitetar<\/strong><\/p>\n<p>Hesteassisterte aktivitetar med hest vert gjennomf\u00f8rt av ein eller fleire kyndige personar. Her f\u00e5r brukaren m\u00f8te hesten i trygge omgjevnader, og f\u00e5r skape ein relasjon til hesten.<\/p>\n<p>Menneske i alle aldrar kan ha god nytte av \u00e5 delta i hesteassisterte aktivitetar. Born som treng ein alternativ skulekvardag eller har hatt d\u00e5rlege oppvekstvilk\u00e5r kan f\u00e5 positive opplevingar saman med hesten. I tillegg kan det ha effekt p\u00e5 fleire sjukdommar og utfordringar, slik som \u00e5tferdsforstyrringar, d\u00e5rleg sj\u00f8lvkjensle, vanskar med \u00e5 kommunisere, demens eller psykisk utviklingshemming.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-8107\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/03\/2020-11-27-14.29.51-scaled.jpg\" alt=\"\" width=\"800\" height=\"563\" \/><\/p>\n<p><strong>Hesten st\u00e5r i s\u00e6rstilling<\/strong><\/p>\n<p>Hesten st\u00e5r i s\u00e6rstilling n\u00e5r det gjeld \u00e5 kunne gje terapeutisk effekt p\u00e5 menneske. Ein ville ikkje f\u00e5tt same effekt om ein hadde bytta ut hesten med til d\u00f8mes ein hund eller ei ku.<\/p>\n<p>Det har vore gjort mykje forsking p\u00e5 hesten sin effekt p\u00e5 menneske si helse, der fysiske tilstandar har f\u00e5tt st\u00f8rst fokus. Etter kvart har ein ogs\u00e5 l\u00e6rt meir om hesten sin innverknad p\u00e5 v\u00e5r psykiske helse. I studiane som er gjort vert det konkludert med at hesten har god effekt p\u00e5 helsa v\u00e5r, men det er ikkje alltid like lett \u00e5 forklare <em>kvifor<\/em> den har det.<\/p>\n<p>Det fysiske aspektet ved korleis hesten kan p\u00e5verke oss er det lett \u00e5 sj\u00e5 f\u00f8re seg. N\u00e5r vi rir vert vi p\u00e5 mange m\u00e5tar i eitt med hesten sine r\u00f8rsler. Den har mjuk pels, og kroppstemperaturen til hesten er h\u00f8gre enn hos oss menneske, s\u00e5 den er varm og god \u00e5 ta p\u00e5.<\/p>\n<p>Men, kva er det ved hesten som f\u00e5r oss til \u00e5 f\u00f8le oss s\u00e5 bra? Dette kan ogs\u00e5 friske menneske forst\u00e5 \u2013 vi har vel alle kjent p\u00e5 korleis det \u00e5 g\u00e5 i stallen og vere rundt hestane kan f\u00e5 oss i godt hum\u00f8r, sj\u00f8lv p\u00e5 ein elendig dag.<\/p>\n<p><strong>Hesten lev her og no<\/strong><\/p>\n<p>Ei forklaring er at hesten lev her og no, og f\u00e5r oss til \u00e5 gjere det same. Hesten g\u00e5r ikkje rundt og grublar p\u00e5 ting som har skjedd, eller gruar seg til ting som skal skje.<\/p>\n<p>Hesten er var p\u00e5 v\u00e5re kjensler, den er styrt av instinkt og gir direkte respons p\u00e5 m\u00e5ten vi oppf\u00f8rer oss. Slik vert hesten ein spegel p\u00e5 v\u00e5re kjensler og reaksjonar, og vi m\u00e5 observere, analysere og regulere v\u00e5re eigne kjensler for \u00e5 f\u00e5 den reaksjonen vi ynskjer fr\u00e5 hesten.<\/p>\n<p><strong>Hesten d\u00f8mmer ikkje<\/strong><\/p>\n<p>Alle som oppf\u00f8rer seg rettferdig og respektfullt mot ein hest kan oppn\u00e5 ein god og n\u00e6r relasjon til han. Ein treng ikkje \u00e5 vere redd for at hesten skal d\u00f8mme deg for til d\u00f8mes korleis du ser ut eller kva du trur p\u00e5. Kontakta med hesten vert ofte ein fristad for dei som har opplevd vonde relasjonar med andre menneske. I tillegg kan ogs\u00e5 dei som har d\u00e5rleg spr\u00e5k eller manglar andre kommunikasjonsevner klare \u00e5 kommunisere godt med ein hest, og p\u00e5 den m\u00e5ten oppn\u00e5 meistring og kjenne tilknyting til eit anna vesen som dei kanskje aldri har opplevd f\u00f8r.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hesten har vorte brukt i helsefremjande arbeid i fleire hundre \u00e5r, men kva er det med hesten som gjer at den f\u00e5r oss menneske til \u00e5 fungere betre b\u00e5de kroppsleg og mentalt?<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":8107,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"class_list":["post-8106","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8106","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8106"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8106\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":8109,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8106\/revisions\/8109"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/8107"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8106"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8106"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8106"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}