{"id":9100,"date":"2021-11-21T08:51:38","date_gmt":"2021-11-21T07:51:38","guid":{"rendered":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/?p=9100"},"modified":"2021-11-21T08:52:51","modified_gmt":"2021-11-21T07:52:51","slug":"du-veit-ikkje-kva-som-bur-i-hesten-for-du-har-provd","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/2021\/11\/21\/du-veit-ikkje-kva-som-bur-i-hesten-for-du-har-provd\/","title":{"rendered":"\u00abDu veit ikkje kva som bur i hesten f\u00f8r du har pr\u00f8vd!\u00bb"},"content":{"rendered":"<p><strong>Med eigar og ryttar Sigrid Elise Skorve Larsen, starta fem \u00e5r gamle Fagermann e. Kuling hallmeisterskap for unghest som f\u00f8rste fjordhest nokon sinne. Han reiste heim med gode skussm\u00e5l \u2013 dette er ein fjordhest med mange gode eigenskapar for dressur! <\/strong><\/p>\n<p><em>Tekst: Ingvild Rydjord Hansen Foto: Juliane Kingren<\/em><\/p>\n<p>Hallmeisterskapen for unghest vart arrangert f\u00f8rste helga i november p\u00e5 Epona Ryttersenter i Kristiansand. Dette er ein meisterskap som er ope for hestar av alle raser, og dei vert d\u00f8mde etter dei kvalitetane dei har som dressurhestar b\u00e5de no og i framtida.<\/p>\n<p>Dei fem \u00e5r gamle hestane vert ridd i FEI sitt innleiande program for 5-\u00e5ringar, der niv\u00e5et tilsvarar LA. Til skilnad fr\u00e5 ein vanleg dressurkonkurranse, f\u00e5r ikkje ekvipasjen karakterar p\u00e5 dei ulike \u00f8vingane dei utf\u00f8rer. Her er det hesten som vert d\u00f8mt, og den f\u00e5r karakterar for skritt, trav, galopp, kontakt\/lydigheit og potensiale som dressurhest. Dommarane som d\u00f8mte \u00e5rets hallmeisterskap var norske Rune M\u00e6le og Anne Grundvig og belgiske Dominique Rimanque.<\/p>\n<p><strong>F\u00f8rste fjordhest<\/strong><\/p>\n<p>P\u00e5 startlista for fem\u00e5rsklassen fann vi seks hestar \u2013 ein av dei var ein fjordhest. Fem \u00e5r gamle Fagermann e. Kuling u. L\u00f8kling Ninrosa ue. Bj\u00f8rktind stilte til start med eigar og ryttar Sigrid Elise Skorve Larsen.<\/p>\n<p>Det har ikkje tidlegare vore vist fjordhest i hallmeisterskapen for unghest, men dette hindra ikkje Sigrid fr\u00e5 \u00e5 m\u00f8te med Fagermann. \u00abDu veit ikkje kva som bur i hesten f\u00f8r du har pr\u00f8vd, s\u00e5 kvifor setje avgrensingar for hesten f\u00f8r du veit kva den er god for?\u00bb seier ho.<\/p>\n<p>I konkurransen m\u00f8tte Fagermann fleire av landets mest lovande hestar innan dressursporten, inkludert hestar som har representert Noreg i VM for unghest \u00abVi bevegde oss over i eit for oss veldig framand milj\u00f8, med framande folk og heilt andre typar hestar enn vi er vande med \u00e5 m\u00f8te i andre konkurransar\u00bb seier Sigrid.<\/p>\n<div id=\"attachment_9101\" style=\"width: 1090px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-9101\" class=\"wp-image-9101 size-full\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6126web.jpg\" alt=\"\" width=\"1080\" height=\"720\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6126web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6126web-980x653.jpg 980w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6126web-480x320.jpg 480w\" sizes=\"auto, (min-width: 0px) and (max-width: 480px) 480px, (min-width: 481px) and (max-width: 980px) 980px, (min-width: 981px) 1080px, 100vw\" \/><p id=\"caption-attachment-9101\" class=\"wp-caption-text\">Sigrid Elise Skorve Larsen og Fagermann er f\u00f8rste fjordhestekvipasje som deltek i hallmeisterskapen for unghest (Foto: Juliane Kingren)<\/p><\/div>\n<p><strong>Albatrossar i magen<\/strong><\/p>\n<p>Sigrid kan fortelje at heilt fr\u00e5 \u00e5rets Fjordhest-NM var over, var det neste m\u00e5let \u00e5 ta Fagermann med seg til hallmeisterskapen for unghest. Sj\u00f8lv om dei hadde f\u00f8rebudd seg godt, blant anna ved \u00e5 starte fleire dressurkonkurransar i tida f\u00f8r meisterskapen, var ho sv\u00e6rt nerv\u00f8s f\u00f8r konkurransen.<\/p>\n<p>\u00abF\u00f8r vi skulle inn for \u00e5 ri programmet v\u00e5rt den f\u00f8rste dagen var eg ekstremt nerv\u00f8s\u00bb seier Sigrid. \u00abAndre snakkar om sommarfuglar i magen, men eg hadde ein flokk albatrossar!\u00bb ler ho.<\/p>\n<p>\u00abDessverre er det alltid ein risiko n\u00e5r ein startar med fjordhest blant \u00abdei store brune\u00bb at ein f\u00e5r negative tilbakemeldingar berre fordi ein rir den hesten ein rir\u00bb seier ho. Marerittet hennar var nettopp at dette skulle skje, men opplevinga kunne ikkje vore stort annleis. F\u00f8rste dag oppn\u00e5dde Sigrid og Fagermann heile 70,4% og vart nummer 4 av 6 startande.<\/p>\n<p>\u00abEg hadde eit m\u00e5l om \u00e5 klare \u00e5 ri Fagermann i takt og balanse, og f\u00e5 vist fram det som bur i han\u00bb seier Sigrid. \u00abD\u00e5 eg rei opp midtlinja etter at programmet var over, tenkte eg at prosent fekk vere prosent, for hesten gjekk heilt fantastisk godt.\u00bb<\/p>\n<p><strong>Tok st\u00f8rre sjansar i finalen<\/strong><\/p>\n<p>F\u00f8r ho skulle ut og ri FEI sitt finaleprogram for 5-\u00e5ringar s\u00f8ndag, brukte Sigrid tida p\u00e5 \u00e5 lese igjennom tilbakemeldingane dei fekk laurdag og legge ein plan. \u00abEg ville vise dommarane at eg hadde tatt til meg tilbakemeldingane deira, og at eg kunne vise Fagermann enno betre fram\u00bb seier ho.<\/p>\n<p>S\u00f8ndag tok Sigrid litt st\u00f8rre sjansar for \u00e5 kunne vise fram enno meir av det som bur i Fagermann. Dette gjorde at ho fekk nokre litt st\u00f8rre feil enn laurdag, men ogs\u00e5 at han bar seg litt betre, slik dommarane hadde ynskt. S\u00f8ndag oppn\u00e5dde dei 67,6% og fekk ein femteplass i klassen. Totalt i hallmeisterskapen vart dei nummer fire.<\/p>\n<p>I hallmeisterskapen vert hestane d\u00f8mt likt uavhengig av rase, og Sigrid meiner det korkje er ein fordel eller ei ulempe \u00e5 ri fjordhest. \u00abI dressur er m\u00e5let at alle hestar skal f\u00f8lgje den same utdanningsskalaen, og tilbakemeldingane vi f\u00e5r handlar difor om korleis den enkelte hesten egnar seg til nettopp dressur\u00bb seier ho. Det dommarane la godt merke til hos Fagermann var at han hadde god rytme, var lydig, godt presentert og korrekt ridd. \u00abEi slik tilbakemelding er det sj\u00f8lvsagt veldig stas \u00e5 ta med seg heim\u00bb seier Sigrid.<\/p>\n<div id=\"attachment_9102\" style=\"width: 1090px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-9102\" class=\"wp-image-9102 size-full\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6144web.jpg\" alt=\"\" width=\"1080\" height=\"720\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6144web.jpg 1080w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6144web-980x653.jpg 980w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6144web-480x320.jpg 480w\" sizes=\"auto, (min-width: 0px) and (max-width: 480px) 480px, (min-width: 481px) and (max-width: 980px) 980px, (min-width: 981px) 1080px, 100vw\" \/><p id=\"caption-attachment-9102\" class=\"wp-caption-text\">Fagermann fekk fine kommentarar fr\u00e5 dommarane i hallmeisterskapen (Foto: Juliane Kingren)<\/p><\/div>\n<p><strong>Bestilte han p\u00e5 puben<\/strong><\/p>\n<p>Fagermann har vore hos Sigrid sidan han var f\u00f8l. \u00abHan er eit bestillingsf\u00f8l som vart avtalt p\u00e5 puben p\u00e5 hingsteutstillinga\u00bb ler Sigrid, og fortel at denne kombinasjonen vart plukka ut d\u00e5 ho likar faren Kuling godt, og at mor hans, L\u00f8kling Ninrosa, er heils\u00f8ster til hennar sin gamle konkurransehest Haram Romio.<\/p>\n<p>\u00abHan er litt av ein ulukkesfugl, som har kosta meg eit par hundre tusen i veterin\u00e6rutgifter i l\u00f8pet av sitt unge liv\u00bb seier Sigrid, og legg flirande til: \u00abS\u00e5 dei som s\u00e5g meg p\u00e5 hallmeisterskapen og trudde eg kom med ein billeg hest tok skammeleg feil!\u00bb<\/p>\n<p>Blant skadane Fagermann har klart \u00e5 p\u00e5dra seg, er nok den verste at han mista halve tunga etter \u00e5 ha blitt bitt av ein annan hest. Dette fungerer han likevel godt med i dag, sj\u00f8lv om det var litt kritisk d\u00e5 det sto p\u00e5.<\/p>\n<p><strong>Eigenskapar ikkje alle har<\/strong><\/p>\n<p>Sigrid skildrar Fagermann som ein ukomplisert hest som tek livet med ro, er enkel \u00e5 transportere, og som er v\u00e5ken og ridbar samstundes som han er st\u00f8dig. Han har ikkje vorte ridd aktivt lengre enn sidan mars i \u00e5r, men han har tatt dette veldig fort.<\/p>\n<p>Den f\u00f8rste konkurransesesongen til Sigrid og Fagermann har g\u00e5tt veldig bra, og dei har vunne fleire dressurklasser. P\u00e5 Fjordhest-NM i Drammen vart Fagermann nummer to i BUF-klassa for fem\u00e5ringar, etter \u00e5 b\u00e5de ha vunne dressuren og k\u00f8yrd feilfritt i presisjon. \u00abFagermann viste tidleg at han har eigenskapar som ikkje alle andre hestar har, og det har han verkeleg f\u00e5tt bevist i denne stemnesesongen\u00bb seier Sigrid.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<div id=\"attachment_9103\" style=\"width: 730px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-9103\" class=\"wp-image-9103 size-full\" src=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6159web.jpg\" alt=\"\" width=\"720\" height=\"1080\" srcset=\"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6159web.jpg 720w, https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-content\/uploads\/2021\/11\/008A6159web-480x720.jpg 480w\" sizes=\"auto, (min-width: 0px) and (max-width: 480px) 480px, (min-width: 481px) 720px, 100vw\" \/><p id=\"caption-attachment-9103\" class=\"wp-caption-text\">Sigrid og Fagermann vart nummer fire i hallmeisterskapen (Foto: Juliane Kingren)<\/p><\/div>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Med eigar og ryttar Sigrid Elise Skorve Larsen, starta fem \u00e5r gamle Fagermann e. Kuling hallmeisterskap for unghest som f\u00f8rste fjordhest nokon sinne. Han reiste heim med gode skussm\u00e5l \u2013 dette er ein fjordhest med mange gode eigenskapar for dressur!<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":9103,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"class_list":["post-9100","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-siste-nytt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9100","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9100"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9100\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":9105,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9100\/revisions\/9105"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media\/9103"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9100"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9100"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/fjordhest.net\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9100"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}