Fjordhest-NM

 

Fjordhest-NM er ein kombinert konkurranse der formålet er å fremje allsidig bruk av fjordhesten. Konkurransen består av ulike ride- og køyreøvingar tilpassa fjordhesten sin eigenart, slik at ekvipasjen sine allsidige ferdigheiter vert vektlagde. Stemnet er underlagt Norges Rytterforbund, og statuttane godkjennast av dei etter revisjon frå styret i Norges Fjordhestlag. 

Klasser

Dei offisielle meisterskapane er NM senior, NM junior, NM ungrytter og NM lag. Greinmeisterskapa i køyring, sprang og dressur er tilrettelagde for ekvipasjer som er spesielt gode i enkeltdisiplinar. Dei har ikkje NM-status, men fyl dei same relglane som for resten av NM.

Beste unge fjordhest (BUF) er tilrettelagd for unghestar i alderen 4-6 år. Dei har heller ikkje NM-status, men er tenkt å skape større interesse i marknaden for unghest, oppmuntre folk til å buke unghesten sin, samt premiere dei beste individa. 

NM si historie

Det første stemnet som vert ansett for å vere eit NM vart arrangert i Førde i 1986. Den gongen vart det kalla nasjonalt fjordheststevne, og likna nok meir ein fylkesmeisterskap enn ein Noregsmeisterskap. Men det var ein god start på noko som skulle bli stort, for ein haldt fram å arrangere stemnet år etter år.

Fjordhest-NM vart stadig større, innehaldt fleire greiner, klasser og deltakarar, og hadde større geografisk breidde. På 90-talet byrja stemnet å danne den forma det har i dag, med deling i junior og senior og større fokus inn mot Norges Rytterforbund sine greiner.

Nivået vart stadig høgare, og frå 1994 vart kvalifikasjonskrav innført. Det var ofte protestar når krava vart spissa, og ein vart beskulda for å legge ambisjonane for høgt og krevje for mykje av fjordhesten. Stemnet haldt fram, og tal på både klasser og deltakarar auka jamnt og trutt.

Frå slutten av nittitalet, byrja ein med ei såkalla NM-veke, med ekstra klasser som gjorde at stemnet varte over 5-7 dagar. Stemnet har sidan halde denne forma, og det vert framleis gjort forbetringar på både klassesamansetning og gjennomføring.

Fjordhest-NM vert stadig meir populært, og har vekse til eit stemne med opp mot 150 deltakande ekvipasjer. Med breidda av greiner er det eitt av landets største stemner, og er svært populært. Stemnet har høg status, både blant fjordhestfolk og hestefolk generelt.