Som medlem av Norges Fjordhestlag er du med på å støtte godt og viktig arbeid som vert gjort for å fremje fjordhesten. Du får delta på årsmøtet, og såleis vere med å påverke korleis Norges Fjordhestlag skal arbeide. Du får også anledning til å delta på haustmøtet, eit årleg møte der det vert teke opp aktuelle saker som handlar om avl og bruk av dei særnorske hesterasane. Som medlem kan du også delta på dei ulike meisterskapa for fjordhest, og du kan søke om ulike tilskot, til dømes for bedekking av tre- og fireårshopper.

Fire gongar i året vil du få tilsendt medlemsbladet «Fjordhesten», som består av artiklar frå store og små fjordhestarrangement som hingsteutstilling, hoppeutstillingar, NM for fjordhest og Nordisk meisterskap for fjordhest. Bladet inneheld også fagleg stoff om hest generelt og fjordhest spesielt.

Alle medlemmer i Norges Fjordhestlag får 5% rabatt på hesteforsikring i Agria Forsikring.

Vi oppfordrar alle medlemmer av Norges Fjordhestlag til også å melde seg inn i og engasjere seg i lokal- og fylkeslaga.

Du kan melde deg inn ved å fylle inn skjemaet under, sende ein mail til post@fjordhest.no eller ringje Norges Fjordhestlag sitt kontor på 57 86 48 00. Ver venleg å oppgje namn, adresse, fødselsår og kva for type medlemsskap du ynskjer.

Klikk her for å gå til innmeldingsskjema

Medlemsprisane er som følgjer:

Hovudmedlem kr. 600,- Får medlemsbladet  Fjordhesten
Ungdomsmedlem (t.o.m. 25 år) kr. 250,- Får medlemsbladet  Fjordhesten
Barnas Fjordhestlag kr. 150,- Får medlemsbladet Fjordhesten
Husstandsmedlem kr. 150,- Får ikkje medlemsbladet.
Utanlandsk medlem kr. 600,- Får medlemsbladet  Fjordhesten
Lagsmedlemskap kr. 600,- For lokal-, distrikts- og fylkeslag.

SPONSORAR

advertisement advertisement