Norges Fjordhestlag

Norges Fjordhestlag vart skipa i 1949, og er ein medlemsorganisasjon som arbeider for avl og bruk av fjordhest, samt å styrke fjordhesten sin posisjon nasjonalt og internasjonalt. Laget er inndelt i fylkes-, distrikts- og lokallag, som arbeider for fjordhesten på lokalt plan.

Laget har eit styre, eit aktivitetsutval, eit avlsutval og eit marknadsføringsutval (sjå eigne infosider under «Styre og utvalg»). Utvala jobbar spesielt med oppgåver innanfor deira felt. Laget har kontor og sekretærteneste knytt til Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.


Kva gjer Norges Fjordhestlag?

Norges Fjordhestlag arbeider for å fremje fjordhesten innan avl og bruk. Laget arbeider også opp mot styresmaktene for å oppnå så gode økonomiske og faglege rammer som råd for det viktige nasjonale arbeidet for fjordhesten. I tillegg har Norges Fjordhestlag mange andre oppgåver:

 

  • Arrangerer årleg landsutstilling for fjordhingstar på Nordfjordeid
  • Oppnemner dommarar og kåringsnemnd
  • Arbeider med utvikling av Avlsplan for fjordhest gjennom ein revideringsplan med fireårsintervall
  • Samarbeider med dei andre nasjonale raseorganisasjonane i saker som fremjar felles interesser
  • Arrangerer årleg Haustmøte – medlemsmøte for medlemmene i Norges Fjordhestlag, Landslaget for Dølahest og Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest
  • Utformar statuttane til NM for Fjordhest og samarbeider med øvrige nordiske land om statuttar for Nordisk meisterskap for Fjordhest
  • Står for premiar til NM og Nordisk meisterskap for Fjordhest
  • Har utarbeidd regelverk for Skeid, dei nasjonale hesterasane sin sport og signaturaktivitet
  • Gjennomfører styremøte og møte i avls-, aktivitets- og marknadsføringsutval
  • Arrangerer årsmøte i organisasjonen i mai kvart år
  • Har faste møter med dei andre nasjonale raseorganisasjonane jamnleg
  • Arrangerer oppvisningar på ulike små og store hestesportsarrangement for å promotere rasen
  • Står for drift av Fjordhestportalen – nettsida fjordhest.no i samarbeid med AS Norsk Fjordhestsenter, driftar Norges Fjordhestlag si facebook-side, Hingstekatalogen og fjordhestforumet
  • Står for nettbutikk for sal av promoteringsartiklar
  • Gir ut medlemsbladet «Fjordhesten» fire gongar i året
  • Gir ut nyheitsbrev i e-post fleire gonger i året når det er særlege saker å melde
  • Legg til rette for auka aktivitet med unghest, blant anna gjennom prosjektet «Fokus unghest» i samarbeid med dei andre nasjonale raseorganisasjonane
  • Arbeider for å oppfylle måla i «Handlingsplan for dei nasjonale hesterasane»
  • Etablerer og søkjer støtte til ulike prosjekt gjennom året med sikte på avlsfagleg og organisatorisk utvikling

I tillegg føregår det mykje arbeid og aktivitetar i dei forskjellige fylkes-, distrikts- og lokallaga. Arrangering av hoppe- og unghestutstillingar over heile landet er ein stor del av arbeidet, i tillegg til å arrangere NM og Nordisk for Fjordhest. Lokallaga har også andre aktivitetar, retta mot alle som har eller er interessert i fjordhest.

SPONSORAR

advertisement advertisement