Marknadsføringsutvalet i Norges Fjordhestlag 2020

Ben Hjelmervik 
2436 Våler
95 10 29 72
benhjel@online.no


Vilja Forseng Flatås
Brennvollvegen 69
8672 Elsfjord
915 43 635
vilja5@hotmail.com

Mie Austad
Brennabakken 34
2480 Koppang
918 39 249

Marknadsføringsutvalet

Marknadsføringsutvalet er eit styreoppnemnd utval som har ansvar for marknadsføring av fjordhesten og Norges Fjordhestlag.

Styret i NFL vel leiar i utvalet, men utvalet vel sjølv øvrige funksjonar for sine medlemmar. Utvalet har ansvar for å halde styret oppdatert på utvalet sitt arbeid og sjå til at økonomise rammer for utvalet vert helde.

Møta i marknadsføringsutvalet skjer ved fysiske møter, telefonmøter og anna digital dialog.

Marknadsføringsutvalets arbeidsform og hovudoppgåver:

Utvalet legg sjølv opp ein plan for sitt arbeid og tildeler medlemmane oppgåver og ansvarsområder. Ved behov kan utvalet også oppnemne ressurspersonar utanfor utvalet til å hjelpe seg til å utføre ein del av dei oppgåvene dei ynskjer å gjennomføre.

Stand – På større arrangement i regi av NFL eller der fjordhesten deltek, som hingsteutstilling, NM, landsfinala for unghest og Haustmøtet, skal NFL ha stnad som utvalet har ansvar for. Stand utover dette bør utvalet sjølv vurdere om dei har ynskje om eller kapasitet til å vere til stade på.

Produktutval – Utvalet skal ha ei utval av produkt med logo og motiv av fjordhesten, som både kan seljast via nett og på stand. Utvalet vel sjølv sitt sortiment, men dette bør inkludere utstillingsskjorter, slips og vestar, samt genser allereie utvikla for NFL.

Sosiale media – Utvalet har ansvar for å synleggjere fjordhesten og arrangement på Instagram og Favebook. Utover dette kan utvalet også velje å gjere tilsvarande arbeid/promotering på andre digitale plattformar.

Utover desse oppgåvene er det ynskjeleg at marknadsføringsutvalet samarbeidar med aktivitetsutval og avslutval om kva for synleggjere som er ynskjeleg på ulike arrangement, slik at NFL sine gode samla mål for hesten og organisasjonen vert synt fram.

Haustmøtet og årsmøtet er ein arena der marknadsføringsutvalet presenterer sitt arbeid og hentar ynskjer frå medlemmane om produkter og tiltak dei kan arbeide med.

Marknadsføringsutvalet kan velje å utarbeide ein strategi for sitt arbeid. Dei skal lage ein årleg tiltaksplan som leggast fram for styret i Norges Fjordhestlag i løpet av hausten for godkjenning og økonomisk ramme for neste år.