Beste Unge Fjordhest – avkomspremie

Solli Gråen

  • fødd 2003, død 2012
  • e. Lunner Gråen u. Veslegråa Vidvei ue. Breim Viking Vidvei
  • Eigar: Gro G. og Trond Løfaldli, Rindalskogen
  • Oppdrettar: Jonna Rogstad, Hovin i Gauldal

Premierte avkom i BUF:

  • Lyheims Lindy – Nr. 3 BUF 4 år
  • Råds Gråa  – Nr. 2 BUF 6 år
  • Solli Rhea – Nr. 3 BUF 4 år
  • Skogheims Linnea – Nr 2. BUF 6 år
  • Hauglands Helmik – Nr 3. BUF 6 år

Om hingsten:

Stilt til kåring i 2006 av Gro og Trond Løfaldli, som kjøpte han som føl. Han oppnådde kåringsgrad og sto som nr. 2 i kvalitet med den flotte rekka 9-9-8-8-8. Han vart seld til Ørsta og Volda Fjordhestlag etter utstillinga. Han vart stilt igjen i 2007 med ei meget god utvida bruksprøve, og oppnådde 2. premie og vart stilt som nummer 2 i kvalitet med karakterande 9-9-8-7-8 og 10 på lynne. Han fekk fornya sin 2. premie i 2009.

Solli gråen har vore ein sterk påevrkar i avlen og har 57 registrerte avkom. Blant dei finn vi to 1. premiehopper, fem 2. premiehopper, ni 3. premiehopper, ein 2. premiehingst og ein 3. premiehingst. Under desse hoppene har det mellom anna kome to 1. premiehopper og ein kåra hingst. 

Gro og Trond Løfaldli kjøpte han tilbake, og eigde han til han vart skada og seinare avliva etter ei ulukke i 2012. Solli Gråen er den einaste hingsten som har fått BUF avkomspremie. 

Aarnesblakka

  • Fødd 1992
  • e. Susar u. Stella e. Norden
  • Eigar: Asle Espe, Nordfjordeid
  • Oppdrettar: Sigmund og Nina K. Aarnes, Stryn

Premierte avkom i BUF:

  • Flemming – Nr 1 BUF 4, 5 og 6 år
  • Espe Helten – Nr 2 BUF 4 år og nr 3 BUF 6 år

Om hoppa:

Aarnesblakka har vore ei solid avlshoppe, og har fått heile 15 avkom på 18 år. Blant desse finn vi 3. premiehingsten Flemming, 2. premiehoppa Espe Lilja og 3. premiehoppa Espe Ninni.

 

Bø Marja

  • Fødd: 1994
  • e. Heidrapp u. Janka e. Dragmann
  • Eigar: Nina Erichsen
  • Oppdrettar: Jonfinn Bø

Premierte avkom i BUF:

  • Bakkens Mali – Nr 2 BUF 6 år
  • Bakkens Fabius – Nr 3 BUF 5 år
  • Bakkens Tord – Nr 3 BUF 5 år og Nr 1 BUF 6 år

Om hoppa:

Bø Marja er den første hoppa som oppnådde avkomspremie i BUF. I tillegg til å avle gode brukshestar har ho og vore ei sterk avlsmerr og har avla godt eksteriør og preg. Ho har to førstepremieavkom, hoppa Myklemøy og hingsten Mykletind. Ho er også mor til 2.pr hoppa Bakkens Mali og Bakkens Tord som fekk 2.pr i vallak-klasse.

 

Daysy

  • Fødd: 1990
  • e. Keisar u. Folly e. Engeseten
  • Eigar: Jonas Vevle, Valestrandsfossen
  • Oppdrettar: Hermund Hanisdal, Valestrandsfossen

Premierte avkom i BUF:

  • Erling Rabalder – Nr. 3 BUF 6 år
  • Greven – Nr. 3 BUF 4 år

Om hoppa:

Daysy har påverka fjordhestavlen stort med sine mange avkom. Ho har heile fem kåra/premierte hingstar etter seg, i tillegg til tre hopper som har gått i avl. Ho er mor til 1. premiehingsten Ronnjo og 1. premiehoppa Wilma Solberg, 2. premiehingstane Kollistaen og Hermanto og 3. premiehingstane Fiskarguten og Greven.

 

Husvegline

  • Fødd 1999
  • e. Prydar u. Lona e. Støylar
  • Eigar: Langedrag Naturpark, Tunhovd
  • Oppdrettar: Sverre Varhaug, Varhaug

Premierte avkom i BUF:

  • Fønix – Nr. 3 BUF 5 år og Nr. 2 BUF 6 år
  • Nesviks Liana – Nr. 1 BUF 4 år

Om hoppa:

Husvegline er ei 1. premiehoppe med 9 avkom, herunder 2. premiehoppa Nesviks Linnea, 3. premiehoppene Nesviks Lenda og Nesviks Liana og Nesviks Sebastian som hadde kåringsgrad i 2013.

Lana Skovå

  • Fødd: 2005
  • e. Florian Skovå u. Cille Halsnæs e. Ørjar
  • Eigar: Annike Mikkelsen, Gressvik
  • Oppdretta i Danmark

Premierte avkom i BUF:

  • Nesviks Lano – Nr. 3 BUF 4 år, Nr. 2 BUF 5 og 6 år
  • Blåtopps Lilja – Nr. 1 BUF 4 år, Nr. 2 BUF 5 år

Om hoppa:

Lana Skovå er ei 2. premiehoppe som har vore aktivt i bruk i både avl og sport. Ho har seks avkom, herunder 3. premiehoppa Blåtopps Lilja, og Blåtopps Linus som vart kåra i 2020.

 

Selma Ros

  • Fødd 2002
  • e. Viljar Brim u. Selma Heidi e. Haugjo
  • Eigar: Åse Helene Ravndal, Sandnes
  • oppdretter Oddvar Rosland, Orre

Premierte avkom i BUF:

  • Kuling – Nr. 2 BUF 5 år og  BUF 6 år
  • Yr – Nr. 1 BUF 5 år

Om hoppa:

Selma Ros har fått fem avkom, herunder 2. premiehingsten Kuling og 1. premiehoppa Yr.

 

Siri Hero

  • Fødd 2000
  • e. Kim Hero u. Mykla Stine e. Tonar
  • Eigar: Anne Brit Balevik, Balestrand
  • Oppdrettar: B. Strandenes & Helge Heggheim

Premierte avkom i BUF:

  • Lyheims Lindy – Nr. 3 BUF 4 år
  • Lyheims Stjerneskudd – Nr. 3 BUF 5 år
  • Lyheims Faust – Nr. 2 BUF 4 år

Om hoppa:

Siri Hero er ei hoppe med god bedømming frå unghestskue som har avla fleire gode avkom. Ho er mor til  2. premiehoppene Lyheims Lindy og Lyheims Leika, 3. premiehoppene Lyheims Stjerneskudd og Lyheims Linnea. Siri Hero har også sjøvl delteke på stemner i dressur og sprang.