Fjordhesten sine fargar og avteikn

Fjordhesten sitt fremste kjenneteikn er den karakteristiske, blakke fargen. I lang tid har det vorte avla bevisst på blakke fjordhestar, og resultatet av det er at alle fjordhestar i verda i dag ber den flotte, blakke urfargen. Fem variantar av den blakke fargen er tillatt på fjordhest: brunblakk, raudblakk, ulsblakk, gulblakk og grå.

Blakke hestar får spesielle avteikn som ikkje andre hestar får. Desse er kalla urteikn, og gjer det lett å kjenne att ein blakk hest. Ålen, ei mørk stripe som går frå haletupp til lugg, er eit slikt urteikn. Den mørke stripa i manen vert kalla midtstol, og det mørke i halen heiter halefjør.  Andre urteikn er sebrastriper på beina, mørke øyretuppar, grep (mørk stripe over manken) og njålsmerke (mørk flekk på kinnet).

Brunblakk er den mest vanlege fargen. Om lag 85% av alle fjordhestar er brunblakke, men fargen kjem – som dei andre fargane – i mange ulike nyanser. Brunblakke fjordhestar har gyldenbrunt hårlag, brun ål over ryggen og svart midstol og halefjør.

Raudblakke hestar har raudleg hårlag, og manglar svart pigment. Midtstol og halefjør på raudblakke hestar er raudleg, men kan også vere nesten like ljos som resten av man og hale.

Grå hestar er grå i hårlaget, og dei har ofte mørkegrått muleparti. Midtstol, ål og halefjør er svarte.

Ulsblakke hestar har tilnærma kvitt hårlag, brun ål og svart midstol og halefjør.

Gulblakke hestar har tilnærma kvitt hårlag og heilt ljos eller svakt raud ål, midtstol og halefjør. Sidan gulblakke hestar ofte er svært ljose, kan mange av avteikna deira vere utydelege.

Kort om fargegenetikk

Mange som ventar føl lurer på kva farge følet kan få. Kva for ein av fargane ein fjordhest får, kjem an på kva gener foreldra dens har, og det er ofte ikkje nok å sjå på fargen til foreldra.

Grå fjordhestar manglar genet som avgrenser svart pigment til delar av kroppen. Begge foreldra må ha anlegg for grått for å kunne få eit grått avkom. Dersom forelderen til ein hest er grå eller den tidlegare har gjeve grå avkom sjølv, veit ein at denne kan gje grått.

Raudblakke fjordhestar manglar svart pigment. For at ein hest skal kunne verte raudblakk, må begge foreldra ha anlegg for raudt. Ein veit at ein hest har anlegg for raudt dersom den tidlegare har gjeve raudblakke avkom, eller dersom den har ein forelder som er raud- eller gulblakk.

Genet som gjer ein hest ulsblakk eller gulblakk heiter gulgenet/cremegenet. Dette genet bleikar raudt pigment, og er difor ikkje synleg på grå fjordhestar. Ein brunblakk hest med gulgen vil verte ulsblakk, og ein raudblakk hest med gulgen vil verte gulblakk. Dette genet kan ikkje hoppe over ein generasjon eller ligge skjult (bortsett frå på grå fjordhestar), så for at ein hest skal verte gulblakk, ulsblakk eller grå med skjult gulgen må ein av foreldra ha dette genet. Ein hest med gulgenet vil statistisk sett nedarve dette til 50% av sine avkom.