Verktøykassa for lokallag

Verktøykassa “Fokus på lokallaga”

Bakgrunn:

I 2006-2007 arbeidde ei gruppe med eit hefte kalla “Fokus på lokallaga”. Gruppa var samansett av Jorunn Alme frå Osterøy Fjordhestlag, Hedda Smukkestad frå Telemark Fjordhestlag og Oddvar Vassliås frå Dalsfjorden/Ytre Sogn Fjordhestlag. Gruppa fekk i mandat å kartlegge kva aktivitet dei ulike laga dreiv med, kva aktivitet dei ønskte å driva med i framtida, kva dei ulike laga meinte Norges Fjordhestlag kunne gjere for å stimulera til aktivtet og å kartlegge om dei ulike laga har medlemskontigent.

Styret er klare på at lokallaga er grunnsteinen og sjølve motoren i organisasjonen. Norges Fjordhestlag er avhengig av aktive og sterke lokallag som gjer verdifullt arbeid for å fremje fjordhesten lokalt. Styret meiner at tida er moden for igjen å setje fokuset på lokallaga.
Etter årsmøtet i mai 2016 hadde vi eit medlemsmøte der deltakarane kom med mange gode forslag til aktivitetar og tiltak. På bakgrunn av dette har styret sett saman ei samling av ulike tema som kan vere til hjelp for lokallaga. Tips til aktivitetar er inspirert av kva andre lokallag driv med. Tanken er at laga kan hjelpe og inspirere kvarandre.
Verktøykassa du no held i hendene er ein start på noko som kan vere til inspirasjon og nytte. Verktøykassa skal vere til hjelp for oppstart av nye lag. Ho skal også vere ein idébank både for aktive lag og for lag med mindre aktivitet.
Dette er starten. Verktøykassa skal utviklast vidare. Kom gjerne med forslag til nye tips og verdifulle idéar vi kan inkludere, som kan vere til nytte for fleire.

Styret ynskjer aktive, sunne lokallag i alle distrikt. Fjordhesten treng oss!

Kapittel 1 -Organisering av lokallaget er fundamentet for utvikling

Kapittel 2 -Døme på aktivitetar og arrangement som laget kan arrangere

Kapittel 3 – Ulike støtteordningar for frivillige lag og organisasjonar

Kapittel 4 – NM for Fjordhest

Kapittel 5 – Skeid – informasjon og retningsliner

Kapittel 6 – Barnas Fjordhestlag

Mal: for årsmelding

Mal: Referat frå styremøte

Normalvedtekter for lokallag

Mal: Innkalling til styremøte

SPONSORAR

advertisement advertisement