Avlsplan

Avlsplanen for Fjordhest legg grunnlaget for alt avlsarbeid. Fjordhesten fekk sin første avlsplan i 1995, og den gjeldande avlsplanen vart vedteken i 2022.

Den overordna avlsmålsetjinga for fjordhesten er følgjande: «Gjennom reinrasa avl har Norges Fjordhestlag som formål å ta vare på særpreget og mangfaldet til fjordhesten og vidare avle fram ein sunn og funksjonsdyktig hest. For fjordhesten vil dette seie å sikre ein langsiktig avlsframgang for eigenskapane i avlsmålet. Avlsplanen skal medverke til eit tenleg og planfast arbeid for rasen og brukarane, noko som vil sikre ei langsiktig forvaltning av populasjonen.»

Trykk her for å laste ned den norske versjonen

Click here to download the English version of the breeding plan